FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB

Borgarråd – utviding av demokratiet?

Politikarane si manglande evne til å få ned klimautsleppa har skapt tvil om demokratiet kan handtere klimaproblemet.

Filosofen Arne Johan Vetlesen har hevda at det parlamentariske demokratiet, slik vi kjenner det, ikkje er ei styreform som er eigna til å løyse klima- og miljøproblema (Vetlesen, 2020).

Ein anna filosofiprofessor, Odin Lysaker, hevdar at det representative demokratiet ikkje berre er ute av stand til å handtere klimaproblemet, men har vore ein av drivarane bak dagens økokrise (Lysaker, 2024).

XRs form for borgarråd (som eg kjem tilbake til) er eit teoretisk ideal som aldri har vore prøvd ut i praksis.

Heilt fra tilbake i 1960-70-åra har det funnest ei økoautoritær rørsle som meiner at demokratiet må vike for eit meir autoritært og «kunnskapsbasert» «top-down» styre. Politikarane tenker for kortsiktig. Demokratiet sikrar ikkje at dei som er dyktige på å vinne val også kan styre samfunnet (Jamieson & Paola, 2018, p. 395). Veljarane er for dumme til å forstå eit så alvorleg problem som klimaproblemet, hevda den britiske naturvitarane James Lovelock. Klimakrisa er som ein krig, og da må demokratiet setjast til side (Hickman, 2010)

På den andre sida dei som meiner at problemet er «for lite demokrati» – at det finst ein «taus majoritet» som ikkje slepp til fordi klima- og miljøpolitikken er styrt av mektige økonomiske interesser som overstyrer den verkelege folkeviljen. Det bør finnast forum der folket kan komme til meir direkte, og ikkje berre gjennom vala kvart fjerde år.

Denne retninga argumenterer for å «utvide demokratiet» i form av «borgarråd» som i ei eller anna form skal vere politiske fora for «vanlege folk», og der deltakarane blir valde ut ved loddtrekning (Bromark, 2015; Hoff-Elimari, u.å..; Kroglund, 2024; Taraku, 2021).

 

Kva er borgarråd?

Spørsmålet om kva eit borgarråd er, er langt fra eintydig. Det som gjerne går litt under radaren, er at det finns ulike former for borgarråd, og på ulike nivå i styringssystem. I den offentlege debatten har det blitt mest blest om Extinction Rebellion (XR) si form for borgarråd. I XRs Opprørserklæring blir det erklært opprør «mot regjeringen og de medansvarlige og handlingslammede institusjonene som truer vår felles fremtid».

XRs krav er at  «det dannes  et råd som skal føre tilsyn med at tiltakene som er nødvendige blir gjennomført, slik at vår nåværende katastrofale kurs endres» (Extinction Rebellion Norge, u.å..). Her er det altså tale om eit borgarråd som i realiteten skal ta over styringa av klimapolitikken.  Sett i eit demokratiperspektiv bør vi skilje mellom XRs form for borgarråd og andre former for borgarråd eller borgarpanel.

I motsetnad til våre valde politikarar og dagens regjering påstår seg XR å representere den tause majoritet.

XRs form for borgarråd (som eg kjem tilbake til) er eit teoretisk ideal som aldri har vore prøvd ut i praksis. Samtidig finns det ei rekke døme på borgarråd eller -panel som er oppretta av organisasjonar eller styresmakter på ulike nivå for å fungere som supplement til, og som ein del av, det demokratiske styringssystemet.

Det dei ulike formene for råd likevel har til felles, er at dei på eitt eller anna vis skal setjast saman etter loddtrekning og utgjere eit representativt utval av heile befolkninga («minipublics»), og at dei skal ha som mål gjennom rådslaging (deliberasjon) å ta sikte på å oppnå konsensus. Eit felles trekk er også at dei skal komme fram til konsensus gjennom å ha fått presentert problemet, og fått opplæring, av ulike relevante ekspertar/forskarar på feltet (Gerwin, 2018, s. 13).

Slike råd kan såleis oppfattast som ei form for «medskaping (co-construction) mellom ekspertar og lekfolk (Stamenkovic, u.å..) Borgarråd kan også opprettast på ulike nivå, fra kommunar til dei som meiner at ei form for borgarråd kan etablerast på globalt nivå. Tenker vi på klimapolitikken og XRs borgarråd, er det mest aktuelle og relevante nivået nasjonalstaten.

 

Extinction Rebellions form for borgarråd

I den norske debatten er det, som sagt, Extinction Rebellion (XR) som først og fremst har halde fram oppretting av borgarråd som svar på den klimatrusselen som organisasjonen hevdar vil kunne utslette sivilisasjonen. Det er den «verkelege folkeviljen» og «allmennhetens interesser» som skal få komme til orde gjennom XRs borgarråd.

Eit grunnleggande prinsipp er likevel tydeleg: å halde politikarar og andre samfunnsinteresser borte fra borgarrådet.

I motsetnad til våre valde politikarar og dagens regjering påstår seg XR å representere den tause majoritet, naturen og framtidige generasjonar, ifølgje talsmann for organisasjonen, Jonas Kittelsen (Kittelsen, 2022). Politikarane må didfor fråtakast den reelle makta over klimapolitikken. Borgarrådet «er en måte å forsikre seg om at folk finner løsninger og ikke politikere» seier ein norsk aktivist til studentavisa Universitas (Eidesvik & Lien, 2021).

Målet med XR, er ikkje å påverke styresmaktene for å få dei på betre tankar, men å avskaffe dagens form for styre – «to bring down government», skriv ein av grunnleggarane, Roger Hallam, i boka Comon Sense for the 21st Centur  (Hallam, 2019). Tittelen er ein tydeleg parafrase over Thomas Paines pamflett fra 1776, «Common Sense, der han argumenterte for at det berre trongs ein liten elite av aktivistar for å velte det britiske styret over dei amerikanske koloniane.

Ifølgje Hallam og representanten for den norske greina av XR, Jonas Kittelsen, trengs det i tråd med dette berre å radikalisere 3,5 prosent av befolkninga for å lykkast (Eidesvik & Lien, 2021; Hallam, 2019). Dette trur Kittelsen vil vere heilt realistisk å oppnå 20-30 år fram i tid «når det går mot klimakollaps».

Det er likevel interessant å merke seg at XRs teori om at det skal vere nok med 3,5 prosent av folket for å rive til seg makta over samfunnet, har ein tydeleg parallell i USA. Nemleg den høgreekstremistiske organisasjonen The Three Percenters. Dette er rett nok ein høgreekstrem naziinspirert organisasjon som bygger på vald og våpentrening. Det skal ingen skulde XR for. Det er like fullt interessant at dersom vi byter ut vald og våpentrening med ikkje-valdeleg blokkering av sentrale  samfunnsfunksjonar, er strategien og førestillinga om at nokre få prosent oppslutning skal vere nok til å rive til seg makta over klimapolitikken og «utvide demokratiet».

Med andre ord: Klimapolitikken skal takast ut av den folkevalde politikken og overlastast til ei tilfeldig samansett forsamling av «vanlege folk» som er skolerte av det som XR oppfattar er relevante ekspertar. Politikaranes oppgåve er å gjennomføre det dette borgarrådet har komme fram til.

XRs form for borgarråd har fått meir merksemd enn fortent.

Verken den ideologiske leiaren, Roger Hallam, eller den norske greina av organisasjonen er tydelege på korleis slike borgarråd skal rekrutterast og fungere i praksis. Ei kjelde som kan kaste meir lys over XR-modellen, er «Guide to Citizens´Assemblies», utarbeidd av den britiske organisasjonen (‘The-Extinction-Rebellion-Guide-to-Citizens-Assemblies-Version-1.1-25-June-2019.pdf’, u.å..).

Denne gjer greie for ein detaljert, og komplisert, struktur med ulike undergrupper og interne styringsorgan. Eit grunnleggande prinsipp er likevel tydeleg: å halde politikarar og andre samfunnsinteresser borte fra borgarrådet. «Tryggingsmekanismar må vere på plass for å sikre at mektige «stakeholders», så som offentlege styresmakter, ikkje er i stand til å påverke utveljinga av medlemmer til koordineringsteamet, slik at det kan fungere i deira interesse.»

Dette skal vere «det motsatte av et ekspertutvalg», blir det påstått. Like fullt skal desse tilfeldig utvalde medlemmene av det norske folk få opplæring av ekspertar og rettleiast fram til den omforeinte konklusjonen som Stortinget skal presenterast for.

I det eg skriv dette, er det eit par dagar igjen til stortingsvalet 2025. Fleire parti kjempar i den opne politiske debatten om røystene for å komme over sperregrensa på fire prosent. For XR er det irrelevant. Målet er ikkje å mobilisere folk flest. XR er ikkje for alle, seier organisasjonens  talsmann Jonas Kittelsen til studentavisa Universitas. Målet for XR er å radikalisere dei aktive (Eidesvik & Lien, 2021). Her er det i teorien nok med 3-3,5 prosent oppslutning av tilstrekkeleg radikaliserte aktivistar for å setje det parlamentariske systemet til side og «utvide demokratiet» med borgarråd.

 

Borgarråd som supplement til  demokratiet?

XRs form for borgarråd har fått meir merksemd enn fortent. Det finns ikkje noko praktisk døme på denne forma for borgarråd. Truleg vil vi heller aldri få sjå det. I den grad XRs aksjonisme for borgarråd betyr noko for demokratiet, er det mest sannsynleg at det bidrar til å diskreditere klimaaksjonar der XR deltar, og såleis bidrar til å svekke ein demokratisk klima- og miljøkamp.

Erfaringane med denne typen borgarråd er generelt sett blanda.

Borgarråd som er oppretta på demokratisk vis, og som er tenkt å ha ei rådgivande rolle, kan på den andre sidan kanskje sjåast på som ei form for supplement til det representative demokratiet (Taraku, 2021). Dei kan bidra til ein opnare politisk diskusjon. Ikkje minst kan det gjere meir synleg kva «vanlege folk» er opptatt av og legg vekt på i kontroversielle politiske saker, som klimasaka. Slike borgarråd bør kunne bidra til den offentlege debatten og kanskje sette søkelyset på nye aspekt ved klimaproblemet og andre vanskelege problem i samfunnet.

Det finst nokre døme på denne typen borgarråd eller -panel i Norge. Kommunar, som Oslo, Trondheim og Stavanger har brukt borgarpanel eller liknande til å gje innspel i planprosessar. Oslo kommune rapporterte til dømes at bruken av borgarpanel i arbeidet med utarbeiding av plan for handtering av overvatn, bidrog til «bedre overvannsløsninger» (VAnytt, 2021).

På nasjonalt plan oppretta ei rad frivillige organisasjonar på klima- og miljøsida (men utan XR) Framtidspanelet med oppgave å komme med forslag om «Hvordan vi kan bruke vår rikdom til beste for verden, oss selv og kommende generasjoner?» (Framtidspanelet, u.å..). Panelet la fram 19 tilrådingar i mai 2025, mellom anna om forvaltning og bruk av Oljefondet (ibid.). Det er likevel vanskeleg å sjå at rapporten fra panelet har sett særleg spor etter seg i den offentlege debatten, og i alle fall ikkje i forvaltninga av Oljefondet.

Erfaringane med denne typen borgarråd er generelt sett blanda. Rapportane blir gjerne «lagde i skuffa» og/eller politikarane plukkar selektivt fra dei forslaga som blir presenterte (Stamenkovic, u.å.., s. 3). Men samtidig er det ikkje nødvendigvis slik at politikarane må akseptere alle råd fra eit borgarpaneel. Denne typen borgarråd fungerer gjerne i eit slag vekselspel med statlege styresmakter/politikarar som med-aktørar, og blir i litteraturen gjerne også referert til som «political co-construction» eller på norsk «medskaping».

Og dermed er vi kanskje like langt?

Eit aktuelt internasjonalt og meir berømt døme er det franske Citizen´s Convention for Climate, oppretta i 2019 av president Macron som svar på opprøret fra dei såkalla Gule vestane som protesterte i gatene mot urettvise klimatiltak. 150 tilfeldig utvalde franske borgarar fekk i oppdrag å bli samde om tiltak som kunne redusere dei franske klimautsleppa med minst 40% innan 2030.

I dialog med forskarar og ekspertar lykkast panelet å skape meir eller mindre konsensus om ei rad tiltak. Men i praksis blei råda i berre varierande grad følgt opp av franske styresmakter. Det er likevel eit større paradoks at når desse 150 tilfeldig utvalde, som skulle spegle det franske samfunnet, hadde komme fram til konsensus, viste det seg at rapporten fekk lite oppslutning blant det breie publikum.

Innetter i panelet viste det seg også å vere stor motstand mot å legge fram forslaga fra panelet til folkeavrøysting. Argumentet var at «vanlege menneske» ikkje ville vere like opplyste som medlemmane av panelet hadde blitt i løpet av dei ni månadene det hadde tatt dei å bli tilstrekkeleg skolerte av ekspertar til å komme fram til konsensus (Stamenkovic, u.å..). Og dermed er vi kanskje like langt?

Ved å velgje ut medlemmene av borgarråd gjennom loddtrekning, skal ein i teorien omgå representasjonsproblemet – at dei valde representantane fjernar seg fra dei som har valt dei. Rådet skal utgjere ei form for «direkte demokrati», som ein miniunivers av heile samfunnet. Dei representerer difor ingen, dei er sjølve samfunnet – rett nok i ein miniversjon. Når konklusjonane til denne miniversjonen av samfunnet ikkje får oppslutnad i «det store samfunnet», aktualiserer dette likevel representasjonsproblemet. Men i motsetnad til dei valde politikarane, står medlemmane i borgarrådet ikkje til ansvar for andre enn seg sjølve.

Vi veit at det rår svært ulike interesser og ulike syn på klimaproblemet i samfunnet.

Ei gjennomgåande problemstilling i mykje av klimapolitikken – og for å vidt også andre politikkområde der forsking, vitskap og ekspertkunnskap er viktig – er at det er eit mål å komme fram til konsensus. Målet om politisk konsensus gjennomsyrer også den globale klimapolitikken og vitskapen i IPCC (Hoppe & Rödder, 2019; van der Sluijs et al., 2010).

Dette reflekterer ei oppfatning av at det finst ei klimavitskapleg sanning og at denne sanninga også inneheld svaret på løysinga på klimaproblemet – ei form for lineær samanheng mellom kunnskap og politisk handling, der sann kunnskap fører til rett handling (Naustdalslid, 2011). Og når kunnskapen ikkje fører til politisk handling, er forklaringa at politikarane ikkje aksepterer sanninga eller ikkje har forstått. «Listen to the scientists», appellerte difor Greta Thunberg til verdas politikarar da ho tala til FN i 2019.

Dette perspektivet overser eit grunnleggande forhold. Klimavitskapen er ein vitskap om samanhengane i klimasystemet som fortel oss at det skjer global oppvarming og menneskepåverka klimaendringar. Det er ikkje ein vitskap om kva vi skal eller bør gjere med problemet. Det rår rett nok ikkje full vitskapleg konsensus i klimavitskapen, men dette er (eller bør i alle fall vere) ein vitskapleg, ikkje ein politisk debatt.

Spørsmålet om korleis problemet kan og bør møtast, finst det derimot ikkje eit vitskapleg svar på. Dette er eit politisk problem der eitkvart svar møter på samfunnsmessige interesser og konflikt med andre viktige formål.

Det finst heller ikkje eitt sant vitskapleg svar på korleis samfunnet bør handtere klimaproblemet.

Ein artikkel av Reiner Grundmann og Simone Rödder reknar opp 12 ulike forslag til korleis klimaproblemet kan møtast, inkludert avskaffinga av kapitalismen og avskaffinga av demokratiet (Grundmann & Rödder, 2019). Og da nemnde dei ikkje eit hyppig svar i den norske debatten, nemleg vending av den økonomiske veksten til nedvekst, lågenergisamfunnet og eit enklare liv.

Vi veit at det rår svært ulike interesser og ulike syn på klimaproblemet i samfunnet. Det tilfeldig samansette borgarrådet er likevel venta å komme fram til eitt, eller eitt sett, omforeinte svar på korleis problemet bør møtast. Dette skal dei oppnå gjennom å bli skulerte av relevante ekspertar. Det er her ringen blir slutta tilbake til ekspertstyret – det kunnskapsstyrte autoritære styret for å frelse verda fra undergangen. Det er ingen grunn til å bli overraska over at det franske eksperimentet med borgarråd ikkje vekte til live den tause majoriteten som den norske greina av XR argumenterer for at borgarrådet skal representere.

 

Konklusjon

«Utviding av demokratiet» gjennom XRs form for borgarråd er i eit forsøk på å gje demokratisk legitimitet ei form for økoautoritært styre. Tanken om at eit lite mindretal av ekstremistiske aksjonistar skal kunne tvinge gjennom ei form for politisk regimeskifte gjennom såkalla ikkje-valdelege aksjonar, for så å etablere eit ekspertstyrt borgarråd som skal styre klimapolitikken, er i seg sjølv grunnleggande antidemokratisk.

Det finst heller ikkje eitt sant vitskapleg svar på korleis samfunnet bør handtere klimaproblemet. Difor kan heller ikkje eit borgarråd, rettleidd av handplukka klimaekspertar, komme fram til eit slikt konsensus-svar lausrive dra dei interessekonfliktar og konkurrerande omsyn som eit parlamentarisk styre må leve med.

Kravet om konsensus kan stå i vegen for oppkomst av nye idear og innovasjon.

Demokratiet er ikkje eit system for å handtere eitt problem på kostnad av alle andre, men eit system for å handtere mange – og ofte konkurrerande – problem samtidig. Kort sagt: Ikkje noko konsensus-resultat fra eit borgarråd kan fjerne dei politiske, interessemessige og verdimessige motsetnader – og ofte konfliktar – som kjenneteiknar eitkvart samfunn.

Det er på den andre sida ikkje utan vidare grunn til å avvise alle former for borgarråd. Konstruktive møteplassar mellom ulike sider ved klimavitskapen og samfunnet bør oppmuntrast, og bør kunne motverke noko av den polariserte debatten vi ser i dag. I større grad å involvere og aktivisere veljarane også mellom vala kvart fjerde år, kan vere fornuftig og bra for demokratiet (Bromark, 2015). Men da bør ein legge bak seg tanken om at målet alltid er å tvinge fram konsensus.

Kravet om konsensus kan stå i vegen for oppkomst av nye idear og innovasjon (Machin, 2023). Forsking og vitskap løyser ikkje politiske problem, men er viktig for å opplyse den politiske debatten. Målet må ikkje nødvendigvis vere å innsnevre det politiske handlingsrommet. Det kan like godt vere å utvide det. Kan hende det ville vere eit meir fornuftig perspektiv på «utviding av demokratiet»?

 

Referansar

Bromark, S. (2015, Oktober 15). – Vår styreform er utdatert. Agenda Magasin.

Eidesvik, A. & Lien, S.A. (2021, August 25). Mobiliserer for livet.

Extinction Rebellion Norge. (u.å..). Opprørserklæring. Retrieved 4 December 2024

Framtidspanelet, 13 5 2025 10:30:00 CEST | Framtidspanelet |. (u.å..). Framtidspanelet: «Vi tenker ikke på neste valg – vi tenker på neste generasjoner» | Framtidspanelet.

Gerwin, M. (2018). Citizen´s Assemblies. Guide to democracy that works (Ausgabe I.). Kraków: Otwarty Plan.

Grundmann, R. & Rödder, S. (2019). Sociological Perspectives on Earth System Modeling. Journal of Advances in Modeling Earth Systems 11(12): 3878–3892.

Hallam, R. (2019). Common Sense for the 21st Century. Carmarthenshire: Wern Dolau/Goldden Grove.

Hickman, L. (2010, March 29). James Lovelock: Humans are too stupid to prevent climate change. The Guardian.

Hoff-Elimari, E. (u.å..). Borgerråd er medisin for demokratiet. Harvest Magazine.

Hoppe, I. & Rödder, S. (2019). Speaking with one voice for climate science — climate researchers’ opinion on the consensus policy of the IPCC. Journal of Science Communication 18(03): A04.

Jamieson, D. & Paola, M.D. (2018). Climate Change and the Challenges to Democracy, by M. Di Paola and D.W. Jamieson. University of Miami Law Review, 72 (2): 369-424.

Kittelsen, J. (2022, September 19). Extinction Rebellion er demokrati i praksis. KLIMAAKSJON / NORWEGIAN WRITERS´ CLIMATE CAMPAIGN // NWCC.

Kroglund, A.P. (2024, November 8). En visjon for mer demokrati. Agenda Magasin.

Lysaker, O. (2024). Ecological Democracy: Caring for the Earth in the Anthropocene. London: Routledge.

Machin, A. (2023). Climate Change and Imaginaries of Democracy. In Oxford Research Encyclopedia of Climate Science

Naustdalslid, J. (2011). Climate change – the challenge of translating scientific knowledge into action. International Journal of Sustainable Development & World Ecology 18: 243–252.

Stamenkovic, P. (u.å..). “Co-construction” in deliberative democracy: lessons from the French Citizens’ Convention for Climate. Humanities and Social Sciences Communications.

Taraku,  av S. (2021, Oktober 20). Hélène Landemores radikale forslag til demokratiets neste steg. Agenda Magasin.

The-Extinction-Rebellion-Guide-to-Citizens-Assemblies-Version-1.1-25-June-2019.pdf. (u.å..).

van der Sluijs, J.P., van Est, R. & Riphagen, M. (2010). Beyond consensus: reflections from a democratic perspective on the interaction between climate politics and science. Current Opinion in Environmental Sustainability 2(5–6): 409–415.

VAnytt. (2021, April 23). Lokalt borgerpanel bidrar til bedre overvannsløsninger | VANytt.no.

Vetlesen, A.J. (2020, Oktober 6). Én sak over alle andre. Er miljøbevegelsen en fare for demokratiet? Klassekampen.