Extinction Rebellion demonstrasjon i Nürnberg

Borgarråd, Extinction Rebellion og demokratiet

Det er ikkje eit problem at politikarar brukar innspel fra borgarpanel selektivt. Det er trass i alt politikarane som står til ansvar overfor folket, ikkje borgarpanela.

Hauk Are Fjeld har i ein lang kommentar her på Agenda magasin tatt for seg mi drøfting av ulike former for borgarråd og demokratiet. Ifølgje Fjeld er eg meir opptatt av å bekrefte mine eigne fordomar mot klimaaktivistar enn å lese meg opp på nyare forsking. Han om det! Slike karakteristikkar av min person kan ein ikkje argumentere mot, så det lar eg vere. Men eg skal, med det eg kan stable på beina av godvilje, forsøke å klare opp i noko av den forvirringa Fjeld ser ut til å vere råka av etter å lese gjennom min artikkel. Dersom eg legg godviljen til, kan det vere at eg ikkje har formulert meg tydleg nok.

 

Eg må jo rekne med at Fjeld faktisk har lese heile artikkelen min.

Da burde han ha fått med seg at eg gjer eit tydeleg skilje mellom XRs form for borgarråd og andre former for borgarråd eller-panel. I Fjelds forsøk på å kritisere meg rotar han dette saman til ei usamanhengande røre der dette skiljet er borte. Det er rett at eg avviser XRs form for borgarråd som udemokratisk – for ikkje å seie antidemokratisk. Men det gjeld ikkje andre former for borgarråd eller borgarpanel. Her skal eg først ta for meg desse «andre formene», så skal eg  klargjere det eg skriv om XR og XRs form for borgarråd.

Det er kort og godt ikkje sant at eg er «uinteressert i hvorfor borgerråd (……….) kan forbedre klima- og miljøbeslutninger». Eg målar ikkje eit «bilde av at folkepaneler er en farlig metode». Eg er difor nøydd til å sitere meg sjølv:

«Borgarråd som er oppretta på demokratisk vis, og som er tenkt å ha ei rådgivande rolle, kan på den andre sidan kanskje sjåast på som ei form for supplement til det representative demokratiet  (…). Dei kan bidra til ein opnare politisk diskusjon. Ikkje minst kan det gjere meir synleg kva «vanlege folk» er opptatt av og legg vekt på i kontroversielle politiske saker, som klimasaka. Slike borgarråd bør kunne bidra til den offentlege debatten og kanskje sette søkelyset på nye aspekt ved klimaproblemet og andre vanskelege problem i samfunnet.»

 

Vidare skriv eg at det finst døme på slike råd i Norge, og eg nemner særleg at Oslo kommune melder at bruk av borgarråd i arbeidet med overvatn-plan for Oslo  «bidrog til betre overvannsløysingar».

 

Så er det sant at eg også problematiserer borgarråda si rolle og betydning.

Eg skriv at resultata er blanda. Dette er ein «sjokkerende påstand» ifølgje Fjeld. Men dersom ein ser på litteraturen og det som er gjort av evalueringar av borgarråd, er dette ein ganske rimeleg påstand, vil eg meine. Rett nok meiner Fjeld å vite at eg ikkje har lese meg opp på denne litteraturen. Også evalueringa av den franske Citizen Council rapporterer om «blanda resultat». Fjeld har heilt rett i at den franske regjeringa plukka opp nokre innspel, men ikkje andre. Det er nettopp det eg peikar på. Eg kan ikkje begripe at dette er sjokkerande. Det Fjeld heller ikkje ser ut til å ha fått med seg, er at eg også skriv at det neppe kan vere eit problem at offentlege styresmakter brukar innspel fra slike panel selektivt. Det er trass i alt parlament og regjering som har ansvar for å styre landet i eit demokrati. Det er politikarane som står til ansvar overfor folket, ikkje borgarrådet.

 

Fjeld påstår at eg «øyensynlig (er) redd for at Extinction Rebellion skal ta over landet.» Kva har han det fra? Det eg faktisk skriv om dette er at: «XRs form for borgarråd har fått meir merksemd enn fortent. Det finns ikkje noko praktisk døme på denne forma for borgarråd. Truleg vil vi heller aldri få sjå det.»

Tanken om at XR skal ta over styringa av landet, er det ikkje eg, men  XR sjøl som argumenterer for.

Eg siterer ein av grunnleggarane, Roger Hallam, som argumenterer for at målet for XR er «to bring down government». Det bør vere reine ord for pengane. Elles viser eg til XRs Opprørserklæring der XR tar på seg ansvaret for å føre tilsyn med at styresmaktene gjennomfører dei tiltaka som er «nødvendige». Tiltaka skal borgarrådet komme fram til etter å ha blitt skolert av ekspertar. Dette er ikkje påstandar eg kjem med. Det er XRs eige program. Det eg skriv om XR i det heile tatt ikkje basert på mine fordomar mot klimaaktivistar, men er grundig dokumentert med referansar og sitat. Når det gjeld organiseringa og samansettinga av rådet og organiseringa av arbeidet, refererer eg til XRs eigen guide, der det heiter at tryggingsmekanismar må vere på plass slik at ikkje offentlege styresmakter får påverke samansettinga av rådet. Dette er med andre ord ein heilt anna type borgarråd enn den  typen panel som Fjeld påstår at eg avviser.

 

Det mest problematiske med XRs borgarråd, som Fjeld heller ikkje kommenterer, er at det skal påtvingast styresmaktene som eit resultat av at XR gjennom aksjonar har lykkast i å blokkere tilstrekkeleg mange sentrale samfunnsfunksjonar til at styresmaktene må akseptere opprettinga av XRs form for borgarråd. Til dette er det ifølgje XR nok med 3,5 prosent radikaliserte aksjonistar. Dette synest heilt å ha gått under radaren for Fjeld.

Men for meg er det ikkje demokratisk at ein liten minoritet av fanatiske ekstremistar tar på seg å «utvide demokratiet»

ved å blokkere sentrale samfunnsfunksjonar og ta kontroll over politikken. Forklaringa finn vi kanskje i at XR påstår seg å representere den tause majoritet, naturen og framtidige generasjonar, slik Jonas Kittelsen utrykker det. Og da representerer ein jo eit betydeleg fleirtal!

 

Det XR argumenterer for, er noko heilt anna enn den forma for borgarråd eller panel som eg har betydeleg sympati for, slik eg også skriv i det innlegget som Fjeld kritiserer. Dersom Fjeld les artikkelen min ein gong til, oppdagar han kanskje det.