macron gongashan flickr cc
FOTO: Gongashan/Flickr cc

Europas nye herskar er fransk

Dersom Emmanuel Macron går sigrande ut av det franske presidentvalet, vil det kunne bidra til å forandre ikkje berre Frankrike, men heile Europa.

Viss ein samanliknar med dei politiske posisjonane i alle andre europeiske land, er det å sitte i den franske presidentstolen det mektigaste politiske vervet ein kan få i Europa. Mange har dei siste åra fått inntrykk av at Angela Merkel er den mektigaste personen i Europa, fordi ho har tatt på seg ei rolle som leiar for Europa. Formelt er den franske presidenten François Hollande langt mektigare og den desidert mektigaste europeiske politikaren, på grunn av dei vide fullmaktene presidenten har.

Det er fleire grunnar til å merke seg kva som skjer i Frankrike dei neste månadane: Det er den franske presidenten som styrer det franske diplomatiet – eit diplomati som har sete i Sikkerheitsrådet. No som Storbritannia er på veg ut av EU, står Frankrike att som den nest største økonomien i unionen. Frankrike husar også eit av dei største og sterkaste høgrepopulistiske partia i Europa.

Det betyr noko om den franske presidenten heiter Emmanuel Macron eller Marine Le Pen. Eg har våga å spå at Macron vil gå sigrande ut, sjølv om erfaringane frå vala og folkeavstemmingane i 2016 eigentleg tilseier at eg ikkje burde drive med slike veddemål.

Det er likevel Emmanuel Macron som har størst sjanse på å dra valet i hamn.

Den konservative presidentkandidaten Francois Fillon har den siste tida signalisert at han ikkje kastar inn handkleet riktig endå – og har kome med sterke skuldingar mot rettsvesenet og oppmoda det franske folket til å demonstrere mot «det politiske mordet» på han. Det er likevel Emmanuel Macron som har størst sjanse på å dra valet i hamn, slik eg ser det no.

President Macron?

Viss prognosane stemmer kan vi ha mykje å sjå fram til med Emmanuel Macron i det franske presidentpalasset – Élyséepalasset.

Macron har rukke mye på kort tid. Trass i ein kort politisk CV har han på rekordtid blitt ein av dei mest populære presidentkandidatane i Frankrike. Det er imponerande viss vi ser det i samanheng med at Macron driv valkamp utanfor dei store franske partistrukturane til høgre og venstre. Macron har skapt sitt eige sentrumsalternativ gjennom rørsla En Marche!

39-åringen var i to år frå 2014 næringsminister for regjeringa under sittande president Hollande. Rørsla bak Macron kan best skildrast som ei sosialliberal og moderne politisk rørsle som avviser konservatisme som politisk idé, og omfamnar europeisk integrasjon, solidaritet med flyktningar og ein meir progressiv økonomisk politikk.

Tilhengarane av En Marche! proklamerer at dei ønsker å fjerne det tradisjonelle skiljet mellom høgre- og venstresida med reformisme.

Macron har vist seg som ein kandidat med ein blanding av politisk mot og naiv idealisme.

Macron har vist seg som ein kandidat med ein blanding av politisk mot og naiv idealisme. Som for eksempel då han reiste til Algerie og kalla det franske kolonistyret der som eksisterte frå 1830 til 1962 for «ei forbryting mot menneskeheita». I Frankrike er kolonistyret og krigen i Algerie framleis eit ope sår som vekker sterke kjensler. Ein reknar med at så mange som 1,5 millionar menneske vart drepne. Macron seier at franskmenn må frigjere seg frå historiske feil og bygge «eit nytt Frankrike».

Mange klagar på at Emmanuel Macron endå ikkje har lansert eit heilskapleg politisk program. Andre trur populariteten hans vil dale den dagen han kjem med politiske forslag fordi folk då vil sjå at heller ikkje Emmanuel Macron er ein politisk wonderboy. Han må halde seg til dei same politiske lovene som alle oss andre, vert det sagt.

Han kallar seg liberal «på ein nordisk måte».

Dette er ikkje heilt rett. Macron har allereie sagt mykje om kva politikk han vil føre. I fjor lanserte han ei bok med tittelen Révolution. Her lanserer han mange radikale – i ein fransk kontekst – forslag. Mellom anna føreslår han å dempe dei offentlege utgiftene. Han kallar seg liberal «på ein nordisk måte». I eit intervju med avisa Les Echos forklarar han ytterlegare kva politikk han vil føre som president. Som om ikkje det var nok: Torsdag 2. mars lanserte Macron faktisk eit 30-siders program for korleis han skal forandre Frankrike. Der finn ein forslag om:

  • Kutte offentlege utgifter med 60 milliardar euro innan 2022.
  • 000 offentlege arbeidsplassar skal kuttast, ved å ikkje erstatte naturleg avgang og pensjonistar.
  • Underskotet på statsbudsjettet skal under tre prosent av BNP – slik EU krev.
  • Forhandle fram eit budsjett og investeringsprogram for eurosona saman med Tyskland.
  • Ti milliardar euro årleg i tiltak og kvalifisering for arbeidsledige.
  • Auke dagpengane til bønder og andre.
  • Eit universelt pensjonssystem for alle franskmenn.
  • Auka autonomi for skulane i skrive- og leseopplæring, spesielt når det gjeld rekruttering og pedagogikk.
  • Sørge for at det blir tilsett nok lærarar til at det blir ein lærar per 12. elev i den franske grunnskulen.
  • Opne opp forstadane til Paris gjennom betre kollektivløysingar, meir fritidstilbod og betre jobbmoglegheiter.
  • Halvere luftforureininga gjennom å erstatte gamle bilar og gje folk 1000 EURO i subsidier for kjøp av mindre forureinande bilar.
Meir mektig enn Merkel? Foto: LEWEB 2014.
Meir mektig enn Merkel? Foto: LEWEB 2014.

Dersom Macron går sigrande ut av presidentvalkampen, vil han kunne bruke denne politikken til å forandre ikkje berre Frankrike, men også heile Europa. I ei tid der høgrepopulistane får større spelerom i mange land treng Europa ein politikar som kan vere for sterk europeisk integrasjon, men samstundes snakke eit språk dei frustrerte veljarane forstår.

I fransk politikk har presidenten mykje meir makt enn mange av sine europeiske kollegaer.

I fransk politikk har presidenten mykje meir makt enn mange av sine europeiske kollegaer. Den franske presidenten kan oppløyse Nasjonalforsamlinga som er det øvre kammeret av det franske parlamentet. Som sjef for Frankrikes væpna styrker kan presidenten sende troppar i kamp utan autorisasjon frå nokon, utanom viss den skal erklære krig. Når dei væpna styrkane i Frankrike – blir rangert som den femte mektigaste hæren i verda etter USA, Russland, Kina og India – er det klart at den franske presidenten bør lyttast til.  Presidenten kan også gje ordre om å bruke atomvåpen.

Den franske presidenten kan utpeike statsministeren og når som helst sparke denne frå stillinga si utan å måtte konsultere parlamentet. Eit anna aspekt ved makta til presidenten som presidentkandidat Marine Le Pen har fokusert mykje på, er presidenten si makt til å sette avtaler eller lovforslag ut til folkeavstemming i dialog med statsministeren eller parlamentet. Le Pen har lova folkeavstemming om EU dersom ho blir president. Med Macron blir det ingen slike destabiliserande politiske eksperiment.

Ikkje ein gong Tysklands mektige forbundskanslar Angela Merkel kan måle seg med eit slikt maktapparat. Kvifor er det likevel så lite merksemd kring den franske presidenten, målt opp mot den amerikanske presidenten og den tyske forbundskanslaren?

Makta Frankrike har gjennom å vere i Sikkerheitsrådet og vere den nest største økonomien og nest største befolkninga i EU, gir landet enorm makt i Europa. Trass i desse openberre fordelane, har ikkje president Hollande klart å bruke sin posisjon, verken i Frankrike eller Europa, til å ta leiarskap. François Hollande er eit glimrande eksempel på at ein kan ha mykje formell makt utan å ha så veldig mykje uformell.

Meir makt på papiret enn i verkelegheita

I 2012 hadde den nyvalde presidenten François Hollande eigentleg all makt til å forandre Frankrike i sitt bilete, likevel framstår han i dag som ein svak leiar. Hans eige sosialistparti kontrollerte begge kammera det franske parlamentet, både nasjonalforsamlinga og senatet. Dei kontrollerte også nesten alle dei franske regionane og mesteparten av departementa, større byar og kommunar. Hollande har på papiret vore den mektigaste presidenten i historia til Den femte franske republikken (etter den noverande franske grunnlova som vart oppretta 5. oktober 1958). Likevel vil mange karakterisere den einaste presidentperioden Hollande fekk som ein gedigen fiasko.

Mange var sjokkerte då Hollande i desember 2016 sa at han det ikkje var aktuelt for han å stille opp igjen som presidentkandidat i 2017-valet. Korleis kunne dette skje?

I Frankrike er det no over 3,5 millionar arbeidsledige.

Noko av grunnen låg i at Hollande lova meir enn han kunne halde. Då han dreiv valkamp for å bli president i 2012 lova han å få ned arbeidsløysa. Han sa høgt og tydeleg at hans presidentperiode skulle målast etter kor gode moglegheiter han greidde å skape for franske ungdommar. Når arbeidsløysa framleis stig i Frankrike, vart det umogleg for Hollande å stille til val igjen. I Frankrike er det no over 3,5 millionar arbeidsledige.

Korleis skal Macron kunne stoppe denne utviklinga? Macron seier sjølv at «den definerande politiske augneblinken for min generasjon» var når han var utplassert på den franske ambassaden i Lagos i Nigeria i 2002. På TV såg han Front Nationals dåverande leiar, Jean-Marie Le Pen, nå den andre runden i det franske presidentvalet. Resultata av aukande desillusjonisme blant vanlege franskmenn som hadde mista arbeidsplassane, byrja å vise att i valsystemet. Macron frykta at viss ikkje dei etablerte politiske partia endra seg radikalt, ville ytre høgre kunne kome tettare på makta. Frammarsjen til ytre høgre måtte stoppast med alle tilgjengelege middel. Det er ein raud tråd i Macrons politiske prosjekt.

Ein tredje veg i politikken

For ein norsk kristendemokrat som meg sjølv, er det inspirerande å sjå at politikarar som går til val på den tredje vegen – mellom den franske sosialismen og konservatismen – er i stand til å få oppslutning om sine idear. Fleire franske kommentatorar samanliknar Emmanuel Macron sin kampanje med sentrumskampanjane til Tony Blair og Gerard Schröder.

Han vil «bringe fridom inn i dei fattige sine hus».

Macron snakkar med truverdigheit når han skildrar sitt engasjement for å få bukt med den aukande ulikskapen i Frankrike. Han vil «bringe fridom inn i dei fattige sine hus». Men han er ikkje dogmatisk eller lojal til nokon sosialistisk ideologi av den grunn. Han er villig til å ta det beste frå både høgre- og venstresida for å oppnå dette. Slik tenker ein ekte sentrumspolitikar. Han ser ut til å ta med seg inn ein heilt annan glød inn i presidentembetet enn Hollande gjorde. Hans leiareigenskapar ser også ut til å vere ganske annleis – det viser han mellom anna gjennom å ha skapt si eiga politiske rørsle. Hollande krusa inn i presidentpalasset som ein ektefødd kandidat av det franske sosialistpartiet.

Det viktigaste er likevel Macrons planar for å gje ei ny framtid til den tapte generasjon av arbeidslause franske ungdommar. Det er ikkje berre viktig for Frankrike at Macron lukkast med å skape arbeidsplassar i det framtidige Frankrike for desse. Dersom høgrepopulismen skal stoppast og Europa reddast, er det ingen andre løysingar. Arbeidsløysa er bensin på det høgrepopulistiske bålet. Frykta er ikkje berre at Marine Le Pen vinn valet i 2017. Frykta for kva Front National kan få til i eit ti-årsperspektiv er mykje større og meir reell. Derfor vil Europas framtid avhenge av kva håp Macron klarar å skape – slik vil han også kanskje tre fram som den europeiske leiaren ein fransk president kan ta mål av seg å vere.

Denne teksten blei opphavleg publisert i Klassekampen.