Hender som varmer seg på en varmeovn
FOTO: Evgen_Prozhyrko/Canva

Venstresida premierer energisløsing

Det er vanskeleg å forstå at partia på venstresida går inn for former for straumstøtte som premierer energisløsing.

Det går føre seg ein heftig debatt om straumstøtte for tida. Ulike ordningar konkurrerer om å bli framstilte som best. Men diskusjonen blir gjerne litt abstrakt utan å konkretisere korleis ulike ordningar faktisk kan gjere skilnad for straumkundane.

I det følgjande har eg konstruert eit rett nok enkelt, men illustrerande, rekne-eksempel på korleis fire ulike alternativ som er oppe i debatten kan slå ut i ein rett nok sterkt forenkla «straummarknad» med tre abonnentar fra ulike sosiale lag og med høgst ulikt el-forbruk.

Alle desse ordningane har samtidig det til felles at dei gir meir støtte jo høgare forbruk.

Dersom ein er opptatt av at straumstøtta ikkje først og fremst skal premiere dei som brukar mest straum, men stimulere til energiøkonomisering og økonomisk omfordeling, er det ingen tvil om kva for ordning som vil vere best.

Så la oss sjå på dei fire alternativa og legge inn nokre (ganske realistiske, trur eg) føresetnader i vårt rekne-eksempel:

  • Dagens norske støtteordning, der staten dekker 90 prosent av straumkostnadene time for time dersom straumprisen går over 75 øre per kWt
  • Arbeidarpartiet sitt forslag om fastpris for alt forbruk med 40 øre/kWh.
  • Partiet Raudt sitt forslag om makspris på 35 øre. Det vil seie at straumkunden time for time får dekka heile straumprisen over 35 øre/kWh.
  • Likt kronebeløp til alle straumkundar uavhengig av forbruk.

Staten legg inn eit politisk bestemt samla støttebeløp, der straumkunden i utgangspunktet betalar spotpris, men der støtta blir utbetalt med likt kronebeløp til alle straumkundar.

Gjennomsnittsprisen for dette forbruket vil også bli høgare enn for makspris.

Vi må legge inn nokre føresetnader som kan vere meir eller mindre realistiske:

Vi tenker oss altså ein enkel straummarknad med tre straumkundar: Direktør Olsen har høg inntekt og høgt straumforbruk og nyttar opp til taket på kr 5000 kWt per månad, som gir 60 000 kWt/år. Eventuelt høgare forbruk og straum til Olsens to hytter blir ikkje dekka av dagens støtteordning. Gymnaslærar Pedersen skal dekke straumforbruket for ein vanleg middelklassefamilie og brukar 30 000 kWh per år. Minstepensjonist Hansen brukar 15 000 kWt per år.

Så forutset vi ein gjennomsnittleg spotpris på kr 1,00 på årsbasis. Utan straumstøtte blir reknestykket enkelt. Straumrekninga ved årets slutt blir kr 1,0 gonger forbruket i kWt. Med AP sin fastpris blir det også enkelt. Straumkundane betalar 40 øre/kWt for alt forbruk. Dei betalar ikkje spotpris for nokon del av forbruket. Men det gjeld ikkje for dagens system og for makspris.

Eksempelvis vil kunden med makspris betale spotpris når denne er under 35 øre. Vi veit ikkje kor stor del av forbruket dette vil vere, men i dette reknestykket har eg forutsett at 1/3 av det samla forbruket vil ligge under dette innslagspunktet på 35 øre. Dette forbruket vil ha ein gjennomsnittspris som nødvendigvis vil ligge under 35 øre, og eg har stipulert denne gjennomsnittsprisen til 25 øre. Tilsvarande har eg gjort for dagens ordning, berre det at her er innslagspunktet for støtte betydeleg høgare (75 øre).

Med fastpris er det ingen ting å spare.

Dermed vil ein større del av forbruket skje til spotpris. Eg stipulerer dette til 2/3. Gjennomsnittsprisen for dette forbruket vil også bli høgare enn for makspris. Eg har stipulert dette til 60 øre.

Eg har også forutsett likt forbruksmønster. Eg har med andre ord ikkje tatt omsyn til at dei ulike modellane for støtte kan ha litt ulike incentiv til straumsparing. Med dagens ordning han forbrukaren trass i alt spare ein del kroner på å ladde elbilen sin om natta til (kanskje) 10 øre/kWt, heller enn like under innslagspunktet for støtte (f eks 74 øre) midt på dagen. Med makspris kan ein også spare litt, men berre ved å tilpasse forbruket så lenge spotprisen er under 35 øre.

Med fastpris er det ingen ting å spare. Drøftinga i denne artikkelen er heller ikkje ei samla vurdering av energipolitikken til dei ulike partia bak alternativa. Her er det mykje anna som ville komme inn, som regulering av nettleige, moms, etc. Denne artikkelen reindyrkar effektane av fire modellar for straumstøtte.

Med dei føresetnadene vi har lagt inn, kan vi setje opp ein tabell for å samanlikne effektane av dei dei fire alternativa for straumstøtte:

 

Utan støtte Dagens støtteord. Fastpris 40 øre Makspris 35 øre Lik støtte
Olsen Elkostnad 60 000 26000 24 000 21 000 37000
Støtte 0 34 000 36 000 39 000 23000
Pedersen Elkostnad 30 000 13 000 12 000 9 500 7000
Støtte 0 17 000 18 000 20 500 23000
Hansen Elkostnad 15 000 6 500 6 000 4 750 -8000
Støtte 0 8 500 9 000 10250 23000
SUM støtte 0 59500 63000 69 750 69000
Gjennomsnittleg elpris 100 øre 43 øre 40 øre 35 øre 100 øre

 

Her kjem Raudt sin makspris gunstigast ut for straumkundane med 69750 kroner i samla støtte. Raudts makspris gir også den lågaste gjennomsnittlege elprisen med 35 øre i dette rekne-eksempelet. Vi merkar oss at skilnadene mellom dei tre subsidierte alternativa er (kanskje) overraskande liten. Det er likevel direktør Olsen som dreg av med brorparten av støtta i alle dei tre alternativa. I makspris-alternativet blir han subsidiert med nesten 40 000 kroner, eller i underkant av 60%, og får straumrekninga si redusert fra kr 60 000 til kr 21 000. Tilsvarande får Pedersen 28% av den samla støtta, mens pensjonist Hansen må greie seg med 14%.

Det dei derimot har felles, er at dei premierer høgt forbruk.

Men kva hadde skjedd om vi med utgangspunkt i makspris-alternativet delte 69 000 kroner i tre like delar á kr 23 000? Resultatet ser vi i kolonna til høgre i tabellen. Direktør Olsen ville fått kr 16 000 mindre i støtte enn det Raudt vil gje han, og får auka straumrekninga si fra 21 000 kroner til 37 000. Gymnaslærar Pedersen ville derimot komme betre ut enn med Raudt sin makspris og få redusert straumrekninga si med 2 500 fra kr 9 500 til kr 7 000.

Når minstepensjonist Hansen har betalt heile straumrekninga si på 15 000 kroner, sit ho igjen med eit netto overskot på kr 8 000 som ho kan legge til minstepensjonen sin. Det er 2000 kroner meir enn auken i minstepensjonen på 6000 kroner fra 1. mai.

Samanlikna med utgangspunktet der alle betalar spotpris, får alle det betre med lik straumstøtte (også Olsen), samtidig som ordninga vil vere økonomisk utjamnande, men utan å koste samfunnet meir enn det Raudt sin makspris ville koste i dette rekne-eksemplet.

I diskusjonen om straumstøtte – dagens ordning, fastpris eller makspris – høyrer vi sjeldan noko om kva fordelingsverknader desse ordningane har. Argumentet er gjerne at vi må få ned straumkostandene for «vanlege folk». Det som kanskje overraskar, er at det i grunnen ikkje er så store skilnader på dei tre døma vi har rekna på.

Med dagens støtteordning og dei alternative forslaga er det difor lite som stimulerer til private enøk-tiltak.

Det dei derimot har felles, er at dei premierer høgt forbruk. Jo høgre forbruk, jo meir støtte. Det er også ein samanheng mellom høgt forbruk og høg inntekt. Dei som ikkje likar å gå inn på den diskusjonen, viser gjerne til «tante Olga» som bor i ein eldre trekkfull villa og har låg inntekt. Tante Olgaer finst, og dei blir flittig trekte fram for å forsvare ordningar som først og fremst gagnar dei rikaste blant oss.

Rekne-eksempelet vårt viser likevel at sjølv om tante Olga skulle leve på minstepensjon og doble elforbruket sitt for å halde varmen i villaen dei kaldaste vintermånadene, ville ho likevel tene på lik straumstøtte. Taparen er uomtvisteleg direktør Olsen, men det er eit tap som han bør ha økonomisk ryggrad til å tole. La oss sjå nærmare på dette:

Vi lar direktør Olsen ha ei bra årsinntekt for ein direktør i næringslivet med løn og bonusar på 2 millionar kroner. Mange tenar mykje meir. Gymnaslærar Pedersen lar vi tene 700 000 kroner. Minstepensjonist Hansen lever på sin minstepensjon, som fra 1.mai er rekna å auke til ca. 270 000 kroner. Korleis slår så dei ulike støtteordningane ut for desse tre straumkundane som andel av inntekta:

 

Straumstøtte i prosent av inntekt
Inntekt Dagens Fastpris Makspris Lik
Olsen 2 000 000 1,70 1,80 1,95 1,15
Pedersen 700 000 2,43 2,57 2,93 3,29
Hansen 270 000 3,15 3,33 3,80 8,52

 

Samanliknar vi utslaga i prosent for dagens ordning og dei to alternativa med fastpris og makspris, blir skilnadene ganske små. Vi ser også at prosentvis blir utslaga større for dei lågare inntektene. Og det er rett, som det av og til blir peika på, at for folk med låg inntekt, kan sjølv små positive endringar bety noko. For minstepensjonist Hansen kan det bety betre mat på bordet og råd til ei ekstra togreise for å besøke barnebarna. Alle kjem, som vi ser, litt betre ut av det med Raudt sin makspris.

Men for Olsen, som reiser av med nærmare 60% av den samla støtta, betyr Raudt sin makspris mindre enn 2% bidraga til hushaldsøkonomien. Det vil knapt merkast fra eller til i Olsens familiebudsjett, men ein ekstra sydentur for seg og frua kan han kanskje koste på seg. Det kanskje mest interessante her, er likevel at sjølv om straumstøtta skulle leggast om til lik støtte for alle, ville tapet for Olsen berre vere 0,8 prosent, mens det for Hansen ville vere eit påslag på årsinntekta på meir enn 8,5%.

Men sjølv med denne inntektsauken, ville minstepensjonisten framleis mangle ca. 20 00 kroner på å komme over EUs fattigdomsgrense.

I tillegg til fordelingseffektane kjem det at både dagens ordning og dei to forslaga om makspris og fastpris i varierande grad nesten heilt manglar incentiv til energiøkonomisering. Med lik straumstøtte vil alle tene på å spare straum og redusere el-bruken til tider på døgnet med låg spotpris. Straumstøtta blir nemleg den same.

Og jo høgare elforbruk jo meir lønsamt blir det.

Med fastpris eller makspris sparar ein rett nok 40 eller 35 øre for den straumen ein ikkje brukar. Men ein sparar berre 40 eller 35 øre også dersom straumen ein dag igjen skulle koste over 13 kroner per kWt på spotmarknaden. Så kvifor vente med å ladde opp el-bilen til natta, sjølv om straumen da kanskje berre kostar nokre få øre? Med makspris eller fastpris kan i tillegg direktør Olsen halde dei to hyttene sine varme året rundt med subsidiert elektrisitet.

Med dagens støtteordning og dei alternative forslaga er det difor lite som stimulerer til private enøk-tiltak, som å montere solceller på taket eller varmepumpe ute på veggen.

La oss sjå på eit eksempel og tenke oss at dei tre straumkundane våre har gjennomført enøk-tiltak, som f. eks. varmepumpe, solcelle og/eller etterisolering, som fekk ned straumforbruket med ein tredjedel. Korleis ville dette slå ut for dei tre straumkundane under dei alternative formene for støtteordning?

Vi gjer det enkelt og baserer reknestykket på gjennomsnittleg elpris som kundane betalar under kvar støtteordning. Den økonomiske gevinsten av enøktiltak som reduserer straumbruken med ein tredjedel, går da fram av tabellen nedafor.

 

Dagens Fastpris Makspris Lik
43 øre/kWt 40 øre/kWt 35 øre/kWt 100 øre/kWt
Olsen 8600 8000 7000 20 000
Pedersen 4300 4000 3500 10 000
Hansen 2150 2000 1750 5 000

 

Vi ser for det første det som er ganske opplagt: For dei tre støtteordningane med subsidiert elpris, blir det mindre lønsamt å gjennomføre enøktiltak jo gunstigare støtteordninga er for straumkunden. For det andre ser vi at med lik straumstøtte, blir det dramatisk mykje meir lønsamt for straumkundane å gjennomføre enøktiltak. Og jo høgare elforbruk jo meir lønsamt blir det.

Her steller partiet seg i fremste rekke for ei økonomisk støtteordning som er mest gunstig for dei rikaste.

Mens Olsen ville spare kr 7 000 på straumrekninga ved å installere varmepumpe med makspris, ville han med lik straumstøtte spare kr 20 000. Dersom staten i tillegg bygde ut ordningar med betre direkte støtte til enøktiltak, ville vi truleg sjå ein dramatisk auke i installasjonen av solcelleanlegg og varmepumper .

Oppsummert: Med vårt rekneeksempel er det i realiteten små skilnader mellom dei tre formene for straumstøtte der samfunnet går inn og subsidierer elprisen til forbrukar. Men for straumkundane er Raudts makspris marginalt betre enn i dei to andre alternativa. Alle desse ordningane har samtidig det til felles at dei gir meir støtte jo høgare forbruk, og at dei i realiteten dermed gir mest støtte til folk med høg inntekt. Desse ordningane manglar nesten fullstendig incentiv til energisparing.

Ei alternativ ordning med lik straumstøtte, ville framleis gje elstøtte til alle, men verke økonomisk utjamnande og stimulere til energisparing og gjennomføring av enøktiltak.

Mest ubegripeleg er Raudt sin politikk.

Det er vanskeleg å forstå at partia på venstresida går inn for former for straumstøtte som premierer energisløsing, og som først og fremst premierer dei rikaste i samfunnet, dei som også brukar mest energi. Dei argumenterer også for ordningar som vil auke presset for utbygging av meir vindkraft. Mest ubegripeleg er Raudt sin politikk, eit parti som elles hevdar å ville prioritere økonomisk utjamning og energisparing.

Her steller partiet seg i fremste rekke for ei økonomisk støtteordning som er mest gunstig for dei rikaste, som vil stimulere til energisløsing, og som vil auke etterspurnad etter elektrisitet, samtidig som partiet i praksis er imot all utbygging av den elektrisiteten som partiet sin politikk vil føre til auka etterspurnad etter.