Kvifor har venstresida i vesten protestert så mykje, og samtidig fått til så lite dei siste tiåra? Belgiaren Anton Jäger har eit svar.
I boka Hyperpolitkk skildrar den belgiske idéhistorikaren, Anton Jäger eit skipsforlis utanfor Azorane i 1957. Lasteskipet Palmir var på veg frå Buenos Aires til Hamburg med ei last bygg, men hamna i hardt ver. Skipet sendte ut sos-signal. Så vart det sporlaust borte. Det var tilsynelatande eit mysterium. Skipet var bygd for å tole orkan. Feilen viste seg å ligge i lasterommet. Då bygget vart heist om bord, vart det gjort i full fart. Ingen tok seg bryet med å fylle kornet i sekkar, det vart lagt laust i lasterommet. Og slik vart katastrofen skapt. Då kornet byrja krenge, var rørslene så ukontrollerte og uføreseielege at det tunge lasteskipet ikkje klarte å rette seg opp. Skipet og lasta forsvann ned i avgrunnen. Berre seks av eit mannskap på 86 overlevde.
Eit bilete
Dette er, ifølgje Jäger, ikkje mindre enn eit perfekt bilete på vår hyperpolitiske samtid. Det er mørkt. Men for Jäger handlar det ikkje om ei verd som er dømt til undergang. Det handlar om farane knytt til fragmentering, individualisering og gamle institusjonar som forvitra.
Skipet og lasta forsvann ned i avgrunnen.
Hyperpolitikk er når denne oppløysinga av fellesskap går hand i hand med ei sterk politisk polarisering. Manglande samhald i ei tid som harmonisk og føreseieleg er ein ting. I ei uroleg tid som vår med klimakrise, krig i Ukraina og Midtausten, tillitskrise, og fordelingskrise, er verknaden ein øydeleggjande. Fragmenteringa gjer diskusjonen tung, og det er vanskeleg å etablere ei samlande kraft for endring.
Den lange freden
Jäger er politisk aktiv på venstresida og byrjar analysen sin av hyperpolitikken på 1990-talet, i etterdønningane etter den kalde krigen. I desse åra var refrenget om at frie marknader skaper uendeleg velstand og fridom for alle menneske så einerådande at dei som tenkte annleis brukte slagord som ei anna verd er mogleg. For var det eigentleg mogleg å sjå for seg noko anna? Mange opplevde det som ei lite politisk tid. Folk var opptatt av så mykje anna.
Forvitringa
Det var i desse åra at samfunnsberande organisasjonar mista fotfeste over heile den vestlege verda. Jäger skriv at DGB, det tyske motsvaret til LO, hadde 12 millionar medlemer i 1991 og berre 5,7 millionar tretti år seinare. I USA står fagrørsla svakare enn ho gjorde for tretti år sidan. Jäger viser også til statistikkar som viser at færre amerikanarar enn før er religiøse.
Dei er utan medlemslister og har vanskar med å opptre strategisk og disiplinert.
I Storbritannia og Italia taper kyrkja terreng. Denne typen fellesskap som vart skapt kyrkje og fagrørsle forma både ei kjensle av å høyre til, og eit syn på samfunnet hos dei som tok del.
Utan hovud og hale
Den venstresida Jäger synest har fått til så lite er dei mange venstreorienterte aktivistiske gaterørslene frå dei siste tiåra Occupy wall street, Greta Thunbergs skolestreik for klimaet, den spanske sosiale rørsla Los Indignados og påpeikar ein strukturell likskap. Dei er utan medlemslister og har vanskar med å opptre strategisk og disiplinert. Han siterer den slovenske filosofen Slavoj Žižek som sa at alle kan arrangere eig karnevalsopptog, spørsmålet er kva som er att neste morgon. Og det er dette Jäger eigentleg er opptatt av. Bokas undertittel er ekstrem politisering uten politiske følger.
I tillegg ser det ut som om dei har ein plan.
Det gjeld iallfall for den typen rørsler Jäger set sitt håp til. Boka utgitt i 2023, så Jäger inkluderer også diverse ytre høgre-rørsler i analysen. Med Donald Trump som president i USA har det skjedd ei så radikal og rask omkalfatring av landet at ein må kunne snakke om ei hyperpolitisert tid med enorme politiske endringar. Dette sa Jäger seg også einig i då han besøkte Norsk Sakprosafestival for nokre veker sidan.
Strukturane bak
Analysen hans byr likevel på ei slags forklaring av dette. Han skriv at den radikale høgresida verkar vere betre organisert enn venstresida. MAGA-rørsla er knytt til sterke kyrkjesamfunn og organisasjonar som National Rifle Association, som samlar folk frå USAs periferi og eliten i det republikanske partiet. Jäger skriv også at samfunnets øvste sjikt gjerne har ein distinkt felles kultur, dei sender barna på dyre elitskular, pleier nettverk som krev ein spesiell livsstil og luksusforbruk som ingen andre kan henge med i. I tillegg ser det ut som om dei har ein plan. Stadig meir av tenketanken Heritage Foundations notat Project 2025 blir gjort verkeleg i dagens USA.
Jäger skildrar eit havari. Men han har også håp. Jäger knyter det til reinstitusjonalisering. Det er eit langt ord for medlemsorganisasjonar med struktur og strategi. Dei siste åra har iallfall vist oss at den som vil ha sosial rettferd, grønt skifte og solidaritet ikkje kjem særleg langt om ein held seg til nettbaserte indignasjonsfellesskap.


Kommentarer