Finansministeren vil fjerne momsfritaket for elbil og stemplar elbilsatsinga som eit riking-prosjekt. Men reknestykket hans går ikkje opp.
I år har vesle Noreg klart noko banebrytande: Nær alle nye bilar som blir seld er elbilar. Å kjøpe nye bensin- og dieselbilar er ikkje lenger noko vi driv med her til lands. Dette har i mange år vore målet til Stortinget og vi klarte det i finaleåret 2025. Og etter mange år med satsing er om lag 30 prosent av alle personbilane på vegen elbilar.
Elbilsatsinga er ei viktig årsak til at vi har kutta 40 prosent av klimagassutsleppa frå personbilparken. Det er også noko så sjeldan som eit klimatiltak der folk er nøgde når dei blir ein del av omstillinga. Vi opplever ingen gule vestar i gatene.
Samfunnsøkonomen er tilbake
Norske politikarar fortener skryt for at dei har satsa så kraftig så lenge. På statsbudsjettdagen merka ein likevel tydeleg at no er samfunnsøkonomen Stoltenberg tilbake i norsk klimapolitikk.
I finanstalen brukte han ein knapp setning på å erkjenne elbilsuksessen.
Så varsla han at momsfritaket på elbilar skulle fjernast innan 1. januar 2027. For fleirtalet av elbilane som seljast betyr det at om knapt over eitt år vil dei få 125 000 kroner i auka avgift samanlikna med i dag.
Spekulativt
Det tydelege engasjementet tok han fyrst fram då han argumenterte med at momsfritaket har vore ei enorm støtte til rike folk:
«De 20 prosentene med høyest inntekt kjøpte i fjor ti ganger så mange nye elbiler som de 20 prosentene med lavest inntekt,» sa Stoltenberg.
Dette er spekulativ bruk av statistikk. For om du var i kategorien 20 prosent lågast inntekt, ville du jo aldri finne på å kjøpe ny bil i det heile tatt, anten det er ein fossilbil eller elbil. Om du skulle kjøpe bil då, ville det vore ein godt brukt ein.
Om vi skal ha elbilar i bruktmarknaden, må dei med pengar kjøpe nye elbilar.
Bruktbil
Eg kjøpte min første bil tilbake i 2010, ein brukt diesel-Golf. Eg likte bilen sjølv om eg gjerne skulle kjøpt ein elbil, men som bruktbilkjøpar kan ein ikkje velje bil heilt fritt. Eg var prisgitt kva bilar nybilkjøparane før meg hadde kjøpt av bilar og som dei så sel vidare.
Dei aller fleste er som meg, dei handlar brukt bil.
Når ein skal elektrifisere heile bilbestanden, kan ein likevel ikkje byrje med bruktbilane. Ein må fase teknologien inn via nybilmarknaden. Utan at nybilkjøparane vel elektrisk, vil aldri bruktbilkjøparane kunne gjere det i neste omgang. Nybilkjøparane vel kva teknologi som skal vere tilgjengeleg i bruktbilmarknaden nokon år seinare.
Brukt elbil
Dette betyr altså at når momsfritaket gjer at ein økonomisk sterk nybilkjøpar endar opp med å velje elbil, så nyt også bruktbilkjøparen godt av det i neste omgang.
Finansminister Stoltenberg veit eigentleg dette.
I statsbudsjettet hans står det nemleg at momsfritaket gir reduserte prisar på elbilar i bruktbilmarknaden.
Partileiaren i MDG, Arild Hermstad, peikar på det same. På NRK-Debatten sa han følgjande:
«Det er greit å fase inn moms, men vi skal ikke gjøre det i det tempoet som regjeringen vil. Det er et viktig aspekt at de fleste som kjøper bil, de kjøper brukt. Man er avhengig av at det kommer nye biler inn slik at prisen på de eksisterende elbilene ikke går i luften.»
Ei avgift som funkar
Alle kan kan vere samde om at elbilar enn så lenge er dyrare å produsere enn bilar med forbrenningsmotor.
Utan aktiv politikk vinn dei ikkje konkurransen.
Noreg har hatt sterk verkemiddelbruk lenge. Tidlegare finansminister Kristin Halvorsen har sagt det slik:
«Økningen i elbilsalget og den suksessen det har vært, kan forklares av at vi har brukt så mange forskjellige virkemidler samtidig. Dette er i strid med alle samfunnsøkonomiske råd, som tar til orde for å bare bruke ett virkemiddel for én sektor. Men i elbilpolitikken la vi i alle fall fem-seks virkemidler oppå hverandre. Da blir det kraftfullt»
Det er dette samfunnsøkonomen Stoltenberg tek eit oppgjer med når han seier at frå no av er det strategien om at forureinar skal betale som gjeld.
Ein effektiv politikk
Så høyrer det med til historia at den strategien på eit vis også har vore nytta i heile historia til elbilsatsinga. Noreg har ei svært høg eingongsavgift på ny fossilbil, som mellom anna reknast ut frå kor store utslepp bilen har. Kjøper du ein ny bil med utslepp i 2025, må du punge ut med fleire hundre tusen.
Før fekk staten inn milliardar av kroner frå denne avgifta.
Men no når avgifta verkeleg er effektiv, har inntektene forsvunne.
Dette er noko av grunnen til at elbilpolitikken blir omtala som eit tap for staten.
Men skal vi tenke om miljøavgifter at dei skal gje staten inntekter eller at dei skal fjerne utslepp? Dersom alkoholavgiftene førte til at folk i staden drakk lettøl, ville vi då sjå på det som eit tap eller som ein seier.
Dei som må betale
Samfunnsøkonomane sin mest klassiske løysing på ideen om at forureinar betaler er likevel ikkje kjøpsavgifter på bilar, men på drivstoff. Statsbudsjettet legg opp til auka drivstoffavgifter. Men om ein følgjer logikken til Stoltenberg om at rike folk allereie har kjøpt elbil, så vil altså dei auka drivstoffavgiftene ikkje bli betalt av dei, men av fattigare folk.
Ein strategi med auka drivstoffavgifter er altså ein strategi der forureinaren til dømes er aleinemora med 15 år gamal dieselbil som ikkje har råd til å investere ein annan bil.
Problemet er også at å auke avgifter på drivstoff aldri har ført til elektrifisering i stort monn, for auken må være så stor at det svir for mykje.
Nokre stader har det ført til stor sosial uro.
I praksis er altså ikkje folk alltid samde med samfunnsøkonomane om kva som kjennes rettferdig.
Det Jens burde sagt
Når elbilane blir betre, er det likevel naturleg at verkemiddelbruken endrast.
Kva kunne så Stoltenberg i staden sagt om elbilar i finanstalen sin? Eg har eit forslag:
President, i år har vi nådd Stortingets mål om at alle nye bilar skal utsleppsfrie.
Det vekkar merksemd over heile verda.
Denne oppsiktsvekkande raske elektrifiseringa i eit kaldt og grisgrendt land inspirerer og viser veg internasjonalt
Meir en ein million menneske køyrer elbil. Alt frå bestemødre til finansdirektørar. Takk til alle dei som er med på å kutte utslepp.
Men framleis køyrer 7 av 10 ein bensin- eller dieselbil. Vi skal legge til rette for at også dei skal få høve til å gjere overgangen når de skal bytte bil.
Elbilane konkurrerer no så godt at det er på tide å fase inn moms, slik vi har på andre varer og tenester.
Sidan dei framleis er dyrare å produsere enn fossilbilane skal vi gjere dette gradvis i denne stortingspeioden. Vi startar i år, og så vi senke innslagspunktet for toppmomsen også i 2027, 2028 og 2029.
På den måten har vi kontroll på at elbilen framleis vinn konkurransen. Og at vi har folk med oss på klimaomstillinga.
Kjelder
Kristin Halvorsen om elbilpolitikken – Vi la fem-seks virkemidler oppå hverandre – Norsk elbilforening
Finanstalen Finanstalen – regjeringen.no
Hermstad på NRK-Debatten Debatten, Fredrik Solvang | Raste over regjeringens avgiftssjokk på bil i «Debatten»: – Usosialt

Kommentarer