Tenk om denne vekas COP-møte kunne samla seg om å utvikle ein strategi for global energiomstilling, heller enn fortsatt å sverge til eit 1,5-gradersmål som alle i grunnen veit ikkje kan realiserast.
Denne veka møtest igjen alle verdas leiarar til toppmøte om den globale klimatrusselen. I år, liksom tidlegare år, får vi høyre at målet om å halde den globale temperaturauken under 1,5 grader ligg fast, sjølv om målet år for år verkar fjernare og fjernare.
Årets klimamøte er lagt til Sharm el-Sheikh i Egypt og er det 27. i rekka av såkalla COP-møte (Conference Of the Parties). Det vil seie møte for alle partar som har slutta seg til FNs klimakonvensjon, og der «partane» gjer opp status for klimaarbeidet og stakar ut den vidare kursen.
Trass i at det kunne vore god grunn til å markere årets møte som ein særleg milepel, har det vore meir stille enn vanleg om møtet denne gongen. Det kan likevel vere på sin plass med eit lite tilbakeblikk. I år er det nemleg 30 år sidan FNs store miljøkonferanse i Rio. Det var denne konferansen som på alvor sette klimaproblemet på den globale dagsordenen, mellom anna med opprettinga av nettopp Klimakonvensjon.
Oppsummeringa etter det første møtet i 1995 er ein god indikasjon på korleis det skulle kom til å gå vidare.
Men klimaproblemet var ikkje nytt i 1992. Det hadde stått på den politiske dagsordenen i minst 20 år etter FNs store miljøkonferanse i Stockholm i 1972. Fire år før Rio-møtet, i 1988, hadde Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) oppretta det som etter kvart skulle bli den sentrale institusjonen for samordning og evaluering av forsking om det globale klimaet: International Panel on Climate Change (IPCC).
Med miljøtoppmøtet i Rio i 1992 var med andre ord heile det FN-organiserte apparatet for å møte den globale klimautfordringa på plass. Det var optimisme og tru på at verda ville få bukt med det som dei fleste oppfatta som ein dramatisk trussel: Den globale oppvarminga. I mars 1995 fann det første COP-møtet stad i Berlin for å overvake og følge opp måla for Klimakonvensjonen, nemleg å halde nede konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren til eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad på klimasystemet. Dermed var systemet «sett i rørsle».
Nå er vi i 2022, og det 27. COP-møtet er i gang.
Oppsummeringa etter det første møtet i 1995 er ein god indikasjon på korleis det skulle kom til å gå vidare. Alt her stod konflikten mellom dei rike industrialiserte landa med store utslepp og landa i den tredje verda fram som eit kjernepunkt. Og dei utsleppsmåla som landa alt da hadde sett seg, var langt fra å bli oppfylte. Med unntak av Nederland og Tsjekkia, heiter det i oppsummeringsrapporten, var ingen av Annex I landa (dei rike utvikla landa) på veg til å oppfylle eksisterande mål for utsleppskutt.
Norge var heller ikkje eit unnatak. Alt på dette tidspunktet hadde Norge tatt mål av seg til å vere eit føregangsland i klimakampen. Etter at Brundtlandkommisjonen hadde levert rapporten sin, «Vår felles framtid», i 1987, var Norge raskt på banen med å sette seg som mål å stabilisere klimautsleppa på 1989-nivå innan 2000. Saman med den økonomiske nedgangen tidleg på 1990-talet, blei målet raskt avskaffa med tilvising til at klimaproblemet var eit globalt problem som måtte løysast gjennom ein internasjonal avtale.
Dette var da også det COP1 møtet sette sin lit til. Trass i dei blanda kjenslene ein sat att med etter COP1, heiter det i kommunikeet frå møtet at arbeidet dei neste to åra skulle fokusere på forhandlingane for å få på plass ein bindande protokoll eller andre bindande juridiske instrument, for å styre utviklinga fra 2000 og vidare. Noko bindande juridisk instrument blei det ikkje, men som vi i veit i dag, lykkast det i den forstand at Kyotoprotokollen kom på plass i 1997.
Men det lykkast ikkje i den forstand at verdssamfunnet har fått kontroll på utsleppa av klimagassar og den globale oppvarminga. Snarare tvert imot. Utsleppa heldt fram med å gå opp, berre med små unntak der svikt i verdsøkonomien har resultert i små hakk i den oppovergåande kurva. I løpet av dei 30 åra fra 1990 til 2019 har CO2-utsleppa i verda auka med fra knapt 23 milliardar tonn per år til meir enn 36 milliardar tonn.
Kort og enkelt sagt; det ser mørkt ut.
I mellomtida har verdas leiarar regelmessig, kvart einaste år, med unntak av «koronaåret 2020», komme saman for å følge opp planar og lovnader. Da dei møttest i København i 2009 for å fornye Kyoto-avtalen og fastsette nye kvotar for reduserte utslepp, braut møtte saman. Det einaste dei blei samde om, var å halde fast på strategien og forsøke på nytt. Etter nye årlege møte og forsøk på å snekre saman grunnlaget for ein ny avtale, lykkast dei endeleg i Paris i 2015.
Her kom dei fram til ei salomonisk løysing ved at kvart land skulle melde inn sine eigne mål for reduserte utslepp og auke ambisjonsnivået i håp at det til saman vil få ned dei globale utsleppa.
Men samtidig som det har vist seg umogleg å realisere dei måla som skulle halde den globale temperaturen under 2,0 grader, har verdas land svara med å auke ambisjonsnivået til at vi nå skal halde temperaturen under 1,5 grader. Dersom vi held oss til berekningane i den siste rapporten fra IPCC, krev 1,5 gradersmålet at utsleppa av klimagassar må reduserast med mellom rundt 50 prosent innan 2030.
Da fristen for å melde inn oppdaterte mål for utsleppsreduksjon til COP27 hadde gått ut, hadde berre 24 av 194 land rapportert inn oppdaterte mål. Dersom landa realiserer dei måla dei har rapportert inn så langt (nå eller tidlegare), er det derimot berekna å ville leie til ca. 3,6 prosent HØGARE utslepp i 2030 samanlikna med 2019. Og merk at det er dersom landa faktisk oppnår dei måla dei har meldt inn.
Men så godt som ingen ting har skjedd.
Erfaringane til nå er at dei måla som blir melde inn langt fra er tilstrekkelege for å realisere 1,5 gradersmålet, og landa maktar heller ikkje å realisere dei måla dei sjølve har meldt inn.
Kort og enkelt sagt; det ser mørkt ut. Dersom dei modellane klimaforskarane baserer bilda av framtida på, er det fullstendig umogleg å nå dei utsleppskutta som IPCC meiner må til fram til 2030 for å komme i nærleiken av 1,5 gradersmålet. Det vil med andre ord ikkje vere mogleg å realisere eit mål om 1,5 eller maksimum 2,0 grader global oppvarming gitt dagens klimapolitiske regime.
Det beste estimatet for global temperaturauke fram til 2100 er, ifølgje Klimakonvensjonens eigen rapport før årets COP-møte, ein global temperaturauke på ein stad mellom 2,1 og 2,9 grader.
Det store mysteriet er likevel dette: Korleis kan det ha seg at ikkje verdas politikarar og forskarar, som kjem saman for å følge opp klimastrategien kvart einaste år, ikkje etter kvart spør seg om det kan vere noko feil med sjølve strategien.
Spørsmålet eg reiser, er om klimaproblemet eignar sege for den forma for målstyring som det globale klimaregimet legg opp til.
Jamt og trutt har utsleppa fortsett å gå opp, trass i stendig høgare varselrop fra forskarane, og trass i at politikarane har formulert stendig høgare mål for utsleppsreduksjon. Det same svaret har likevel heile tida vore: Vi må prøve enda hardare. Og når måla ikkje blir nådde, har svaret vore: Vi må sette oss enda høgare mål. Det var også svaret til FNs klimasjef, Patricia Espinosa, når ho såg mangelen oppdaterte måltal til det førre COP-møtet i Glasgow i 2021: Ambisjonane må styrkast!
Men så godt som ingen ting har skjedd.
På same måte som deltakarane på det første COP-møtet i Berlin i 1995 måtte konstatere at medlemslanda ikkje greidde å etterleve sine eigne mål, ser vi at dette er tilstanden også i 2022. Og den sama mangelen på oppdaterte måltal som bekymra deltakarane på COP26, ser vi gjentar seg i år til COP27. Men svaret fra møtet i Egypt vil høgst truleg vere eit ekko fra tidlegare svar: Vi må halde fast på måla, vi må ikkje gje opp 1,5 gradersmålet.
Dersom du derimot «…… går inn i et rom fullt av forskere og spør hvem som tror det er mulig å begrense oppvarmingen til 1,5 grader, vil ingen rekke opp hånden», sa Glenn Peters, forskar ved Cicero, til ABC Nyheter i februar 2020.
Spørsmålet eg reiser, er om klimaproblemet eignar sege for den forma for målstyring som det globale klimaregimet legg opp til. For det er slik vi må oppfatta Kyoto-strategien: Som eit gedigent verdsomfattande målstyringsprogram: Det store, overordna målet er den globale temperaturen. Den skal haldast innafor ein auke på 1,5 grader.
Verkemiddelet er reduserte utslepp av klimagassar. Dei enkelte land får seg tildelt (eller set seg) nasjonale mål for utsleppsreduksjon. Så er det opp til kvart land å fordele nasjonale delmål og finne måtar å realisere sine nasjonale mål for reduserte utslepp
Det knyter seg minst to problem til denne strategien. For det første krev målstyring klare og eintydige mål. Global temperatur eg ikkje eit slikt mål. Vi vil aldri vite om vi er innafor dette målet eller ikkje. Her er vi avhengige av klimavitskapens modellproduserte kunnskap som kan vise seg å vere meir eller mindre rett. Den globale temperaturen endrar seg ujamt, også av naturlege grunnar. Eit mål for å halde nede CO2-konsentrasjonen i atmosfæren, ville vore eit meir meiningsfylt og kontrollerbart mål.
Strategien inviterer til eit individuelt «svarteper-spel».
For det andre krev målstyring kontroll over verkemidla. Og her ligg nok det største problemet. Etter som det overordna verkemiddelet er å redusere utsleppa av klimagassar, inneber det at strategien i realiteten rettar seg mot å påverke og kontrollere åtferda til kvart einaste individ av dei snart åtte milliardane menneske på kloden.
Etter som CO2-utsleppa heng saman med så godt som all menneskeleg aktivitet, får vi alle eit krav på oss om å legge om livsstil, reise mindre, legge om kosthaldet, akseptere dyrare drivstoff, godta fleire bomstasjonar, vi bør bu trongare, spare energi, og generelt sett akseptere ein nedgang i levestandard og økonomisk vekst. Så lenge det er utsleppa som står i fokus, er det vanskeleg å komme utanom at «rekninga» til sjuande og sist hamnar hos den einskilde innbyggar.
Strategien inviterer til eit individuelt «svarteper-spel»: Kvifor skal eg la vere å køyre bil til hytta, når den einaste som taper på det er eg sjølv, men alle andre held fram som før og klimagevinsten er mikroskopisk.
Men dette «svarteper-spelet» gjeld ikkje berre individuelt, det gjeld også globalt, og vi får det illustrert på COP-møta. Klimaavtalane (Kyoto og Paris) er ikkje juridisk bindande instrument, slik COP1 såg føre seg. Det er opp til det einskilde land om og korleis dei vil følgje opp pliktene sine.
Og her slår svarteper-spelet inn: Kvifor skal vårt land ta på seg store offer og kostnader med å tvinge gjennom reduserte utslepp når andre land ikkje ein gong har ambisjonar om å oppfylle ein rimeleg del av det som trengs for å få utsleppa ned? Dette gjeld tydeleg i forholdet mellom rike og fattige land. Det er i dag først og fremst i den tredje verda at utsleppa går opp samtidig med at det skjer økonomisk vekst og utvikling.
Vondarta problem eignar seg kort og godt ikkje for målstyring.
Her er det ikkje så mykje tale om å gå ned i forbruk og levestandard, som det er tale om å sette ein stoppar for vidare vekst og utvikling, som vil ta fra innbyggarane i fattige og middelinntektsland moglegheitene for vekst og heva levestandard. Her ligg også den viktigaste nøkkelen til at det har vore så vanskeleg å komme fram til semje om framtidige utsleppskutt. Dette var eit hovudproblem på det første COP-møtet i 1995, og det er minst like uløyst i 2022. Men strategien har ligge fast.
Ser vi klimaproblemet i dette perspektivet, ser vi bilde av det som gjerne blir kalla eit «vondarta problem» (på engelsk wicked problem). Slike problem har ikkje eintydige løysingar, og dersom du tar tak i ein del av problemet, utløyser det gjerne nye problem i andre delar av systemet.
Den globale motsetninga mellom å redusere fattigdom og å redusere klimaproblemet, er eitt døme. Eit meir heimleg døme er utbygging av fornyeleg energi. Vindmøllene er «rasjonelle» for å realisere overgang fra karbonbasert til fornyeleg energi. Men dei rasere samtidig natur og miljø. Da Frankrikes president Macron i 2018 skulle vise handlekraft framfor klimamøtet i Katowice i Polen, og auka drivstoffavgiftene for å redusere dei franske utsleppa, utløyste det nasjonalt raseri i form av opprøret til Dei gule vestane.
Parisavtalen set ikkje kvoter for utvinning av olje og gass, eller legg avgifter på utvinninga.
Og vi kunne liste opp døme på døme på korleis tiltak for å få ned utsleppa av klimagassar skaper problem for naturen og øydeleggande effektar i andre delar av samfunnet.
Vondarta problem eignar seg kort og godt ikkje for målstyring. Oppfylling av måla kolliderer nesten alltid med realiseringa av andre mål i samfunnet. Som med all målstyring, endar det også lett opp med at ein blir meir opptatt av kva som kan målast, enn kva som faktisk fører fram til det overordna målet. Det gjeld også i klimapolitikken. Eit aktuelt døme er elektrifisering av petroleumsverksemda på sokkelen.
Utsleppa fra petroleumsverksemda utgjer meir enn ein fjerdedel av dei norske utsleppa, over 13 millionar tonn av samla utslepp på ca. 50 millionar tonn. Drifta av plattformene får straum fra gassdrivne kraftverk på den einskilde plattform. Utsleppa som kjem av bruken av oljen og gassen er uvedkommande for Norge, etter som det skjer utafor Norges grenser. Difor er heller ikkje stans i oljeverksemda, som miljørørsla ivrar for, relevant for den norske klimarekneskapen.
Parisavtalen set ikkje kvoter for utvinning av olje og gass, eller legg avgifter på utvinninga. Det som blir målt, er utsleppa fra bruken av olje, gass og kol innafor kvart land. Difor blir det rasjonelt for Norge å elektrifisere drifta på sokkelen med fornybar energi fra land. Så lenge drifta skjer utan utslepp innafor Norges grenser, er det irrelevant at den gassen som Norge dermed ikkje brenner på sokkelen berre aukar den mengda gass som kan eksporterast til, for eksempel , Tyskland og brend der. Det er Tysklands problem, ikkje Norges.
I tillegg verkar elektrifiseringa til å «grønvaske» petroleumsverksemda og, om mogleg, å forlenge norsk olje- og gass-utvinning. Spørsmålet om Norge alternativt kunne brukt den fornybare energien på investeringar i omstilling til eit grønt skifte, som til dømes utvikling av teknologi for karbonfangst, karbonlagring, hydrogenproduksjon eller utvikling av vindkraft til havs, blir irrelevant for å oppnå måla i Parisavtalen, dersom det ikkje får ned dei nasjonale utsleppa. Parisavtalen har ikkje mål for grøn omstilling.
Eit effektivt klimatiltak ville vere å verne mest mogleg av skogen.
Eit anna problem med målstyring er «positive» tiltak som ikkje blir målte. Eksempel på dette er skogvern. Skog bind opp CO2 gjennom fotosyntesen. Norsk skog og skogsjord har i dag eit netto opptak av CO2 på om lag 25 millionar tonn. Det svarar til omtrent halvparten av dei årlege CO2-utsleppa i Norge.
Eit effektivt klimatiltak ville vere å verne mest mogleg av skogen, la den fortsette å vekse og binde opp stendig meir CO2, og å plante skog på nye areal der det i dag ikkje veks skog. Det er berre det at denne CO2-lagringa er ikkje med i den norske klimarekneskapen.
På den andre sida er det tvert om slik at brenning av skog i form av pellets som alternativ til kol i kolkraftverk, og produksjon av biobrensel ved å hogge skog, blir rekna inn i klimarekneskapen som fornyeleg energi. Dette trass i at tre slepper ut betydeleg meir CO2 enn kol ved forbrenning. Ein MWt elektrisitet produsert med biomasse kan sleppe ut meir enn tre gonger så mykje CO2 som ein MWt produsert med gass.
Det stemmer jo at dersom du feller eit tre og brenner det opp, veks det etter kvart opp eit nytt tre som bind opp tilsvarande mengde CO2 som det treet du brende opp. Problemet er tidsperspektivet. Det vil kunne ta 80 til 100 år for det nye treet å binde opp den mengda CO2, som blei sleppt ut da du brende opp det første treet. I eit perspektiv der er tale om å halvere utsleppa innan 2030, ville det difor vere meir klimavennleg å bevare skogen og heller brenne kol i denne «overgangsperioden» enn å brenne tre.
Skulle vi møtt CO2-problemet på same måten, måtte vi ha angripe den viktigaste årsaka til problemet, nemleg den karbonbaserte energien.
I klimarekneskapen bidrar brenninga av tre til reduserte utslepp. I statistikken for CO2 i atmosfæren fører brenninga av tre til høgare utslepp enn om det alternativt hadde blitt brent gass eller kol.
Klimaproblemet har blitt oppfatta som eit utsleppsproblem på linje med sur nedbør eller som utsleppa av KFK-gassar, fra m.a. kjøleskap og djupfrysarar, som bryt ned ozonlaget. Både problema med sur nedbør og ozonproblemet har blitt møtte med tiltak retta mot årsakene til utsleppa. Sur nedbør blei møtt med reinestiltak i industrien, ozonproblemet med å byte ut dei ozon-nedbrytande gassane med gassar som ikkje øydelegg ozonlaget.
Skulle vi møtt CO2-problemet på same måten, måtte vi ha angripe den viktigaste årsaka til problemet, nemleg den karbonbaserte energien, og bytt den ut med utsleppsfri energi. Og heilt sidan dagens klimapolitiske regime blei lansert i Rio for 30 år sidan, har kritiske røyster argumentert for nettopp det: å legge avgiftene på produksjonen av olje, kol og gass, heller enn på utsleppa fra bruken av karbonbasert energi.
Samtidig måtte kreftene vore sette inn på å utvikle og ta i bruk utsleppsfri energi, noko som gradvis ville blitt lettare, etter som den karbonbaserte energien ville blitt dyrare. Dette ville også vore langt enklare å gjennomføre, og ville slå langt mindre sosialt skeivt ut. Såleis har klimaøkonomen og nobelprisvinnaren William Nordhaus, heile tida argumentert for å angripe sjølve energiproblemet, heller enn å lite på systemet med nasjonale utsleppskvotar skal tvinge fram energiomstilling.
I seinare tid har også tanken om å innføre ei slik karbonavgift blitt kopla til ideen om at heile eller delar av avgifta kunne tilbakeførast til innbyggarane.
Det skjedde sjølvsagt ikkje.
Dette ville også verke sosialt utjamnande, og ikkje som dagens avgifter, der dei som har minst, og som står for dei minste utsleppa, må betale dei same avgiftene som samfunnets rikaste, og som også står for dei største utsleppa.
Den relativt vellykka handteringa av ozonproblemet blir gjerne halde fram som eit mønster også for klimapolitikken. Men dersom verda hadde angripe ozonproblemet på same måte som vi i dag angrip CO2-problemet, skulle det vore lagt avgifter på bruken av så som kjøleskap, djupfrysarar og luftkondisjoneringsanlegg. Det skjedde sjølvsagt ikkje. Produsentane har lagt om produksjonen og det har vore lagt til rette for finansiering og teknologiutvikling for å erstatte dei ozonnedbrytande stoffa, ikkje ved å skattlegge bruken av kjøleskap og djupfrysarar.
Tenk om denne vekas COP-møte kunne samla seg om å utvikle ein strategi for global energiomstilling, heller enn fortsatt å sverge til eit 1,5-gradersmål som alle i grunnen veit ikkje kan realiserast.
Kommentarer