Det er ingen tvil om at Raudt går inn for ei form for straumstøtte som favoriserer dei med høge inntekter og bidrar til å auke dei økonomiske skilnadene i samfunnet.
Under overskrifta «Rødt har alternativet til Naustdalslids strømstøtte», kommenterer Raudts nestleiar Sofie Marhaug min artikkel fra 24. april der eg samanliknar fire ulike modellar for straumstøtte.
For mi drøfting av verknadene av dei fire formene for straumstøtte, er det derimot uvesentleg.
Etter å ha innleia kommentaren sin heilt korrekt med å skrive at eg «kritiserer en rekke ulike strømstøtteordninger», sporar ho av i neste setning ved å hevde at eg «fremstiller Rødts strømpolitikk feilaktig».
Det kan eg umogleg ha gjort etter som eg ikkje framstiller Raudts strømpolitikk.
Eg framstiller og samanliknar Raud sitt forslag til straumstøtteordning i form av makspris med tre andre alternativ til straumstøtte. Men så presterer Marhaug det kunststykket å hevde at «Det Rødt foreslår er ikke en strømstøtte». Raudt vil berre regulere marknadsprisen på straum til 35 øre.
Dette blir ei merkeleg form for ordkløyveri. Så lenge det finst ein straummarknad, har uansett den regulerte straumprisen ein alternativ pris, og mellomlegget blir uansett ein subsidie som straumkundane nyt godt av.
I annonsa blir det heller ikkje sagt noko om korleis straumstøtta skal finansierast.
Slik sett blir det i prinsippet likegyldig om straumstøtta blir finansiert av statens store inntekter av straumsalet til utlandet eller av straumselskapa sine inntekter. Men eg forstår at for partiet Raudt er dette ein viktig ideologisk skilnad. For mi drøfting av verknadene av dei fire formene for straumstøtte, er det derimot uvesentleg.
Marhaugs påstand om at Raudt ikkje foreslår ei straumstøtteordning, blir desto meir besynderleg etter som Raudt sjølv presenterer makspris som partiets form for straumstøtte, eksempelvis i fleire heilsides annonser i Klassekampen.
Her samanliknar Raudt Regjeringas forslag om fastpris med eige forslag om makspris og argumenterer med at med fastpris vil straumkundane gå glipp av billeg straum når marknadsprisen ligg undre 35 øre.
I denne annonsen har ikkje Raudt avvikla straummarknaden, men opererer med ein variabel straumpris. Korleis kunne ein elles bestemme når prisen er over eller under 35 øre/kWt?
I annonsa blir det heller ikkje sagt noko om korleis straumstøtta skal finansierast. Med andre ord: Her gjer partiet Raudt seg skuldig i den same «feilen» som Marhaug skuldar meg for, presentere Raudt si straumstøtte utan å ta med alle andre sider ved partiets straumpolitikk.
Om eg tolkar Marhaug velvillig, så kritiserer ho meg for ikkje å skrive ein anna artikkel der eg gjer greie for.
«Naustdalslid har heller ikke fått med seg at vi ønsker en progressiv nettleiemodell…» Her tar Marhaug feil. Eg har absolutt fått med meg både dette og mange andre moment i Raudt sin samla kraftpolitikk. Og skulle det vere slik at eg ikkje har «fått dette med meg», gjeld det same for dei i Raudt som har utforma denne heilsides annonsen.
Heller ikkje annonsen har «fått med seg» at Raudt vil ta norsk kraft av kraftbørsen, regulere nettleiga, regulere el-avgifta, ulike ordningar for støtte til energieffektivisering, kutte i momsen på straum, osv.
Om eg tolkar Marhaug velvillig, så kritiserer ho meg for ikkje å skrive ein anna artikkel der eg gjer greie for, trekker inn og kommenterer, alle dei andre sidene ved Raudts straumpolitikk. Etter mitt syn må det vere legitimt å ta for seg straumstøtteordninga spesielt, særleg etter som partiet sjølv gjer dette utan å ta med dei andre sidene ved Raudts straumpolitikk.
Men la oss likevel sjå kort på Raudt sin eigen presentasjon av partiets straumpolitikk slik den er lagt ut på nettsida “Makspris på 1-2-3”: Etter å ha presentert sin primære politikk om å ta krafta av straumbørsen, skriv partiet:
«I tiden det tar å få dette på plass, støtter vi alle tiltak som reduserer prisen i sluttbrukermarkedet til et rimeligere nivå, altså gjennom strømstøtte til husholdninger og bedrifter.»(mi utheving)
Marhaug er opptatt av det urettferdige av at denne «tante Olga» får like lite i straumstøtte som ho som bor i eit nytt og betre isolert hus.
Og så presenterer partiet forslaget sitt til makspris (det same diagrammet som vi ser i annonsen i Klassekampen), der fordelen er at i motsetnad til med fastpris, får straumkundane nyte godt av billeg marknadspris under 35 øre. Min kronikk avgrensar seg til å diskutere Raudts straumstøtte i «den tiden det tar» å få på plass Raudts samla kraftpolitikk.
«Den tiden det tar» kan kanskje ta si tid. Men i mellomtida bør Sofie Marhaug og eg kunne vere samde om at makspris er straumstøtte og at det er fullt legitimt å gjere som partiet sjølv gjer: å samanlikne Raudt sitt forslag til straumstøtte med andre former for straumstøtte.
Det Sofie Marhaug så godt som ikkje problematiserer i sine kommentarar, er det eg faktisk dokumenterer i artikkelen. Eitt unntak: Ho peikar på det eg vil kalle «tante Olga syndromet». Eg kommenterer» tante Olga» i artikkelen. Ho som «bor i et gammelt hus ikke har råd til å pusse opp».
Marhaug er opptatt av det urettferdige av at denne «tante Olga» får like lite i straumstøtte som ho som bor i eit nytt og betre isolert hus.
Det Marhaug gjer seg skuldig i her, er eit gamalt triks der dei svakare i samfunnet blir brukte som «brekkstang» for å forsvare ordningar som først og fremst tener dei rike og velståande.
I mitt rekneeksempel kan tante Olga doble elforbruket sitt fra 15000 kWt/år til 30000kWt/år og likevel komme betre ut av det enn med Raudts makspris. Det som Marhaug derimot ikkje ser ut til å bekymre seg for, er at direktøren med to millionar i inntekt og enormt straumforbruk, får heile forbruket sitt subsidiert med Raudts makspris.
Det Marhaug gjer seg skuldig i her, er eit gamalt triks der dei svakare i samfunnet blir brukte som «brekkstang» for å forsvare ordningar som først og fremst tener dei rike og velståande.
Det er sjølvsagt rett at straumforbruket varierer i alle inntektsgruper. Det er likevel ein tydeleg samanheng, slik at med høgare inntekt, aukar også straumforbruket. Det er såleis ingen tvil om at Raudt går inn for ei form for straumstøtte som først og fremst favoriserer dei med høge inntekter og bidrar til å auke dei økonomiske skilnadene i samfunnet.
I kommentarane sine er Marhaug også opptatt av å vise korleis Raudt har ein politikk for energiøkonomisering, med m.a. progressiv nettleige og støtte til enøktiltak, men ho unngår å kommentere korleis både makspris, dagens ordning og fastpris så godt som heilt manglar incentiv til energiøkonomisering, men tvert om stimulerer til energisløsing.
Kommentarer