Formuesskatt er viktig for eit effektiv skattesystem – og for at samfunnskontrakten i velferdsstaten skal stå. Ein populær tv-serie viser oss det siste.
I helga gjekk dei siste episodane av TV-serien LIS på NRK. Her ser vi hardtarbeidande helsefagarbeidarar, legar og sjukepleiarar jobbe på, dag og natt, i eit offentleg sjukehus prega av innsparingar og ressursmangel.
Som ein skygge over kvardagen deira heng sjansen til å ha ein jobb i private sjukehus – med løfte om normal arbeidstid og høgare lønningar. Leiaren av Yngre legers foreining har sagt at det er lett å kjenne seg igjen i serien.
Då eg las Kristin Clemet om formuesskatt i Aftenposten 4. mai, blei eg minna på denne problemstillinga frå laurdagskvelden. For slaget om velferdsstaten står akkurat no fleire stadar. Kva skjer med fellesskapsmodellen om det er dei som kan betale som skal få helsehjelp fyrst, og ikkje dei som treng det mest?
Kva skjer med skattemoralen dersom dei rikaste ikkje må betale like mykje per tente krone som resten av oss?
På eit vis handlar desse debattane om det same – skal vi gå enno lenger i retning av å la dei rikaste sleppe unna den kvardagen resten av oss står i?
For meg er dette eit underleggande verdispørsmål som ligg og vakar under alle desse debattane om skatt og velferd. Og der er vi i Tankesmien Agenda fort vekk ueinige med Civita. Men sidan Clemet tok sikte på å gi ei slags overordna forteljing om kva formuesskatten eigentleg handlar om for høgresida og venstresida, er det grunn til å korrigere ideen om at venstresida berre er opptatt av fordeling og høgresida berre er opptatt av eit produktivt næringsliv. Det er eit falskt narrativ.
Clemet hevdar at formuesskattdebatten handlar om at venstresida og høgresida vektar ulike mål ulikt. Ho skriv at venstresida er mest opptatt av å få ned forskjellane og «bruke pengene på overføringer og velstand», men at høgresida er opptatt av verdiskaping – «Det gir større velstand og, hvis vi vil, mer å fordele siden», skriv ho.
Det er ei selektiv historieforteljing. Her overser ein all den tunge faglege ekspertisen som viser til at formuesskatt er fornuftig. Då Torvik-utvalet, som er det siste ekspertutvalet vi hadde på skatt, uttalte seg om dette, skreiv dei at formuesskatten burde bestå på grunn av effektivitet og omfordeling. Dei skreiv at kapitaltilgangen er god i Noreg, at formuesskatten ikkje gjer det mindre lønnsamt å investere i Noreg enn i andre land.
Formuesskatt er altså ein fornuftig måte å hente inn skatt på, samanlikna med andre skattar, også for norsk økonomi.
Torvik-utvalet føreslo å redusere formuesskatten litt, mot å gjeninnføre arveavgift. Bakteppet deira var poenget at Noreg har ikkje ei spesielt høgt nivå på skatt på kapital – her ligg vi godt under snittet i OECD. Utvalet argumenterer godt, men så lenge arveavgift framstår som ein politisk utopi å få fleirtal for, gir det meir meining å halde på formuesskatten.
Når venstresida argumenterer for formuesskatt, er det fleire argument som ofte blir brukt. Ein meiner at mindre forskjellar er betre for folk og at det gjer samfunnet betre – men også at dette er bra for næringslivet. OECD har vist til korleis vekst i inntektsulikskap gir lågare økonomisk vekst, og korleis Noreg kunne hatt høgare BNP med lågare forskjellar.
Ein studie frå NHH viste korleis formuesskatt bidreg til fleire, ikkje færre, i jobb. Formuesskatt er altså med på å bake kaka vi kan ete større, og den bidrar til å dele ut kakestykka litt meir rettferdig etterpå.
Det er verdt å merke seg at det for ei stund tilbake var varsla eit utflyttarkøyr frå grunderar i Noreg. Det kom ikkje. Då DN lagde ei oppfølgarsak om kor få som faktisk hadde flytta, var det berre to av elleve som hadde flytta. Ein av dei viste til at utflytting ikkje lønte seg likevel, mellom anna når ein tok inn kostnader som helsetilbodet i Noreg. Det kostar å finansiere ein velferdsstat vi kan vere stolte av, men på den andre sida får vi mykje igjen for det.
Fjernar vi formuesskatten, vil nokon av samfunnets rikaste betale ingen eller berre litt skatt. Det er vanskeleg å forsvare i møte med alle andre truskyldige skattebetalarar her i landet.
Skattekommisjonen bør gjere som Torvik-utvalet og sjå til prinsipp som rettferd og effektivitet når dei skal føreslå endringar i skattesystemet. Å gjere som Clemet seier, vil svekke inntektsgrunnlaget til staten, men samtidig gi særs låg samfunnsnytte.
Då eg satt og såg dei siste episodane av LIS sesong 1, var pulsen høg og eg beit neglar – dei var ikkje nok folk på jobb til å hjelpe alle godt heile tida. Serien er laga med utgangspunkt i dagens velferdsnivå.
Med eit pennestrøk-kutt av 36 milliardar av statens inntekter, kan ein vente at det blir enno færre folk på jobb i velferdsyrka. Ein ny sesong av LIS vinkla mot denne økonomiske kvardagen vil kunne bli litt for spennande for min smak.

Kommentarer