FOTO: Ap/Flickr cc

Derfor er Ap ikkje i krise

Eit parti som styrer landet – og som kjem til å gjere det igjen – er ikkje i krise.

“Really? You have a government that actually does economic redistribution..?”

Den tyske IT-professoren eg kom i prat med på flyplass-puben i Istanbul, var full av undring og beundring. Eg hadde akkurat fortalt at den norske regjeringa hadde auka skatten litt for milliardærar, og brukt pengane på eit kraftig kutt i barnehageprisen for renteråka småbarnsforeldre.

Dei som hevdar dette, har gløymt kva politikk handlar om.

Eg kunne stadfeste at ja, det har vi, men at det kostar å utfordre dei pengesterke. Dei betaler PR-byråa for å køyre kampanjar med annonsar og strategiske casar, og det funkar. Det hjelper ikkje at næringslivet går så det susar med vår regjering:

Dei rikaste liker heller ikkje å betale skatt, og dei har finansielle musklar til å påverke målingane.

Europas mest progressive regjering har no styrt landet i tre år. Støre-regjeringa har effektivt forhandla fram sju budsjettforlik og har – as we speak – eit styringsmandat på 100 vs 69 stortingsrepresentantar.

Minst like lenge – og heilt uavhengig av kor lenge det er til neste val – har det dominerande partiet i denne regjeringa fått høyre at det er i krise.

Finne på sprell for å få mediemerksemd.

Dei som hevdar dette, har gløymt kva politikk handlar om: 1. vinn makta, 2. bruk makta. Der målet med 1 er 2.

Opposisjon er derfor taparposisjon. Demokratisk av betydning, for alle del, men først og fremst trist. Vaksne menneske med respekt for seg sjølve, må audmjuke seg med å leike butikk:

Halde påtatt sinte innlegg i stortingssalen og skrive ditto lesarinnlegg.

Finne på sprell for å få mediemerksemd.

Snakke mot betre vitande: gi inntrykk av at du i posisjon vil gjere noko du veit du ikkje vil gjere, fordi det openbert finst andre omsyn å ta.

Trøysta er å få kommentere nokre stemningsrapportar frå veljarane, vel vitande om at desse ikkje er val.

«Vinnar»? Nope.

Raseriet vil vere konstant, med media halsande etter.

Der er Frp no. Der er Høgre no. Arbeidarpartiet er ikkje der. Arbeidarpartiet styrer landet, og bruker regjeringsmakta til å gjere ein forskjell for folk, i tråd med eigne verdiar. Og då er det ikkje krise, for å seie det sånn.

Målingar er interessante for å forstå folkepsykologi, og til dels som frampeik når det nærmar seg eit val. Elles ikkje.

Kva blokk som får 85 mandat eller meir neste haust, er det enno ingen gitt å seie. Store endringar har skjedd i valår før, og det dåverande regjering opplevde i 2017, kan skje med vår no. Men skulle Arbeidarpartiet hamne i mindretalsblokka etter valet, vil det heller ikkje vere krise for partiet.

Vi har vore i opposisjon før, og alltid kome tilbake.

Det gamle partiet NKP burde ha nytta sitt 100-årsjubileum i fjor, til å legge seg ned formelt.

Kvifor det vil skje igjen, kjem her:

I eit toblokkssystem – som vi de facto har – blir det veksling. I oljefondets tid er dette nærast garantert: Alle veit at staten er søkkrik. Frå veljarane som flyttar på seg og bikkar val, vil inga regjering derfor møte forståing – verken for budsjettkutt, skatteauke eller samfunnsproblem.

Raseriet vil vere konstant, med media halsande etter.

Så med mindre det skjer noko ekstraordinært i valåret – noko det ofte kan gjere, sjølvsagt – blir sitjande regjering skifta ut. Raud blokk – sentrum-venstre – vil derfor kome tilbake med jamne mellomrom. Og i denne blokka har Arbeidarpartiet ein vedvarande og unikt sterk posisjon.

SV/MDG/Raudt er parti som appellerer til den konstante, idealistiske minoritet. Arbeidarpartiet har mykje av dette i sitt blod, men appellerer òg til delar av sin historiske base – den interessebaserte majoritet. Til vanlege folk, altså. Det same gjer Sp, men i nasjonal samanheng er partiet for smalt.

Søknadsbunkane til jobbar i stortingsgruppa er skyhøge, ønska om å kome på stortingslista sterke.

Og sjølv om mange parti kan fostre nasjonale politikarar som meistrar ei statsrådsrolle godt, er det ingen som kan overta Arbeidarpartiets rolle som det ansvarlege styringspartiet til venstre for midten.

Derfor vil Arbeidarpartiet i normaltider alltid ha ein breiare veljarappell enn dei andre. Altså vere klart størst på ei side i norsk politikk som med jamne mellomrom får regjeringsmakt.

Alt dette sagt:

Eit parti kan sjølvsagt vere i krise. Det gamle partiet NKP burde ha nytta sitt 100-årsjubileum i fjor, til å legge seg ned formelt. Og det er vanskeleg å sjå korleis KrF skal unngå same vanskjebne, sjølv om slikt tar tid.

Arbeidarpartiet er til gjengjeld alt anna enn dette. Partiet har nesten 50 000 medlemmar. I 2023 stilte vi liste i alle norske kommunar minus to.

Kven styrer landet og gjer ein forskjell, altså heile poenget med politikk? Arbeidarpartiet.

Søknadsbunkane til jobbar i stortingsgruppa er skyhøge, ønska om å kome på stortingslista sterke.

Sagt annleis: Det er fleire enn journalistane som finn dette partiet så tiltrekkande og fascinerande.

“Arbeiderpartiets fall” var tittelen på ei bok av Magnus Takvam i 2002, då vi hadde fått ei måling på 14-talet.

Elendige målingar og spørsmålet om alt no var over, var òg premissen i “Makt og mannefall” av Hansson og Teigene i 1992 (sluttkapitlet i originalutgåva).

Her er vi, i 2024. Kven styrer landet og gjer ein forskjell, altså heile poenget med politikk? Arbeidarpartiet.

Den tyske IT-professoren heiar på oss også neste år.