Vi må slutte å sjå på unge som utgifter, og heller som investeringar.
Klisjeen om at vi er verdas rikaste land, høyrer vi ofte. Mange på høgresida uroar seg for at landet vårt investerer for mykje i unges framtid fordi dei meiner det er for dyrt. Vi må slutte å sjå på unge som utgifter, og heller som investeringar. Alle unge som kan, må få moglegheita til å kome seg i jobb.
Vi treng ei forpliktande ordning som gir alle unge ein reell sjanse til arbeid eller utdanning.
Rapportar frå NAV, Sysselsettingsutvalet, Fafo og SSB viser at arbeidsløyse og utanforskap blant unge er alvorlege utfordringar. Nesten 100 000 unge står utanfor både arbeid og utdanning. Dette kostar ikkje berre milliardar kvart år, men skapar også utryggleik og svekkjer tilliten til fellesskapet. Vi treng ei reell politikkendring som fungerer for unge.
Mange unge manglar eit nettverk som kan hjelpe dei inn på arbeidsmarknaden og mange treng bistand til å komme seg i arbeid.
Vi treng ein sosialdemokratisk jobbgaranti. Den kan vere eit avgjerande steg vidare frå ungdomsgarantien frå 2023, som gav unge rettleiing og ein fast kontaktperson i NAV. Der ungdomsgarantien tilbyr rettleiing, gir jobbgarantien konkrete tilbod om arbeid eller utdanning.
Vi veit at det ikkje er nok å berre få rettleiing; mange unge treng reelle moglegheiter for å kome seg inn i arbeidslivet. I Arbeidarpartiet sitt nye programutkast skriv dei allereie at dei vil “videreutvikle og styrke ungdomsgarantien, der unge under 30 år garanteres jobb eller utdanning”.
Når høgresida prioriterer skattekutt og privatisering, vel dei å sette unge si framtid på spel for kortsiktig profitt. Høgre har fleire gonger føreslått å redusere ressursane til NAV og offentlege tenester – ressursar vi treng for å gjennomføre jobbgarantien. Deira prioriteringar svekkjer NAV sitt grunnlag for å følgje opp ungdomsgarantien, som gjer unge hjelp med å komme seg inn.
Ved å styrke velferdsstaten og gi unge reelle sjansar, skapar vi ikkje berre ein tryggare framtid, men også ein økonomisk gevinst for fellesskapet.
Ein jobbgaranti kan sende eit klart signal: Fellesskapet vårt gir aldri opp på nokon.
Mange unge manglar eit nettverk som kan hjelpe dei inn på arbeidsmarknaden og mange treng bistand til å komme seg i arbeid. Jobbgarantien handlar difor om meir enn berre jobb; den handlar om å gi alle unge lik moglegheit til å lukkast, uavhengig av ressursane i familien. Jobbgarantien kan bli eit kraftfullt verktøy for å utjamne desse forskjellane.
Gjennom jobbgarantien kan vi kombinere trygg sysselsetjing med arbeidsmarknadstiltak og betre psykisk helsestøtte. Dette gir stabile rammer og eit arbeidsliv som gir reelle sjansar. Ein jobbgaranti er ei investering i at fleire unge får varig tilknyting til arbeidslivet, slik at dei kan byggje både økonomisk tryggleik og sosial tilhøyrsel.
Ein jobbgaranti kan sende eit klart signal: Fellesskapet vårt gir aldri opp på nokon. Vi må halde fram regjeringa sitt arbeid for å gi unge ei reell moglegheit til å delta i arbeidslivet. AUF kjem til å kjempe vidare for at kvar einaste ungdom skal få sin sjanse – til å lukkast, bidra, og byggje landet.
Kommentarer