FOTO: Berit Roald / NTB scanpix

Ein skule i fritt fall

Vi er i ferd med å utdanne oss til kompetente, men livlause menneske.

Skulen sitt oppdrag som allmenndannar er under åtak frå mange kantar. No er generell del av læreplanen inne til nyskriving, og vi kan trygt rekne med at det nye grunnlagsdokumentet vert prega av ein meir pragmatisk tone. Og ein fattigare tone.

Vi er i ferd med å utdanne oss til kompetente, men livlause menneske, innskrive mot vår vilje i eit nyliberalistisk prosjekt styrt av dei tre K-ane: kompetanse, konkurranse og konsum.

Eit verdifullt og praktfullt humanistisk manifest.

Skulen sitt viktigaste og samstundes mest forsømte grunnlagsdokument i dag er generell del av læreplanen, som ligg der som ei utdjuping av skulen sin formålsparagraf. I sin store breidde er den fundamentet for heile læreplanen til skulen. Generell del er ei framstilling av skulen sine overordna intensjonar for individet sin veg fram til myndiggjort medborgar. Eit verdifullt og praktfullt humanistisk manifest som gjev retning og innhald til skulen si konkrete verksemd.

Dokumentet er bygd opp som ei oversikt over dei ulike sidene ved mennesket ein ønskjer å utvikle: det meiningssøkjande, skapande, arbeidande, allmenndannande, samarbeidande og miljøbevisste menneske. Summen av alle desse utgjer “det integrerte menneske”, ein kunnskapsrik og kompetent borgar med demokratiske grunnverdiar internalisert. Eit kritisk, men medskapande og verdiorientert menneske som har både innsikt og oversikt. Eit moralsk menneske som tek ansvar for seg sjølv og gruppa med ei sunn oppfatning av forholdet mellom rettar og plikter.

Frå siste avsnitt i generell del: «Sluttmålet for opplæringen er å anspore den enkelte til å realisere seg selv på måter som kommer fellesskapet til gode – å fostre til menneskelighet for et samfunn i utvikling».

Generell del er formulert på ein måte som gjer den levedyktig i møte med nye trendar, og er som verdifundament ei motvekt og korreks til mange av dei ideologiske kampane som står rundt utforming av skulen sitt konkrete innhald.

Diverre har skulen vore under massivt press.

Først og fremst skisserer generell del eit breitt formål for skulen. Eleven skal få ulike kompetansar og kunnskapar, og møte eit vell av fagområde. Vi skal engasjere hand, hjarte, hovud og kropp. Skulen skal hjelpe individet inn i yrkeslivet, men og inn i det store livet som yrkeslivet berre er ein del av. Å utvikle brei kunnskap og kompetanse utan at individet utviklar eit meiningsfylt og positivt forhold til seg sjølv og verda, er bokstavelig talt meiningslaust. Å anerkjenne mangfald som fellesskapet sin store styrke er heilt avgjerande.

Diverre har skulen vore under massivt press, som har byrja i praksis, og ete seg nedover i underbygnaden. Generell del er no under politisert press for å passe til ein målstyrt læreplan. I ei logisk verd hadde læreplanen blitt bygd på generell del, ikkje omvendt.

I denne omforminga av planverket er vi i ferd med å svekke danningsbiten av opplæringa. Skulen sitt formål har tradisjonelt hatt heile livslengda som virkefelt, medan trenden no tilseier at vi skal måle skulekvalitet ut frå kortsiktige og smale kriterier for å sjå om vi får nok att for skattepengane.

nyhetsbrevet

Filosofen Dany-Robert Dufour peiker på “avsymbolisering” som eitt av hovudtrekka ved det nyliberalistiske prosjektet. Det er akkurat det som har skjedd gjennom dei siste tiåra med gjennompolitisert skuleutvikling, om vi no kallar det nyliberalistisk eller ikkje. Med sist skulereform, Kunnskapsløftet (K06), fekk vi ein kompetansemålstyrt læreplan. Planleggarane gnei seg i hendene og tenkte «nu blir alt så meget bedre».

Vel, vi har fått ein skulekultur forma som målstyringsreligion, der grunnleggande dugleiker er mantra, og høgare rangering på PISA er nirvana. Overordna mål for opplæringa, som har hatt det heile menneske for auget, har blitt erstatta med fragmenterte kompetansar med enkel nyttetenking som ryggdekning.

Den gløymte kompetansen er kompetansen for livet.

Skulen har gjennom heile denne tvilsame «oppgraderinga» fjerna seg frå dei opphavlege formåla, vi har fått snevrare og meir pragmatiske maler som elevane skal passe inn i. På mange område har vi blitt «verdi-lause». Moralske prinsipp og postulat, estetiske kanoner og modellar for sanning og gyldigheit har måtte vike for ideal om «fluiditet, transparens, sirkulasjon og fornyelse» (Arne Johan Vetlesen, Agora nr. 1, 20011: s. 30)

Den kulturelle komponenten er i ferd med å bli viska ut. Skulen har blitt eit klekkjeri for standardiserte elevtypar, og einsretting og strenge krav støyter stadig fleire ut av skulen. Fråfallet i skulen er stort som aldri før, og psykisk helse blant barn og unge er i markant fall. Ord som «motivasjon», «lærelyst» og «entusiasme» er symptomatisk nok fråverande i pedagogiske ordskifte.

Ein villfaring som i den samanheng har fått lov til å vekse, er at om berre vegen fram til kompetanse er tydelig eller «transparent» nok, vil resten gå av seg sjølv. Det går ikkje an å vere mot «kompetanse», det vil vere som å vere mot «god helse», men skylappfokuset på kompetanse som sjølvberande pedagogisk artefakt har ein høg pris.

Generell del har fram til no minna oss om at vi skal jobbe fram mot brei kompetanse, som går langt ut over dei smale og iskalde testmatrisene vi no er underlagte, med nitide oversikter over kompetansemål, kriterier for måloppnåing og vurderingskriterier. Læringsglød kjem ikkje av tydelegheit aleine.

Skulen i dag har ikkje rom for feiling.

Vi må ha lyst til å lære, og det vi lærer må kunne gå inn i ein relevant samanheng som treff oss der vi er i livet. Børre Egil Johnsen, nestor i norsk pedagogisk debatten, skreiv for tredve år sidan at skulen sine krav ligg minst to år framfor der eleven er. I dag har vi blitt enda meir ambisiøse, so i dag ligg vi nok minst tre år framføre elevane. Ambisjonane har stilt seg i vegen for ambisjonane.

Kompetansejaget i dag har hovudfokus på kompetanse for eit tenkt yrkesliv. Yrkeslivet er definert som ein kamp om knappe gode. Den einskilde må difor førebu seg på beinhard konkurranse. Vi vaksne ser tydelig formålet med kompetansen og har slutta å stille spørsmål. Dei unge spør naturleg nok, frå dei er to år gamle: «Kvifor det?», og vi svarar med eit språk dei ikkje skjøner.

Den gløymte kompetansen er kompetansen for livet. Det å like livet, like fellesskapet, like seg sjølv, og gleda ved å oppdage og stille sine eigne spørsmål. I jakta på tydelegheit og transparens har vi tatt frå dei unge det aller viktigaste: å definere sine eigne mål, oppdage, utforske og prøve og feile. Skulen i dag har ikkje rom for feiling. Feiling årelatar standpunktkarakteren, og den er og blir den ufråvikelige botnlinja i eleven sin kvardag.

Vi skal lage gnist, ikkje kvele den.

Det kompetente, konkurrerende og konsumerende menneske er det nye og aggressive menneskeidealet. Individet i kamp om knappe ressurser. Knappe ressurser i form av hard valuta tilkjempa på yrkesarenaen, valuta som fritt kan bli omsett i det vi har lært at vi ønsker å konsumere. Schopenhauer var tidleg ute med å kommentere kampen om viljen og dermed handlingane våre: Der Mensch kann wohl tun was er will, aber er kann nicht wollen, was er will. (Mennesket kan vel gjere det det vil, men det kan ikkje ville det det vil)

Kva har vi då? Det integrerte og heile mennesket i den noverande generell del av læreplanen vil vere erstatta med Homo Economicus, mennesket som kan alt, orker ingen ting, veit lite og konsumerar på refleks.

Svenske Tove på seks år, etter første dag på skulen:

Hvarför går man på dagis, skolan og universitet och högstadiet? Och jobbar hela livet! Man får jo aldrigen vara i frid nån gång!

Ta vare på heile mennesket, slik det er so fint skildra i generell del av læreplanen. Vi skal lage gnist, ikkje kvele den.

nyhetsbrevet