Meir tillit til dei som «har skoa på» er ei sak som bør foreine dei raudgrøne partia.
Reduksjon av unødvendig rapportering og detaljstyring bør vere ei sentral sak framover. På mange områder, alt frå miljø og naturforvaltning, styrking av individuelle rettar og utbygging av nye velferdsområder, har løysinga blitt meir detaljert regelverk. Det har gitt meir byråkrati og rapportering.
Sentralisering av viktige statlege etatar, større kommunar og fylker har kome i tillegg. Det har resultert i fleire leiarledd og ytterlegare rapportering. Utviklinga har på eine sida resultert i meir kunnskap og dokumentasjon slik formålet var, men det har også resultert i meir avmakt.
Rapportering og avmakt
Stadig fleire kjenner på avmakt over skjema og rapportering i møte med staten, anten for å få hjelp til velferdstenester eller for å realisere planar dei har. Næringslivet må bruke ressursar på byråkratiske prosessar dei opplever er unødvendig omfattande, i staden for å drive verdiskaping.
Næringslivet må bruke ressursar på byråkratiske prosessar
Mange offentleg tilsette opplever at dei nyttar for mykje av tida til rapportering dei ikkje ser verdien av – tid dei kunne nytta til å skape betre tenester i dei rollene dei har.
Kontroll
Offentlege etatar og forvaltningsnivå brukar også for mykje tid og ressursar på kontroll og regelverksoppfølging. Kommunar opplever ein stat som gjennom statsforvaltar og andre statlege etatar har blitt meir aktive i kontrollrolla si, men ikkje i stor nok grad prioriterer rettleiar-rolla si. Å skulde på byråkratane blir for lett. Det er Storting og regjering som over tid har bidrege til eit meir detaljert lov- og regelverk, og ikkje hatt nok fokus på forenkling, avbyråkratisering og styrka lokalt sjølvstyre.
Skal vi unngå ei Framstegspartiregjering om fire år må vi ikkje la denne moglegheita gå ifrå oss. Om FrP får dominere debatten om unødvendig byråkrati og firkanta regelverk vil dei få ytterlegare kraft. Det er heller ingen grunn til at FrP skal ha truverde på dette spørsmålet, sidan deira løysingar peikar på meir statleggjering og mindre lokalforvaltning.
Tillit er svaret
Tillitreformen er svaret på det aukande byråkratiet. Dei som arbeider i tenestene skal myndiggjerast. Mindre tid skulle brukast på rapportering og meir på tenesteyting. Det vart ikkje sett nok fart på det arbeidet den førre fireårsperioden.
Tillitreformen er svaret på det aukande byråkratiet.
Det er derfor på tide å børste støvet av tillitsreformen. Gjennomgangen av styringstrykket til kommunane, som pågår no, kan vere ein god start. Vidare bør forvaltninga gåast gjennom med mål om å unngå unødvendige reglar, styrke tilliten til lokale folkevalde og offentleg tilsette. Statlege etatar må i større grad få beskjed om å bruke rettleiarrolla si, og nytte den meir saumlaust opp mot til dømes kommunal sektor. Datadeling mellom offentlege etatar må aukast for å unngå dobbelrapportering. Og viktigast, vi må stole på at dyktige og kompetente folk i til dømes skule, barnehage og helsetenester og gjer jobben dei kan og er sett til å gjere.
Handlingsrommet
Dei store rekrutteringsutfordringane vi står framfor i mange sektorar gjer dette arbeidet endå viktigare. Vi vil trenge meir folk ut i både næringsliv og velferdstenester, og kapasiteten må aukast gjennom at dei får nytte tida si på kjerneoppgåvene.
Å gje kommunane noko større handlingsrom i tenesteutforminga si, kan sjølvsagt gjere tenestene meir ulike og organiseringa meir variert. På eine sida kan det resultere i fleire saker om ulikskap i kommunale velferdstenester, men det kan også styrke innovasjon og nytenking rundt organiseringa av viktige velferdstenester. Og det kan bidra til å styrke det lokalpolitiske arbeidet og arbeidet i den kommunale organisasjonen. Landet er ulikt og ein vil i større grad enn i dag kunne legge til rette for løysingar som er tilpassa tilhøva i det enkelte lokalsamfunn.
Å finne løysingar
Myndiggjering er også eit viktig beredskapstiltak. I krisesituasjonar er det ofte evna til å finne løysingar på tvers av sektorar, og forvalte dei samla ressursane så godt som råd som vert avgjerande.
Myndiggjering er også eit viktig beredskapstiltak.
Forenkling og avbyråkratisering vil kunne frigjere tid og ressursar vi sårt vil trenge for å sikre viktig verdiskaping og velferd i åra som kjem. Det bør vere ei prioritert oppgåve for parti som vil styrke fellesskapen og velferda vår.

Kommentarer