eu
FOTO: Antoine Schibler/Unsplash

Debatten om debatten  

Det brenn mange stader, både tryggingspolitisk og økonomisk, men akkurat Noregs tilknytingsform til EU er ikkje staden der det brenn mest akkurat no.

Europabevegelsens Fredrik Mellem las innlegget mitt Debatten vi ikkje treng og skreiv eit svar, som handla aller mest om kva Trygve Slagsvold meiner om norsk EU-medlemskap.   

Bakgrunnen for min kommentar var dei ferske meiningsmålingane som viser at nordmenn er langt meir positive til norsk EU-medlemskap enn tidlegare. Det, kombinert med den urolige situasjonen i verda, har ført til at mange ønskjer ein ny EU-debatt. Eg er ikkje blant dei. Hovudgrunnen er den urolige tida vi er inne i. Det brenn mange stader, både tryggingspolitisk og økonomisk, men akkurat Noregs tilknytingsform til EU er ikkje staden der det brenn mest akkurat no. Grunnen er at vi har EØS-avtalen.  

I 2025 har framande statar har sterk interesse av å gjere debatten så skarp og polariserande som mogleg.

Norsk debatt om EU-medlemskap skaper sterke motstetnader. Debatten var splittande både i 1972 og i 1994. I 2025 har framande statar har sterk interesse av å gjere debatten så skarp og polariserande som mogleg. Nordmenns bruk av Tiktok og andre sosiale medium gir slike krefter ein lett veg inn. Vilkåra for ein sakleg og opplysande debatt er skrinne. Samstundes er grobotnen for ein polarisert og nedbrytande debatt sterkare enn  på lenge.     

Mellem ønskjer meg og Agenda velkomen til å ta det han kallar «Europadebatten». Eg kan opplyse om at både eg og arbeidsgjevaren min snakkar og skriv om Europa og verda kvar dag, i form kronikkar, notat og i intervju. Men akkurat debatten om eit snarleg norsk EU-medlemskap kjem iallfall eg til å overlate til Mellem og Trygve Slagsvold Vedum, også framover.