Quiz: Svensk politikk og fagrørsle

Kor mykje kan du om svensk politikk og fagrørsle?

  1. Kva form for ideologi var det tidlegare utanriksministar Margot Wallström skulle la definere svensk utanrikspolitikken som første land i verda?
  2. Kva ung jente og feministisk ikon forfatta av Astrid Lindgren er så sterk at ho kan løfte ein hest?
  3. I 1905 trua svensk LO med storstreik mot eigen regjering i solidaritet med sine norske brødre og søstre. Kva sak gjaldt det?
  4. Kva svensk statsminister hadde overklassebakgrunn, styrte som statsminister i 1969-1976 og 1982-1986, og skulle bli ein av sosialdemokratiet sine mest radikale leiarar før han vart skoten og drepen på åpen gate 28. februar 1986?
  5. Kva krig protesterte denne statsministaren gjentekne gongar mot, mellom anna då han gjekk i demonstrasjonstog i Stockholm 21. februar 1968?
  6. Kva er namnet på planen som på 70-talet vart utvikla for å bruke arbeidstakarfond til å kjøpe opp svenske bedrifter på vegne av arbeidarar? Den vart oppkalt etter ein markant økonom frå svensk LO som var sentral i å utvikle både denne planen og den svenske velferdsstaten.
  7. Noverande leiar av det svenske Vänsterpartiet Nooshi Dadgostar vart født på eit asylmottak i Skåne 20. juni 1985. Kva land har ho familiebakgrunn frå?
  8. Kva heiter den svenske økonomen som var med å opprette den norske Manifest tankesmie der han vart dagleg leiar, men har vore valt inn i Riksdagen for Vänsterpartiet frå 2014?
  9. Kva sak utløyste i 2021 regjeringskrise for den sosialdemokratisk leia Löfven-regjeringa, gjennom eit mistillitsforslag som Vänsterpartiet tok initiativ til?
  10. Kva heiter den svenske sosialistiske journalisten og forfattaren som mellom anna har vore kulturredaktør i Aftonbladet og kan høyrast i radioprogrammet Norsken, svensken og dansken saman med Hilde Sandvik og Hassan Preisler?

Fasiten finn du her.