FOTO: Nicolas Vigier

Terroren som forsvann

Når vi les om den venstreradikale terroren som herja Europa på 1970-talet og fleire tiår etter, er det slåande kor lik situasjonen var samanlikna med dagens trugsmål frå ytterleggåande islamistar.

Eg har nett gjort meg ferdig med Astrid Sverresdotter Dypvik si fengslande bok Berlinhistorier: Kald krig i den delte byen. Det er lenge sidan eg har lese ei så god bok, men det skal eg kome tilbake til.

For ein som er fødd i 1991, er det ikkje alltid like lett å vite korleis verda såg ut før muren fall. Spesielt gjeld dette den militære spenninga, trugsmåla og farane som følgde med den kalde krigen. At folk var redde på ordentleg. At menneske måtte velje mellom to sivilisasjonsformer, viss dei i det heile tatt fekk velje.

Bildetekst
Astrid Sverresdotter Dypvik har skreve om den kalde krigen i Berlin.

For oss som er unge i dag er det lett å tenke at terror er eit nytt fenomen. Både UiB-professor Jan Oskar Engene og Adrian Gallagher ved Leeds University har vore inne på dette tidlegare: Fakta og statistikk viser at terroren ramma oftare før. Mange ser ut til å gløymt at terrorangrep var meir vanleg på 70- og 80-talet enn det er i dag. Eg er sjølv blant dei som stadig gjer denne feilen.

Derfor er det så viktig når dyktige forfattarar skriv gode bøker om historia, slik Dypvik har gjort om Berlins etterkrigshistorie. I boka fortel ho historiene til ei rekke einskildmenneske som levde liva sine i byen som var sjølve symbolet på den kalde krigen. Historiene som Dypvik har vald for prosjektet sitt er både interessante og spektakulære. Alle som ein fortel ei høgst interessant historie.

Historiene blir presentert i ei noko lunde kronologisk rekkefølge frå slutten av andre verdskrigen der Berlin låg i ruinar, starten på det som skulle bli DDR og vidare heilt fram til Berlinmuren fall. Vi får bli kjend med tidlegare agentar for den frykta tryggingstenesta i Aust-Tyskland – Stasi. Vidare blir vi nærare kjend med dei som fekk i oppgåve å bygge opp den austtyske staten, kunstnarsjeler som ikkje fekk leve frie liv i DDR, menneske som tok på seg oppgåva med å smugle flyktningar til den andre sida av muren og sentrale politiske aktørar i vest.

Den historia eg syns var mest interessant, er den som handlar om Karl Heinz Dellwo og dei dødbringande venstreradikale terrorgruppene tilknytt Rote Armee Fraktion (RAF). Dette er på mange måtar historia om terroren som forsvann, men som var frykteleg og øydeleggande for alle som opplevde den.

Frå 1972 til 1993 gjennomførte RAF ei rekke aksjonar i Vest-Tyskland og Vest-Europa som tok livet av minst 34 personar. Liknande organisasjonar gjorde også grufulle angrep mot sivile, tenestepersonar, politi og politikarar.

Dypvik reiser til Hamburg for å møte ein terrorist som har sona over 20 år i fengsel for terroren han var med på. Foto: Samlaget.

I boka får vi bli med Dypvik når ho reiser til Hamburg for å møte Dellwo, der han bur etter å ha sona over 20 år i fengsel for terroren han var med på saman med terroristane i RAF. Dypvik brukar eit godt grep når ho vekslar mellom å skildre det verste terrorangrepet Dellwo var med på, i Stockholm i 1975, og korleis han no lever eit tilnærma normalt liv i Hamburg med sambuaren sin.

Dellwo var med på å ta elleve gislar på den vest-tyske ambassaden i Stockholm i 1975. Gisseltakinga var eit forsøk på å presse vest-tyske styresmakter til å sette fri fleire venstreradikale terroristar som sat fengsla, men utvikla seg til eit mareritt for både vest-tyske styresmakter og terroristane. Gisseltakarane avretta to av diplomatane ved ambassaden. Deretter gjekk heile ambassaden i lufta. Ein av terroristane døydde i eksplosjonen, medan Dellwo og dei andre vart arrestert.

Det mest interessante med historia om Dellwo og RAF er kor store likskapar den har med den islamistiske terroren som har ramma Europa dei siste åra. Terroren den gongen var motivert av eit mål om å styrte den vesttyske samfunnsordninga. Terroristane fekk støtte og fritt leide bak Jernteppet. Dellwo skildrar ei sterk kjensle av avsky og ein ubøyeleg vilje til å ikkje tilpasse seg det samfunnet han mislikte så sterkt.

Den gong som i dag skapte terroristane frykt og splitting i samfunnet dei angreip. Den gong som i dag svarte politikarar med tiltak som kan oppfattast som i overkant restriktive.

I likskap med dei europeiske ungdomane som blir radikaliserte inn i islam, opplevde dei også den gongen ei sterk forakt mot samfunnet rundt seg. I dag handlar det om sosial marginalisering, men den gongen handla det om det manglande tyske oppgjeret med nazismen. Dei ytterleggåande islamistane opplever ikkje at det politiske systemet kan observere deira meiningar, slik dei venstreradikale på 70-talet ikkje såg kommunistpartiet som eit passande verktøy for sitt politiske syn.

Der islamistane har lite med sann islamsk tru å gjere, kan ein sei at dei venstreradikale den gongen hadde lite med trua på kommunismen og arbeidarrørsla å gjere. I begge tilfelle er det snakk om ungdommar som kjenner seg framande i sine eigne samfunn og som vil gjere opprør mot «dei andre».

Den gong som i dag skapte terroristane frykt og splitting i samfunnet dei angreip. Den gong som i dag svarte politikarar med tiltak som kan oppfattast som i overkant restriktive, inngripande og autoritære.

Historiene er ekte, nære og spektakulære. Dei minner oss om at den kalde krigen ikkje berre var ein geopolitisk maktkamp, men like mykje ei tragedie for enkeltmenneska den ramma.

Dypvik og Dellwo kjem i ei høgst interessant veksling med spørsmål og svar litt ute i historia hans. Der handlar det om samvit, anger og sorg. Dypvik spør om Dellwo har kjend på sorg for at dei to diplomatane på den svenske ambassaden i 1975 ikkje fekk leve vidare. Dellwo sitt svar er forbausande kalkulerande og i overkant rasjonelt: «[…] Eg synest det var gale å gjere det, og eg er ikkje stolt av det, men eg kan ikkje seie at eg er lei meg for at desse to personane ikkje fekk leve lenger. Det er så mange andre i verda som døyr på djupt urettferdig vis […]».

Boka til Dypvik er særs god. Den er skriven av ein framifrå forteljar som gir oss eit innblikk i ei nær historie som mange av oss unge ikkje alltid hugsar godt nok. Historiene er ekte, nære og spektakulære. Dei minner oss om at den kalde krigen ikkje berre var ein geopolitisk maktkamp, men like mykje ei tragedie for enkeltmenneska den ramma.

Det einaste negative må vere at Dypvik burde skrive ei dobbel så lang bok, for desse historiene trengs.

nyhetsbrevet