FOTO: Scott Blake/Unsplash

Næringspolitikk utan omstillingskraft

Regjeringsplattforma manglar fullstendig tankar om korleis det statlege eigarskapet kan utvikle den industrien som skal overta etter olja.

Det har komme mange reaksjonar på regjeringsplattforma til dei 4xblå. Førebels har eg ikkje sett nokon som har uttalt seg om næringspolitikken. Kanskje er det fordi plattforma inneheld lite nytt med den tradisjonelle vektlegginga av skattelette og privatisering. Men det er nok å ta fatt i, og det er på tide at venstresida utfordrar den blå næringspolitikken og stiller spørsmål ved om den er eigna til å møte dei store utfordringane vi står overfor.

Regjeringsplattforma har mange målformuleringar om grøn næringsutvikling og miljøteknologi. Den har også mange enkelttiltak for å fremme omstilling. Men det hjelp så lite når regjeringa legg opp til å gi full gass for oljesektoren. Konsesjonar skal delast ut i høgt tempo, og det svært gunstige skatteregimet for oljeleiting skal vidareførast. Dei grøne næringane som vi ønskjer å styrke, er ikkje i nærleiken av å ha så omfattande risikoavlastning som oljeselskapa. Dermed vil oljenæringa trekkje til seg ressursar som vi heller burde kanalisere til næringsutvikling for nullutsleppssamfunnet.

Då vi fant olje i Nordsjøen og stod overfor ei dramatisk industriell omstilling, viste politikarane handlekraft og tok blant anna i bruk statleg eigarskap. Det sikra at avkastinga av naturressursane kom fellesskapet til gode, og det la grunnlaget for ein verdsleiande leverandørindustri. I dag står vi overfor ei tilsvarande omstilling, men regjeringsplattforma manglar fullstendig tankar om korleis vi kan bruke det statlege eigarskapet for å utvikle den industrien som skal overta etter olja.

Vi klarte å sikre vasskrafta for fellesskapet gjennom heimfallsrett og offentleg eigarskap.

Her har også venstresida ein jobb å gjere. Det er lett å skape engasjement mot å redusere det statlege eigarskapet, og det er vel og bra. Men det er minst like viktig å ha ein tanke om korleis det offentlege eigarskapet skal brukast strategisk i næringsutvikling og omstilling.

Regjeringsplattforma slår eit slag for mineralnæringa, men heller ikkje her klarer regjeringa å sjå behovet for statleg eigarskap. Vi klarte å sikre vasskrafta for fellesskapet gjennom heimfallsrett og offentleg eigarskap. Men når det gjeld oppdrett og vindkraft, så har vi gitt i frå oss eigarskapet til naturressursane for all framtid. Vi kan ikkje gjere den same feilen med mineralnæringa og overlate utviklinga til internasjonale selskap med frynsete rykte når det gjeld helse, miljø og tryggleik.

Ikkje uventa legg regjeringsplattforma til rette for meir privatisering. Men det blir ikkje meir verdiskaping av å flytte samfunnsoppgåver frå det offentlege til private bedrifter. Snarare vil det føre til eit dårlegare tilbod av offentlege tenester som næringslivet er heilt avhengig av. Vi bør legge til rette for at næringslivet kan bruke ressursane sine på næringsutvikling og grøn omstilling – ikkje på å overta offentlege oppgåver.

Det viktigaste konkurransefortrinnet for norsk næringsliv er den norske modellen og trepartssamarbeidet.

Det viktigaste konkurransefortrinnet for norsk næringsliv er den norske modellen og trepartssamarbeidet. Regjeringsplattforma nemner trepartssamarbeidet. Men det er tydeleg at regjeringa ikkje har forstått kor viktig ei sterk fagrørsle er i den norske modellen. Regjeringsplattforma slår fast at fagforeiningsfrådraget ikkje skal aukast, og dei som vel å stå utanfor det solidariske fellesskapet i ei fagforeining, blir omtalt i positive vendingar.

Skal vi klare den nødvendige omstillinga når oljealderen no går mot slutten, så må vi vise omstillingskraft, slik vi gjorde då vi gjekk inn i oljealderen. Ressursar må flyttast frå oljesektoren til ny industriutvikling, og vi må bygge vidare på vår industrikompetanse og den norske modellen med ei sterk fagrørsle.

nyhetsbrevet