FOTO: Eskil Sivertsen/UD/Flickr cc

Historielaust linjeskifte i atomvåpenpolitikken

Norge har alltid hatt ein sjølvstendig atomvåpenpolitikk kombinert med medlemskap i NATO. Å hevde noko anna er historielaust.

I haust vedtok FNs generalforsamling med overveldande fleirtal å starte opp forhandlingar om eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Norge stemte mot. Forhandlingane startar i mars og Børge Brende har allereie varsla at Norge ikkje kjem til å delta.

Brende grunngjev sin motstand mot forbodsprosessen med at Norge er medlem av NATO og derfor må vere lojale mot allierte som har store mengder atomvåpen, som USA og Storbritannia. Det står mellom anna i NATOs såkalla strategiske konsept, som er den overordna forsvarsstrategien for alliansen, at atomvåpen er ein del av dette konseptet. Det står også at NATO vil halde fram som ein kjernefysisk allianse så lenge det fins atomvåpen i verda. Derfor kan vi ikkje støtte initiativ utanfor dei eksisterande prosessane for nedrusting, hevdar Brende.

Det er ikkje berre NATO-landet Norge som har stått ei sjølvstendig politisk linje i spørsmålet om atomvåpen.

Dei siste åra har dette vore blant dei skarpaste utanrikspolitiske debattane i Stortinget og det er derfor viktig at utanriksministeren brukar ein solid og truverdig argumentasjon i saka. Det kan det sjå ut som at han ikkje gjer.

Eg har sett nærare på korleis norsk atomvåpenpolitikk er blitt praktisert opp gjennom åra og fasiten er at Norge i mange tiår har hatt ei sjølvstendig linje – annleis enn den som har vore i resten av NATO.

  • I 1949 kom den såkalla Baseerklæringa frå den norske regjeringa, som vart gitt i forbindelse med at Norge vart tilslutta NATO. Her vart det slått fast at det ikkje skulle opnast for baser for framande stridskrefter på norsk jord så lenge Norge ikkje er angripe eller utsett for trugsmål om angrep. Allereie på NATO sitt toppmøte i Paris i 1957 gav dåverande statsminister Einar Gerhardsen klar beskjed om at «atomvåpen må ikkje plasseres på norsk område».
  • I 1960 og 1961 vart denne politikken stadfesta både av regjeringa og Stortinget. Det betydde at atomstridshovud ikkje kunne lagrast i landet i fredstid, verken for norske eller allierte styrkar.
  • I 1975 kom den såkalla Bratteli-doktrinen, som gjekk endå lenger: «Vår føresetnad ved anløp av fremmede krigsskip har vært og er at atomvåpen ikke medføres om bord. Norske myndigheter regner med at så vel allierte som andre atommakter respekterer denne forutsetning».

Mellom anna har franskmennene insistert på at deira atomvåpen er «uavhengige» av NATO.

  • I 1998 introduserte New Agenda Coalition (NAC) ein resolusjon på FNs generalforsamling som framstod som utfordrande for NATO og atomvåpenstatane. NAC er ei gruppe land som prøvar å bygge internasjonal konsensus om framgang i det internasjonale nedrustingsarbeidet. USA og Storbritannia la sterkt press på Norge og dei andre NATO-landa om å stemme nei til resolusjonen, medan NATO-landet Canada gjekk aktivt inn for å få andre NATO-land utan atomvåpen til avstå frå å stemme.
  • Dette ville kunne oppfattast som ei forsiktig støtteerklæring til innhaldet i resolusjonen sidan ein dermed ikkje stilte seg i vegen for at innhaldet vart vedtatt. Resultatet vart at alle NATO-landa utan atomvåpen avstod kollektivt frå å stemme på resolusjonen. I løpet av få år byrja fleire NATO-land, deriblant Norge, å stemme for dei årlege resolusjonane frå NAC.
  • I 2010 tok den norske regjeringa initiativ til den setninga i NATOs strategiske konsept som seier at NATO skal arbeide for å legge til rette for ei verd utan atomvåpen, og vi veit at Norge også den gongen møtte mykje motbør for initiativet – men at det fekk fleirtal i alliansen. No er derfor setninga ein del av det same strategiske konseptet som Børge Brende viser til når han ikkje vil at Norge skal forhandle om eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.

Det er ikkje berre NATO-landet Norge som har hatt ei sjølvstendig politisk linje i spørsmålet om atomvåpen. Vi har sett liknande nasjonale reservasjonar i land som Spania, Danmark, Island og Litauen, trass i kontinuerleg NATO-medlemskap også i desse landa. NATO-landet Frankrike – som òg har atomvåpen – har ved fleire høve inntatt avvikande standpunkt i spørsmål om atomvåpen i internasjonale forum. Mellom anna har franskmennene insistert på at deira atomvåpen er «uavhengige» av NATO. Det inneber mellom anna at Frankrike ikkje deltek i NATO sitt eige forum for atomvåpenstrategi, den såkalla Nuclear Planning Group (NPG). Frankrike er dermed det einaste landet i NATO som ikkje er ein del av dette forumet.

Brende grunngjev sin motstand mot forbodsprosessen med at Norge er medlem av NATO.

Då avstemminga føregjekk i FN over om verdssamfunnet skulle sette i gong med forhandlingar om eit internasjonalt forbod mot atomvåpen, stemte Norge som kjent nei. Men NATO-landet Nederland stemte avhaldande, noko som kjent kan oppfattast som ei forsiktig støtte til forbodsprosessen. Grunnen var at det nederlandske parlamentet hadde gitt ei klar marsjordre om å støtte forslaget om eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.

Det er dermed både historielaust og særs problematisk når den norske utanriksministeren påstår at Norge verken kan støtte eit internasjonalt forbod mot atomvåpen eller delta i forhandlingane om eit slikt forbod på grunn av vårt NATO-medlemskap.

Les hele det nye notatet her.

nyhetsbrevet