PISA-testane har gjort prioriteringane i skulen skeive. Problema har rett og slett tårna seg opp. Vi treng ein skule som skaper tenkande, talande og skrivande medborgarar.
Norsklæraren sitt oppdrag er mangfaldig. Oppdraget kan formulerast enkelt, men det er krevjande i praksis: Eg skal lære elevane å lese, skrive og tale, og dermed tenkje betre. Læreplanen har nokre føringar for formålet med desse handlingane, og dei legg eg til grunn for vala mine om kva og korleis vi bør lese, skrive og tale saman i klasserommet. Der øver vi oss alle i ei lita offentlegheit, som førebuing til å forstå og ta del i den store offentlege røynda. Eg vil dermed kalle oss nokre av demokratiet sine fotsoldatar.
Lyttar ikkje
Utanfor læreplanen og den fagleg/didaktiske praksisen har vi eit stort system av ulike testar og prøveformer som skal hjelpe oss å sjå om vi når desse måla, og korleis vi kan nå dei. Summen av alle desse kontrollinstansane blir samla i det vi kallar Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS). Etter at «Kvalitetsutviklingsutvalet» granska NKVS, kom dei med ei omfattande tilråding til korleis dette kunne endrast.
Nok ein gong skal det satsast på lesing og rekning.
Kunnskapsminister Nessa Nordtun har ikkje brydd seg nemneverdig om dei råda som forskarar og utdanningsorganisasjonane har lagt fram, og vil gjennomføre det eg vurderer som heilt kosmetiske endringar av det eksisterande systemet. At ein no vil kalle det Nasjonalt kvalitetsutviklingssystem i staden for vurderingssystem, endrar ikkje på at det verkar som rein pynt på det som allereie er.
Gullkalven
Ser vi på kunnskapsministerens satsing på skulen, er det heilt klart at PISA-testinga framleis blir ståande som ein gullstandard (eller gullkalv) når det gjeld evaluering. Det er elles snakk om å gjere nasjonale prøver om til læringsstøttande prøver, og ikkje styringsprøver.
Lesekunna blir heller ikkje styrka om dei andre ferdigheitene ikkje blir stelt med.
Men: det som skal prøvast, er det same som PISA-prøvane testar: Nok ein gong skal det satsast på lesing og rekning, ikkje på skriving og munnlegheit. Dei ressursane vi treng for å ta ordet i samfunnet og bidra til å halde demokratiet ved like, er meir enn rein lesekunne. Lesekunna blir heller ikkje styrka om dei andre ferdigheitene ikkje blir stelt med.
Seig prosess
Det er veldig tafatt, det som ser ut til å kome ut av ein lang og seig prosess om kvalitet i skulen. Med djervskap, fagleg innsikt og politisk vilje kunne ein ha sett til side heile NKVS og bygd det opp på nytt.
Det heng ikkje heilt saman.
Det ville ikkje ha vore det same som å fjerne evalueringar, prøver og testar, men å byggje dei frå grunnen av – med danning, utdanning og eit breitt læringsoppdrag i tankane, der einskildfaga sin epistemologi og sjølvforståing i langt større grad fekk styre.
Ein heilskap
For norskfaget sin del ville det innebere å ta utgangspunkt i alle dei grunnleggjande ferdigheitene, og ikkje gje forrang til lesing slik PISA gjer. Lesing, skriving og det å snakke er våre grunnleggjande dugleikar. Desse må vi sjå på som ein heilskap, der kvar av delkomponentane er med på å styrkje dei to andre. Det er den grunninnsikta alle norsklærarar arbeider ut frå, kvar einaste dag. Likevel får vi ikkje draghjelp med alle tre – det er stadig denne lesinga.
Ubalanse
På senteret der eg trenar, har vi ein aktiv ung mann som vi ved frukostbordet omtalar som «leg day». Det er totalt ironisk, fordi beina hans er to pipestilkar som ser ut til å vere bygde av lange kontordagar og tallause kveldar med Netflix, medan overkroppen har gjennomtrent og svulmande muskulatur. Det heng ikkje heilt saman. På same måten som han har forsømt beina sine, har skuleeigar og politikarar forsømt både skriving og det å ta ordet munnleg – fordi lesinga (som PISA-øving) har fått alt fokus sidan «PISA-sjokket» for over tjue år sidan.
Meir merksemd
Det er no på høg tid at alle dei tre grunnleggjande ferdigheitene i norskfaget får like mykje trening og merksemd. Vi har Lesesenteret i Stavanger og vi har Skrivesenteret ved NTNU. I årets budsjett er det Lesesenteret som er vinnaren, med ei langt større løyving enn Skrivesenteret.
Elevane manglar lesande førebilete.
Vi manglar framleis eit senter for munnlegheit – eller eit senter for «retorisk» ytringskultur om du vil, til trass for at det er munnlegheita som er det opphavlege, og den aktiviteten vi gjer mest av, heile tida. Som golv i eit nytt kvalitetsutviklingssystem burde vi ha tre likeverdige senter, med like solide løyvingar og oppdrag som kunne inspirere, informere og utfordre praksis i skulen. Det ville krevje at oppdraga kom frå lærarane sjølve, for å dekkje behova i undervisninga, og det ville krevje ei heilt anna prioritering enn i dag. Skuta har no slagside og heller mot PISA i ein slik grad at vi ikkje lenger ser vår eigen kyst.
Ei krise
Lesinga er i krise – den forteljinga er godt etablert. Eg skal ikkje late som det ikkje er sant: Vi les kortare og mindre på papir, i alle aldersklassar. Elevane manglar lesande førebilete, og sjølv i høgt utdanna familiar finst det færre av dei enn tidlegare. Foreldre har òg eit ansvar for å snu seg vekk frå strøymetenestene, kjøpe litteratur til arvingane og lese for dei – og med dei. Men det dei færraste kan, bør eller skal gjere, er å lære dei å skrive. Det er læraren sitt ansvar, og då må skrivekulturen ha støtte i strukturar og satsingar frå skulepolitisk hald.
Det dei færraste kan, bør eller skal gjere, er å lære dei å skrive.
Ingen av dei grunnleggjande ferdigheitene er andrerangs, og vi kan ikkje vente med å praktisere læringas A, B og C-lag til det blir etablert som sanning i OECD at dei er likeverdige og heng saman.
Sabotasje
Det som er i ferd med å feste seg som ei større sanning enn «lesing i forfall», er kanskje ei endå større krise i skrivinga. Ho er i ferd med å bli kapra av dei nye språkmodellane, som mest av alt saboterer moglegheita til å sjå kva elevane faktisk tenkjer og kan – utan digital støtte. Etter kvart vil nok språkmodellane òg kapre munnlegheita og sørgje for ei utflating der alle snakkar meir eller mindre på same tørre måte, utan ytringsmot til å fremje sitt eige standpunkt på ein kvalifisert måte.
Bedagelege løysingar og hypnotiserande fart kan fordumme ein heil befolkning
Det blir sagt at vald startar der språket stoppar, og når vi byggjer ned språket, finn frustrasjonen usunne og skadelege kanalar. Å kunne snakke saman – glødande engasjerte, reflekterte og usamde utan å miste respekten for kvarandre – det er eit akutt behov både i storsamfunnet og i mindre fora.
Demokratiet sin plass
Tradisjonelt har vi hatt forståing for samspelet og korrespondansen mellom tenking, lesing, tale og skriving. I ein kontinuerleg læringsprosess verkar desse handlingane inn på einskildmennesket si utvikling og forståing av seg sjølv, andre og verda. Det mennesket som styrker desse dugleikane, styrkar og føresetningane sine for å delta i verda som demokratisk medskapar, ikkje berre konsument.
Dette er ikkje dommedagsprofeti, men ein peikefinger.
Fram til no har eg som norsklærar, eit stykke på veg, hatt høve til å finne ut kva som ligg bak ei gitt skrivehandling, slik at eg kunne gje ei vurdering og tilbakemelding som hjelper individet si læring. Sånn er det ikkje lenger. Glipa mellom kvaliteten på det skriftlege produktet og kvaliteten på tenkinga som ligg bak vert stadig større. Bedagelege løysingar og hypnotiserande fart kan fordumme ein heil befolkning om vi ikkje klarer å halde fast på makta over dette samspelet mellom tenking, lesing, tale og skriving.
Den viktige skrivinga
Difor treng vi at særleg skriving får den same merksemda som dei andre grunnleggjande ferdigheitene. Det som alt var i oppløysing før KI, går no i retning av ein entropi som trugar heile kommunikasjonen mellom lærar, elev og tekst. Dette er ikkje dommedagsprofeti, men ein peikefinger retta mot det vi slit mest med i dag: teksten sin autentisitet som uttrykk for tenking.
PISA har gjort prioriteringane skeive, og problema har rett og slett tårna seg opp.
Om vi skal ha læringsstøttande prøver, treng vi å vite noko om rimelege forventningar til tekstkompetanse – både når det gjeld lesing og skriving. Å dyrke denne heilskapen er viktigare enn tunnelsyn på PISA-plasseringar. Skal vi ha læringsstøttande prøver for lesing, må vi òg ha det for skriving. Det er ikkje nok med eksamen sin «washback»-effekt som formande for undervisningspraksisen vår. Felles forventningar til ei gitt elevgruppe sine prestasjonar blir ikkje danna ved at vi les eksamenssvar éin gong i året og der drøftar kvalitetar og karakterar.
Tunnellsynet
Om regjering og storting held fram med tunnelsyn på lesing, speglar det eit veldig avgrensa læringssyn som ikkje vil hjelpe oss i skulen det grann. Det er på tide at praksis i skulen får ryggdekning i eit heilskapleg læringssyn der PISA-deltaking ikkje dikterer det meste av viktigheita og regulerer det meste av pengestraumen. Vi vil ha lesande, tenkjande, talande og skrivande medborgarar. På tide med ein verkeleg «leg day» – med og utan apparat. Det vil heile fagkroppen ha godt av.
Det er ikkje eit mysterium kva eleven hadde hatt best av.
Vi treng eit kvalitetsutviklingssystem som tek alle grunnleggjande ferdigheiter på alvor. Vi gjer ikkje det ved å køyre vidare med det meste av dagens styrings- og kontrollbatteri. Det er også eit pengesluk. Berre for prisen til ei nasjonal prøve i lesing kunne vi ha kjøpt to bøker til kvar elev som gjennomfører den. Det er ikkje eit mysterium kva eleven hadde hatt best av. Vi skal no få ein milliard til bøker, og dempe skjermbruken. Vel og bra og tusen takk. Med nokre få prosent av denne milliarden kunne ein òg gjort ein skilnad for alle dei andre dugleikane vi steller med i norskfaget. PISA har gjort prioriteringane skeive, og problema har rett og slett tårna seg opp.

Kommentarer