Kvifor har song vore så sentralt for venstresida i kampen mot overmakt og for eit betre samfunn? Det spørsmålet stiller Anne Marit Godal i den nye boka «Arbeidarsong – musikken som forandra Noreg frå 1850 til i dag». Her er eit utdrag som handlar om arbeidarsong blant norske fangar i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen under andre verdskrigen.
BOKUTDRAG: Kva som venta kvar einskild, varierte i ulike gradar av svolt, sjukdom, mishandling og terror. Det var ulikt frå leir til leir, frå kommandant til kommandant, frå år til år. Men det hende at det fanst tid som var fri, som under utbrot av smittsam sjukdom. Det hende hungersnaud blei erstatta av ekstra gram mat, fordi nokre måtte leve for at arbeid skulle bli gjort. Og det hende at vaktene ikkje stansa song, så lenge ein lærte seg å unngå farlege ord dei kunne forstå, som «sosialisme» og «proletar».
I Sachsenhausen klarte nordmennene i juni 1942 å bli samla i eigne brakker. I dette miljøet blei Einar Gerhardsen eit samlingspunkt som stemte opp til allsong så snart det gjekk an. I tragedien måtte dei hjelpe kvarandre å halde ryggen rak, sa han. Ein sein kveld hende noko underleg, fangane trudde ikkje sine eigne auge. Medan alt kva dei eigde var tatt frå dei, kom Gerhardsen med ein flunkande ny skatt til fordeling til kvar og ein – ei songbok!
Trykt mot eit par handsydde skinnstøvlar
I fangeleiren hadde nazistane plassert eit topphemmeleg falskmyntneri som trykte pund og dollar for å undergrave økonomien til dei allierte. Brakka var isolert og avskjerma som ei festning. Inn hit var manuset til songboka levert, med ønske om 200 eksemplar. Gerhardsen hadde nemleg ein god kontakt i den tsjekkiske skomakaren Karl Meier, som hadde flykta til Noreg i 1938. I fangeleiren var skoa han laga blitt ettertrakta blant nazistane. Mot eit par handsydde skinnstøvlar blei Norske Sange illegalt trykt, i same format som dei falske pengesetlane. Jo fleire, desto betre, var visst regelen der i huset, for i trykken blei det lagt på ein ekstra null – 2000 eksemplar.
Ein ting var å skrive manus. Det hadde Gerhardsen våga. Ei anna sak var å bli oppdaga medan han henta pakker ut av den strengt hemmelege falskmyntnarbrakka. Han var betenkt der han våga seg fram frå mørkeret for å ta imot dei altfor store pakkene. Det var livet han sette på spel denne kvelden.

Berre to arbeidarsongar hadde Gerhardsen tort å ta med, innimellom uskuldige norske viser: visa om den fattige Jens Vejmand og Frihetens forpost. Av alt Paasche Aasen og Kramer-Johansen hadde skapt, var det denne som nådde lengst inn i kameratane, der dei no sat og berre kunne fabulere om ei framtid. Med songen forvandla draumane seg til ei sanning om det som måtte komme, når berre nazismen var knust. Då kunne Frihetens forpost bli ny norsk nasjonalsong! Slik sat dei norske fangane, med kvar si songbok i hand, og med orda duvande som ein draum mellom seg:
Ser du byen og hjembygdas lier? Ser du bølgende åser og fjell?
Det er folkets og framtidens Norge. Det er ditt. Du skal eie det selv.
Kan du høre det duver imot deg som en sang i den høstlge kveld?
Dagfin Rimestad kunne kunsten å synge med restane av seg sjølv
Dagar gjekk – månader, år – under evig brutalitet og fornedring. Kameratar døydde. Kameratar kom. Mange blei avstumpa og sløva med tida, men somme hadde styrke nok til å la kjenslene få plass.
Nokre delte dikt, som Lars Moen, stortingsrepresentanten frå Dovre som las høgt om «tonen som aldri kan tagna og døy». Andre delte ei vakker visestemme, som unge Stig Vanberg. Somme organiserete, som Per Sogstad frå sentralstyret i AUF, som rett og slett starta tramgjeng i Sachsenhausen. «Fangefest» kalla dei førestillingane sine. Dødsens alvor var det. Etter årevis i fangenskap hadde Sogstad framleis krefter til å uttrykke røynda dei levde i:
«I søle tråkkende tog på tusende / meningsløst magre muselmenn. / Kropper skjelver, kalde, krumme. / Sultne øyne stirrer stumme. / Tarmer skriker, tørre, tomme. / – Fire år.»
Den stoiske trønderen blitt lut og radmager, men på dopapir skreiv han strofer som trefte medfangane som hammarslag.
Til sist kom også filmskaparen frå 1930-åra, Olav Dalgard. For ti år sidan hadde han kommi til arbeidarungdommen med ideen om tramgjengar. No samla han dei til øving i eit vaskerom i Sachsenhausen. Ved skrivebordet heime låg manuset til filmen nazistane hadde stansa innspeling av, Om kjærligheten synger de. No vande Dalgard seg til å sjå medmenneske bli hengde i galge og å gå til arbeid langs haugar av lik. Snart var den stoiske trønderen blitt lut og radmager, men på dopapir skreiv han strofer som trefte medfangane som hammarslag:
«Hatet skal leva så lenge det er liv / men kjærleiken veks med det vonde riv.»
Hugen som brenn – og barn som ler
For somme skulle det bli endå verre. I mars 1943 fekk Dagfin Rimestad melding om at han skulle vidare til Staaken-Falkensee. Han var ein av 225 nordmenn som blei send hit, mange av dei var framfolk. Då året var omme, hadde nær ein av tre mista livet. I dette helvetet skreiv Rimestad nye songar. Han klarte å få seg arbeid i skrivestova, og slik fekk dei papir og fargar som blei til songbøker og ei minnebok.
Før avreise frå leiren grov kameratane bøkene ned i skjul i ei lita sinkkasse. I 1948, tre år etter krigen, klarte ein tysk medfange å grave dei fram att. Med seinare forbundskanslar og nobel-prisvinnar Willy Brandt som kurer, kom dei til Noreg. Slik kan vi lese kva Rimestad sjølv skreiv om kva som heldt han oppe på det mørkaste. Det var tanken om tonar som voggar, songar som ljomar, hugen som brenn – og barn som ler.
Skal det være en sang, gutter?
Då fangane fekk fatt i skrivesaker, laga Sigurd Syversen denne helsinga i ei minnebok. Han var 23 år og hadde vore fanga i konsentrasjonsleir i tre av dei. Boka blei skjult og grave fram igjen av ein medfange etter krigen.
Med lågmælt allsong forsøkte Rimestad å halde motet oppe i kameratane. Medfangar har vitna om korleis han, så snart nazistane ikkje kunne høyre det, ustoppeleg sette songen i gang:
Dagfins innsats i denne tiden kan ikke beskrives. Bare de som opplevde den, kan fatte betydningen av det som skjedde. Slitne nordmenn i tettpakkete køyer i tre høyder i en trang sovesal […] Og kveld etter kveld – uansett hvor sliten han kunne være – lød det oppe fra Dagfins køye: «Skal det være en sang, gutter?»
Til kamp, proletarer! Til kamp for vår sak!
Han «betydde utrolig mye for oss» fortel ein av dei yngste, Sigurd Syversen. Særleg dei vondaste dagane, som då Syversen mista sin eigen barndomskamerat frå Torshov. Når det trongst som mest, våga Rimestad seg, med låg stemme, på dei farlegaste arbeidarsongane. Slike som Komintern, komponert av Eisler. Hadde fangevaktarane høyrt den songen, ville Rimestad nok ikkje ha overlevd til den gryande dagen kom:
De beste vi ofte til graven har båret
mishandlet, blodige, dødelig såret.
Fascistenes terror og fengslenes bur
vi møter med kamp mot vår fiendes mur. Til kamp, proletarer! Til kamp for vår sak!
Det var vanskeleg for utanforståande å forstå kva verdien av songen eigentleg var, skreiv dei overlevande. Songen var terapi, meinte Gerhardsen, som skreiv eit heilt kapittel om song i boka om krigsåra. «Når alle friheter er nektet, gjør det godt å synge ut sine følelser med gode, gamle arbeidersanger», skreiv han.
Ein måte å overleve på
For mange blei musikken det gjennomgåande minnet av tida i konsentrasjonsleirane. Orda dei sjølv brukte, var sterke. Songen blei deira «måte å overleve på». Han tok dei med til ei anna verd og la eit skjær av sivilisert liv i marerittet. Med «restane av seg sjølv» song dei, i «psykisk sjølvforsvar mot bøddelmentaliteten». Så lenge tonane klang, var dei ikkje slavar. Dei var frie menn.
Den ideologiske fellesskapen songen næra, var så djupfølt at dødsangsten blei mindre. Frykta i kvar einskild blei møtt ved å mobilisere meining i eit felles «vi». Om eg døyr, skal vi likevel vinne. Slike livskrefter var det allsongen kunne halde oppe.
Utdrag frå boka Arbeidarsong – musikken som forandra Noreg frå 1850 til i dag, utgitt av forlaget Res Publica (2026). Referansar til teksten kan lesast i boka. Res Publica og Agenda Magasin er del av same selskap.


Kommentarer