Simon Malkenes
FOTO: Astrid Sverresdotter Dypvik

Då skulen vart internasjonal

Simon Malkenes har skrive doktorgrad om korleis OECD har forma norsk skule. Sjølv er han overtydd om at det trengst ein ny kurs. 

Ein gong var Simon Malkenes ein frustrert lektor i Osloskulen. Han nøydde seg ikkje med å lufte misnøya kollegaer. I staden vart det ein jamn straum av debattinnlegg, kronikkar og bøker. No har det også blitt ein doktorgrad som har fått tittelen Humankapitalen.  I doktorgraden går han skuleverket etter i saumane for å finne korleis har vi hamna her, med den skulen vi har.

Flaggskipet

– Eg jobba i Osloskulen i Oslo på den tida då byen flaggskip for Høgres skulepolitikk. Den vart framheva som eit førebilete for resten av Skulenoreg. Difor var eg svært kritisk til Høgre, og til korleis Kristin Clemet (utdanningsminister frå 2001 – 2005) forma skulen, seier Malkenes.

Det skapte ei sterk kjensle av at noko må gjerast, og av at det hasta.

I arbeidet med doktorgraden har Malkenes fått auga opp for at den skulen han har vore så kritisk til er resultat av ein prosess som langt fleire skal ha skulda, eller eventuelt æra for. Temaet for doktorgraden er korleis idear  utforma av organisasjonen OECD (Organization for Economic Cooperation and Development), har blitt implementert i norsk skule mellom 1988 og 2008. Ein del av denne fortellinga er det såkalla Pisasjokket i 2001.

Svake prestasjonar

Sjokket handla om at norske skuleelevar, trass store i økonomiske ressursar og høge ambisjonar på deira vegne frå politisk hald, ikkje presterte spesielt godt samanlikna med elevar i andre land i den internasjonale samanliknande kunnskapstesten PISA. Det skapte ei sterk kjensle av at noko må gjerast, og av at det hasta. Resultatet vart Kunnskapsløftet, ein skulereform som tok form i den tida Kristin Clemet var minister.

– Men viktige initiativ kom frå Jens Stoltenbergs første regjering, og konsolideringa av OECD-skulen skjedde under Stoltenberg II – regjeringa, dermed vart norsk skule ein sosialdemokratisk  prega variant av ei OECD-oppskrift, seier Malkenes.

– Kva er OECD-skulen, slik du ser det?  

– Det er ei nasjonal utforming, eller omsetjing, av internasjonale idear om korleis ein skal organisere og styre utdanningssystemet og kva målsettingar skulen har.

Nye idear

Dei ideane som fløymde inn i norsk skule på tidleg 2000-tal var ifølgje Malkenes både prega av 1980-talets nyliberalisme, slik han var forma av britanes statsminister Margaret Thatcher- og den amerikanske presidenten Ronald Reagan. Men det handla også om 1990-talets framtidsoptimisme. om framtidsvisjonen om kunnskapssamfunnet og en ny veg for sosialdemokratiet

Ein tredje veg

Sosialdemokratar på jakt etter nye idear, og nye veljarar i den stadig aukande middelklassen snakka no om ein tredje veg, som verken var sosialistisk eller erkekapitalistisk. Inspirasjonskjelda var den britiske sosiologen Anthony Giddens.

Det endelege systemet vart sett opp av den raudgrøne Stoltenberg II regjeringa.

– Det er i dette ideologiske klimaet at OECD forma ein ny utdanningspolitikk.

– På kva måte har den norske skulen blitt forma av OECD?

–  Den korte versjonen er at i  Noreg vart OECD-oppskrifta innført som ein desentralisert modell. Ein gav autonomi til kommunar og skular, så skulle sentrale styresmakter  ansvarliggjere dei lokale einigane, til dømes gjennom nasjonale prøver i eit nytt kvalitetsvurderingsystem. Det er ei styringsreform som kom med kunnskapsløftet. Og i den er heilt sentral for den skolen vi har i dag, seier Malkenes.

Løftet som vart skrinlagt

Malkenes framhevar at sentrale element i det kunnskapsløftet som vart forma då Clemet var minister, vart skrinlagt etter regjeringsskiftet i 2005.

– Det handlar blant anna om måten dei ville organisere testregimet på. Den varianten av nasjonale prøvar som Høgre forsøkte å få sett i gang vart møtt av protestar frå Elevorganisasjon, foreldre og lærarar. Til slutt kom også OECD med råd om at dette testregimet måtte setjast på pause. Difor vart det ikkje gjennomført nasjonale prøvar i 2006, seier Malkenes. Det endelege systemet vart sett opp av den raudgrøne Stoltenberg II regjeringa i 2007, i tråd med OECD sine tilrådingar, seier Malkenes.

Politikk i sentrum

Malkenes seier at han eigentleg ikkje er så opptatt av kven som har sett sterkast avtrykk på skuleverket.

– Det sentrale poenget er at det er konsensus om mykje av norsk skolepolitikk.  Ein er einige om grunnriggen både hos Høgre og Ap. Det er difor slike reformar har så lang levetid, seier Malkenes.

Uansett kven som har ære eller skulda, er Malkenes opptatt av å framheve at reformen ikkje var spesielt vellukka.

Ein er einige om grunnriggen både hos Høgre og Ap.

– Målet for reformen var at utdanningssystemet skulle bli meir effektivt. Ein skulle bruke mindre ressurser og bli meir høgtpresterande. Men det er ingenting som tyder på at vi har nådd desse måla.  Skulen i dag er både dyr og underfinansiert, samstundes er resultata fallande, seier Malkenes.

Med eigen målestokk

Du er både kritisk til testskulen og til dei internasjonalt samanliknande kunnskapstestane. Samstundes tar du resultata derifrå til inntekt for eige syn? 

– Poenget  er at ein brukar systemets eigen logikk, og måler resultata ut frå systemets eigne premiss, blir ikkje resultatet bra, seier Malkenes.

Norske elevar er slett ikkje åleine om å prestere svakt i OECD-testane.

–  Det mest interessante ikkje nødvendigvis at resultata fell i Noreg, eller korleis pandemien har påverka dei siste resultata. Det aller mest interessante er at gjennomsnittet for heile OECD går ned. Dermed ser det ut til at hovudproblemet er at den modellen OECD har fremja ikkje fungerer, seier Malkenes.

Kunnskap før kompetanse

Viss du skulle gje kunnskapsministeren eitt, og berre eitt, råd for norsk skule, kva ville det ha vore?  

– Det er å lytte til dei 75 skuleforskarane som skreiv innlegg i Klassekampen for ei tid tilbake om læreplanar. Læreplanane i Noreg er i dag kompetansebasert, dette er ein del av denne OECD-modellen. Skuleforskarane seier at vi treng ein meir kunnskapsorientert læreplan, Den kompetansebaserte læreplanen inngår i ei mål- og resultatstyring som er eit brot med ein lang tradisjon i norsk skole, der ein har tradisjonelt styrt skulen gjennom innhald i læreplanen. Å endre læreplanen kan være første steg ut av OECD-skolen. For ungane må jo lære fakta før dei kan diskutere, seier Malkenes. Han har langt fleire råd til ministeren, og fleire analyser i doktorgraden. No planlegg han ei ny bok om skulen.