I “Bare et lite sammenbrudd” skildrar Ebba Haslund klaustrofobien i morsrolla og alt eg er redd for med morskapet.
Korleis er det å lese ein roman frå 1975, om ei borgarleg husmor som får samanbrot på 50-årsdagen sin, og kva kan den seie oss om morskapet, eller det å skulle velje å bli mor, i dag?
Mødrene og formødrenes erfaringar
Eg les “Bare et lite sammenbrudd” av Ebba Haslund, og tenkjer på kor lett det er å gløyme historia. Kor lett det er for ein kvar generasjon å tenkje at alt er annleis no, å vende seg bort frå mødrene og formødrenes erfaringar. Å tenke at det beste alltid er det aktuelle, det som handlar om korleis det er å vere kvinne i dette minuttet, året eller ti-året, for den del. Jakta etter dei nye røystene, som kan seie noko om tidsanden, korleis det er å vere til no. Å tenkje at historia er forbi, at feminismen har innebore å finne opp kvinna på ny. Å etterlate den gamaldagse kvinna på skraphaugen, å vende auga framover, å ikkje sjå seg tilbake.
For lever vi ikkje i ei tid der alt er annleis enn det har vore, det morskapet er heilt nytt, og krev heilt nye skildringar, enn dei som har vore før? Der forhistorias skildringar av morskapet er så lite relevante, at dei kunne kastast på historias skraphaug?
I det siste har eg tenkt på korleis denne forståinga så lett også skil kvinner i samtida frå generasjonane før oss
Eller kanskje lever vi stadig i forlenginga av historia? Den danske forfattaren Olga Ravn skriv:
“Jeg havde det allerede på fornemmelsen, før jeg blev mor, at kvinder i samfundets øjne er skabt til det, man kalder reproduktivt arbejde: at føde børn. Men med udtrykket reproduktivt arbejde mener man også alt, der omgærder barnets opvækts og familiens opretholdelse: at holde huset varmt, at sørge for mætte og trygge familiemedlemmer, at se efter de gamle og svage, at vaske tøj, gøre rent, købe ind, lave mad, osv. Husholdning og børneproduksjon er en dobbelt oplevelse, det er både en pligt og en fængelse, men også et område hvor man ikke bare er én, men træder ind i en smuk og stolt verdenshistorie af kvinder og andre reproduktive arbejdende.”
Morsrolla som ei form for arbeid
Medan eg skriv inn dette sitatet, tenkjer eg på korleis det kunne sjå ut som det var eldgamalt, eller i det minste frå radikalfeminismens gjennombrot på 1970-talet. Uttrykket “reproduktivt arbeide” stammar frå den marxistiske vokabularen, og skildringa av hushald og børneproduksjon som “pligt og fængelse” minner ikkje heilt lite om måten den amerikanske poeten Adrienne Rich skildra morskapet i si banebrytande bok “Of Woman Born. Motherhood as Experience and Institution”, frå 1977.
Rich ville feire morskapet som kvinneleg erfaring, men også demontentere morskapet som ein samfunnsinstitusjon som ofte nettopp låste og fanga dei individuelle kvinnene i ei lita livsverd.
Men sitatet er altså ikkje frå 1970-talet, det er frå samtida. Det blei publisert på den danske forfattaren Olga Ravn sin Instagram-konto (kanskje den 26. september), då Ravn lanserte ei bokklubb om nettopp hushald i litteraturen (#bogklubomhusholdning), for å undersøke nettopp korleis dette arbeide, det reproduktive arbeidet i stor forstand, har blitt skildra i litteraturen.
Suget hennar etter anerkjenning blir oppfatta som ei byrde
I tillegg til å vere skjønnlitterær forfattar, redaktør og ein feministisk litterær aktivist, er Ravn også ei av dei i Skandinavia som i dei siste åra har tenkt dei mest forfriskande tankane om morskap som eg har kome borti. Forfriskande kanskje nettopp fordi dei hentar fram omgrep og forståingsmekanismar frå nettopp 1970-talet for å forstå morsrolla som ei form for arbeid, på eit vis som bryt med nokre av dei vanlegaste måtane våre å forstå morskapet på i dag: Ho skriv om morskapet på eit vis som bryt med førestillingane vi så lett kan ha, av eit før og eit no, der før var husmora og no er den (forsøksvis) likestilte kvinna.
Denne forståinga av historia er sjølvsagt ein konstruksjon og ein fabrikasjon, som dei fleste forståingar av historia. Og i det siste har eg tenkt på korleis denne forståinga så lett også skil kvinner i samtida frå generasjonane før oss, frå all deira kunnskap og vit. Det er ei forståing av historia som gjer det lett å sjå ned på fortidas umoderne mødrer, og som dermed hindrar oss i å ta i bruk all den kunnskapen og dei verktøya som årevis med kvinnerøynsler, kvinnerørsler og kvinnelitteratur har akkumulert.
Kven skal lage fødselsdag for husmora?
I “Bare et lite sammenbrud” møter vi ei kvinne som står midt oppe i eit historiske skifte, der alt ho er og har vore er i ferd med å bli kasta på skraphaugen: Hovudpersonen Beatrix, som av dei fleste i romanen blir kalla Lillemor, lever eit borgarleg liv som husmor og husfrue i villaen Solstuen. I ungdomen kalla ho seg Trix og studerte filosofi, men det verkar som eit anna liv, eller ei anna verd, eller ein fjern draum. For det er lenge sidan Lillemor har tenkt på så mykje anna enn mann, barn og hus. Dei siste tiåra har ho vore kone og mor, kona til Harald og mora til dei fire vaksne eller nesten vaksne barna Hjalmar, Beate, Vivian og Nils-Werner. Der alle har flytta ut for lengst, utanom Nils-Werner, ein sekstenåring som kvar morgon må bli vekka minst to gongar av mora si for å klare å kome seg på skulen; og der to av dei eldste, Hjalmar og Beate, har gifta seg og der Beate har stifta familie.
Lillemor er ei mor som snart berre har vaksne barn, i eit hus som er for stort for livet som blir levd i det, med ein mann med karriere og ei lita, lita livsverd som i det romanen opnar er i ferd med å lukke seg om henne. Ho er den borgarlege husmora i ei tid der døtrene blir feministar og gjer opprør og (tilsynelatande) vel heilt andre liv enn mora. Ho er mora som ofrar alt for alle på eit slikt vis at ingen set pris på det, men tek det for gitt, og der suget hennar etter anerkjenning blir oppfatta som ei byrde.
Harald treng ikkje vite noko om kva Lillemor gjer, for det verkar ganske så uviktig for han korleis dagen hennar og livet hennar ser ut
Romanen opnar med at Lillemor vaknar skrekkslagen til sin eigen fødselsdagsfrukost, bakfull og full av angst, og dei neste kapitla syner oppbygginga til denne store dagen. Ein månad før hennar eigen femtiårsdag har Lillemor arrangert eit stort selskap for ektemannen Harald, som også fylte femti år dette same året. Før femtiårsdagen til Harald gjer Lillemor så godt som alt: Ho lagar invitasjonar, bordkort og bordpynt, lagar tale på vers over fleire veker, vaskar og bonar heile huset, så alt er gullande reint. Huset er blåst, som det står i boka. Ho lagar middag og nattmat, under sjølve festen drikk ho knapt og kviler ei, ho er den perfekte vertinne, mannen blir feira med gåver, med prominente gjester, med mange store ord. Men når Lillemor så byrjar å snakke om sin eigen femtiårsdag, så er det ingen som heilt skjønner poenget.
For kven skal vel lage fødselsdag for husmora? Kven skal kome å feire? Blir det ikkje veldig dyrt, om ein må bestille all maten frå catering? Det er ingen andre som kan det Lillemor kan: Stelle til selskap, lage invitasjonar, ordne, pynte, lage ein meny, lage maten, få den servert, vere vertinne, sørge for at alle har det godt i selskapet. Ingen kan det og ingen vil lære det, alle er for opptekne med sine eigne liv, med alt det andre dei synst er så mykje viktigare.
Motstanden mot å få anerkjent det reproduktive arbeidet
Ikkje berre tar dei for gitt det Lillemor gjer, alt kvardagen hennar er og det arbeidet som for henne er meininga med livet. Dei verkar ikkje som dei aner kva det går ut på, og helst vil dei heller ikkje høyre om det. For som mannen Harald seier, han fortel jo ikkje henne om alt han gjer på jobb, så kvifor skal han måtte høyre om alt ho gjer? Det er nett denne motstanden mot å få anerkjent arbeidet, som plagar Lillemor i romanen:
“Det var ikke mulig å få Harald til å forstå hvor mye det var å gjøre i et hus, og hun visste at hun ikke burde trette ham med alt dette trivielle, daglige. Han pleide ikke fortelle henne om sitt daglige virke i “Fremtid” eller i det mange styrer og kommitéer som han var medlem av. Han tok aldri arbeidet med seg hjem, pleide han å si. Så hvorfor skulle hun… Han hadde sitt arbeidsfelt og hun hadde sitt.
For Lillemor er det eit paradoks ho ikkje klarar å gripe, at ho både kan kjenne seg så heldig, og samstundes så åleine og ulukkeleg
Bare at alle var klar over at Harald jobbet hardt hele dagen og med viktige saker. Tøv. Som om ikke husmorens arbeid var like livsviktig, ikke bare for familien, for hele samfunnet! Det ble hevdet ofte nok av de menn som sto for styre og stell her i landet, Haralds tidligere kollegeer i kommunestyret blant annet.” (s. 24-25)
Kunnskap er makt, seier ein ofte, men makt kan også vere å kunne la seg forbli ignorant. I essayet “Privilege of Unknowing” skriv feministen Eve Kosovsky Sedgwick om nett korleis det å kunne tillate seg å forbli uvitande om noko, nettopp kan signalisere makt. Harald treng ikkje vite noko om kva Lillemor gjer, for det verkar ganske så uviktig for han korleis dagen hennar og livet hennar ser ut. Lillemor kan ikkje unngå å vite kva Harald gjer, om ikkje i detalj så iallfall i overskrifter, fordi han har ein karriere som blir snakka om, fordi hans kollegaer kjem på middagar og snakkar business med kvarandre. Fordi det aldri blir sett på som noko uinteressant eller uviktig kva dei fyller livet sitt med.
Lønnsarbeidet er eit viktig samtaleemne, det reproduktive arbeidet er det “trivielle” og “daglige” ei kone ikkje burde plage sin mann med. Ikkje så mange andre heller.
Du fik, hvad pegede på men var stadig alene
For Lillemor er einsam. Gift med ein mann ho forgudar, men som ikkje vil høyre om kvardagen hennar (og som heller helst heller ikkje ligge med henne). Med fire barn som ser ned på henne, både i bokstaveleg og metaforisk forstand (alle barna er høgare enn Lillemor, og ganske nedlatande). Bestevenninna Ellisif fekk kreft og gjekk bort eit par år tidlegare, og den andre bestevenninna Helen har jobb som lærar og sine eigne utfordringar – ho ser, som døtrene til Lillemor, også ned på Lillemor, fordi Lillemor er så heldig å kunne gå heime, men likevel klagar over å ikkje bli anerkjent.
For Lillemor er det eit paradoks ho ikkje klarar å gripe, at ho både kan kjenne seg så heldig, og samstundes så åleine og ulukkeleg. Svigerinna Lindis som blei enke og arbeidande aleinemor tolv år tidlegare, misunner Lillemor all hennar velstand og det sosiale livet som standen hennar medfører. Sonen hennar Nils-Werner kallar ganske enkelt mora si for ei luksuskvinne.
Det andre arbeidet, det reproduktive arbeidet, er grenselaust
Lillemor tenkjer stadig at ho er privilegert, på grunn av alt ho har i samanlikning med så mange andre i verda og landet. Dessutan har ho jo fått akkurat det livet ho drøymde om, ho manglar ingenting, likevel opplever ho at det er over, no når barna er vaksne. Kanskje er det for Lillemor som for eg-et i Tove Ditlevsen sitt dikt, “Der bor en ung pige i mig, som ikke vil dø”: “Du havde en pigelig drøm om et barn og en mand, / og du fik, hvad pegede på men var stadig alene”.
Arbeidsfellesskap i mellom kvinner
I heile romanen så finst det berre eit menneske som anerkjenner Lillemor, og det, det er arbeidarklassekvinna Marina. Marina er Lillemors hjelp i huset, ho kjem to føremiddagar i veka og hjelper til med det som skal ordnast, golv som skal bonast, vindauge som skal pussast og gardiner som skal vaskast. Ein kunne ha sett føre seg at klasseforskjellen mellom desse to ville føre til ugne kjensler mellom dei, men i staden eksisterer det ein djup solidaritet mellom desse to. For desse to dagane har dei to kvinnene eit arbeidsfellesskap. Dei får drikke te, snakke om hus og heim og ektemenn mellom alt arbeidet, og i dette har dei utvikla det som er eit sterkt venskap på tvers av klasseskilja og rollene deira som tilsett og arbeidsgjevar.
Når romanen startar er også dette i ferd med å gleppe for Lillemor, fordi Marina må slutte, noko som kjem fram då Marina starta å gråte under ein av “sitt-ned-ene” der ho og Lillemor drikk te:
“Marina lot seg vugge en stund, så reiste hun seg: – Bare tull av meg. Jeg er blitt sånn sippete, griner for ingenting, så Marina høyt og hånlig. – Bare det at jeg får ikke lov til å fortsette her hos dere. Neida, jeg er ikke sjuk. Men jeg blir det vel, om jeg skal gå hjemme alene hele dagen. Det er Thorstein… du vet åssen Thorstein er.”
Thorstein er ektemannen til Marina, og grunnen til at ho må slutte, er dels hans klassereise (han er finmekanikaren som er blitt formann i klubben) og dels no at gutane deira er blitt vaksne og dei ikkje har behov for den ekstra inntekta hennar. For som Marina seier: “Thorstein mener det ikke er nødvendig at jeg jobber nå som det bare er oss to og han tjener så bra.” Å gjere klassereise, inneber at Marina burde føle seg for fin til å jobbe, burde la seg forsørge heilt og halde av mannen sin. Men med det, glepp både arbeidsfellesskapet og den vesle fridomen ho skaffa seg i kraft av eigne pengar.
Ein kunne kanskje lure på kvifor det er så viktig for Marina å få ha vaskejobben hos Lillemor, i staden for å sleppe. Men som Marina sjølv seier, og som Lillemor skjønner så vell:
“[H]er trivst jeg. Jeg liker dette huset. Når jeg går herfra klokka to, så har jeg liksom gjort meg ferdig med en jobb. Hjemme driver jeg på støtt og blir aldri ferdig med noe. Tror du jeg gir meg tid til en fem minutters sitt-ned med en te-kopp? Aldri i verden. Jeg holder på og tråkker – og bare tull – går i ring omkring meg sjøl, det er det jeg gjør!
– Og ingen ser hva du gjør! Det er akkurat som med meg det, Marina. Den eneste ros jeg får for arbeidet mitt, den får jeg av deg.”
Men mest av alt tenkjer eg på mamma, og på kor lite sympati eg hadde med henne då eg voks opp
For Marina, er det huslege arbeidet hos Lillemor og Berge-familien annleis, fordi det er avgrensa av arbeidstida og av dei avtalane ho og Lillemor har blitt samde om seg i mellom. “Når jeg går herfra klokka to, sa har jeg liksom gjort meg ferdig med en jobb”, seier Marina, og set på den måten det betalte husarbeidet hos Lillemor opp mot det ubetalte reproduktive arbeidet heime: Det eine er avgrensa, det er mogleg å gjere ferdig, det blir sett og anerkjent – om enn det er dårleg og svart betalt.
Det andre arbeidet, det reproduktive arbeidet, er grenselaust. Det kan ein tilsynelatande ikkje bli ferdig med, det kunne alltid vore gjort betre og fordi det ikkje er nokon som ser kva ein gjer, så er det heller ingen som anerkjenner det ein gjer. “Den eneste ros jeg fåt for arbeidet mitt, den får jeg av deg,” seier Lillemor til Marina, og for Lillemor blir Marina den trygge hamna ho kan dra til, når alt fell saman for henne.
Eg tenkjer på mødrene i familien min
Når eg les denne boka, blir eg soge inn i henne. Men etterpå, og undervegs, når eg legg henne frå meg, når eg et og når eg dusjar, så tenkjer eg på morskapet og mitt bilde av det. Spørsmåla kvervlar i meg: Kvifor er eg framleis redd for den mora som Lillemor er, som mormora mi kanskje var eller følte det var venta ho skulle vere, tilbake på seksti og søttitalet? Kvifor kjennest ho framleis så present i dag, ikkje som eit spøkelse, men som eit menneske av kjøt og blod, som ei kjensle i kroppen, om at dette kan bli meg?
Eg kjenner igjen meg sjølv i døtrene, eg kjenner igjen huset eg voks opp i, eg kjenner igjen mora mi og mormora mi, eg kjenner meg sjølv igjen som kvinna i dei sambuarskapa eg har hatt. Ikkje at eg eller mor mi eller mormora mi har vore husmødrer (eller borgarlege for den del), men i så mykje anna av det denne romanen fortel om, som handlar om einsemda i ei mors- og kvinnerolle der det er venta at du skal gjere det både til ein livsgjering og ein identitet å ta på seg det arbeidet alle kanskje hyllar i den mest abstrakte forstand, i talar på store dagar, men som sjeldan blir anerkjent eller verdsett i det daglege.
Eg tenkjer på mødrene i familien min, eg tenkjer på mødrene i litteraturen og i kulturen. Men mest av alt tenkjer eg på mamma, og på kor lite sympati eg hadde med henne då eg voks opp. Kanskje er noko av grua i denne romanen nettopp å kjenne igjen korleis det er nokre delar av det huslege ansvaret som framleis ligg tyngre på kvinner, nokre delar av det huslege forfallet som kvilar tyngre på kvinnene sine samvit, noko som gjer at kvinner bruker om lag dobbelt så mange timer på husarbeid som menn, og kvinner gjer mest husarbeid i to av tre parforhold.¹
Vi har skapt ei verd der kvinner i større grad enn menn får ansvaret for både å sjå bra ut, men også at det ser bra ut omkring dei og menneska dei bur med
Det er lett for kvinner i dag å ta avstand frå tidlegare generasjonar og deira røynsler, like lett som det er for døtrer å ta avstand frå mødrer.
Då eg voks opp, på nittitalet og tidleg totusentalet, var det i ein relativt likestilt heim: Både mor mi og far min jobba, forutan om perioden då mor mi tok mastergraden sin. Pappa var ein god og tilstadeverande far, han elska å leike med oss, spele og tulle, han la oss ofte, han elska å bake skillingsboller etter oppskrifta han hadde arva frå Dadda på landet, og spagetti bolognes. Etter at eg er blitt vaksen, så har eg skjønt at han veldig ofte fekk vere nettopp den artige, den som lagde dei gode middagane, han som tøysa og tulla, men at det var ei rekke ting mamma hadde oversyn over, hadde ansvar for, følgde opp, det var oppgåver ho måtte dele ut og sørgje for blei gjennomførte: Typisk dei tinga som ein kunne kalle for reproduktivt arbeid.
Og ein ting var arbeidet i seg sjølv, ekstraarbeidet, noko anna var ansvaret og energien det tok å freiste å faktisk få alle andre til å bidra, for å få oss andre til å sjå kvifor det var viktig at vi bidrog til å få gjort alle desse urkeisame og tilsynelatande heilt uviktige tinga som å støvsuge, vaske bad, henge opp klede.
Ulikskapen kan forplante seg
Om eg tenkjer tilbake på barndomen min, kan eg nesten ikkje hugse at mora vi var sur. Unnataket er desse helgene som kom med jamne mellomrom, då eg og bror min ville sitje å sjå tv, pappa ville sitje på kontoret og jobbe eller “jobbe”. Mamma ville sitje, ser eg føre meg, på kjøkenet med kaffien og lese avisa og kjenne byrden av alt ho visste måtte eller burde bli gjort i løpet av helga, men som ingen andre ofra ei tanke. Medan ho høyrde tv-en frå stova og pappa som trampa omkring på kontoret, ville ho bli surare og surare til ho enda med å kaste oss alle ut, for om ingen kom til å hjelpe henne så orka ho iallfall ikkje å gjere alt arbeidet åleine, medan alle andre demonstrerte kor uviktig dei syntest at det, og hennar innsats, var.
Eg skjønte ikkje greia då, eg skjønte ikkje kvifor ho stressa sånn med desse greiene, kunne ho ikkje berre chille? Først då eg flytta saman med min første kjæraste, ein av mange menn som ikkje kunne sjå støv, ikkje kunne lage mat, aldri hadde tenkt på å handle til meir enn ein middag av gongen, og det plutseleg var skjedd, ei rekke ting var berre på mystisk vis blitt mitt ansvar, starta eg så smått å forstå korleis ho kunne ha hatt det.
Men det blir ikkje revolusjon av at ei kvinne og ein mann ordnar ting på ein minneleg måte seg i mellom
Og sjølv om eg var i starten av tjue-åra, og det ikkje på noko vis var aktuelt med barn, så såg eg korleis denne ulikskapen kjapt kunne forplante seg og gro til heilt ville proporsjonar. Då eg var komen til mitt tredje og førebels siste forhold, nok ein gong med ein mann som ikkje kunne sjå støv (men heldigvis kunne lage mat, i det minste), og han spurde om vi skulle flytte inn saman, så tok eg og sa det som det var: Du bur i ein svinesti, og eg kan dessverre ikkje tenkje meg å flytte saman med deg før du har lært å halde deg nokolunde reint og ordentleg, for eg har ikkje tenkt å bruke tida og livet mitt på å rydde opp etter nokon andre, på å ha alt det ansvaret sjølv.
Eg fortalte han korleis det hadde vore frå eg flytta ut, å ikkje kunne sjå støv sjølv, til eg flytte saman med den første kjærasten, og folk liksom vende seg til meg og sa “så fint det er her”. Eg forklarte han om korleis venleiksindustrien og interiørdesignindustrien går hand i hand, og at vi har skapt ei verd der kvinner i større grad enn menn får ansvaret for både å sjå bra ut, men også at det ser bra ut omkring dei og menneska dei bur med. “Og eg klarar ikkje å ikkje bry meg”, sa eg, “men eg klarar ikkje å vere den einaste som bryr seg heller”.
Det reproduktive arbeidet som nettopp arbeid
Han tok poenget, han skjerpa seg av kjærleik, mistenkjer eg, ikkje fordi han bryr seg særskilt om støv. I dag bur vi saman og skal eg vere ærleg, så trur eg han gjer meir heime enn meg. Men som eg seier til han: “Når du ryddar på kjøkenet, så gjer du det som ei kjærleikserklæring til meg, og eg er så takksam for det. Før, om eg rydda på kjøkenet, så ville du ikkje merka det ein gong. Derfor er det kanskje betre for oss begge, at du gjer litt meir, sidan eg set sånn pris på det?” Og så ler han av meg, og så tenkjer eg at han er best i verda.
Det kunne vere som eit SIFO-budsjett der staten hadde stipulert den tida det minimum tar å ta hand om ein heim og så kunne dei som gjorde det få kompensert frå partnaren sin og staten
Og det er jo heldig for meg, at eg har funne ein mann som ser på det reproduktive arbeidet, på det å lage og vedlikehalde ein heim, som ei kjærleikshandling. Ein mann som har lært å sjå det reproduktive arbeidet og verdien det har. Men det blir ikkje revolusjon av at ei kvinne og ein mann ordnar ting på ein minneleg måte seg i mellom.
Kvinner tener framleis mindre enn menn i dag, og eg tenkjer på alle dei ekstra timane i året dei bruker på det reproduktive arbeidet og all den ekstra hjernekapasiteten på å tenkje på når skapa eigentleg blei vaska sist, kven som har allergiar i familien og korleis måltida skal bli planlagt, og korleis alt dette arbeidet så ofte ikkje blir sett eller verdsett nok. Eg tenkjer på korleis det burde ha vore ei sjølvmelding der ein rapporterte inn reproduktivt arbeid også, der husarbeidet kunne utløyse skattefordelar og pensjonspoeng: Det kunne vere som eit SIFO-budsjett der staten hadde stipulert den tida det minimum tar å ta hand om ein heim og så kunne dei som gjorde det få kompensert frå partnaren sin og staten.
Ikkje veit eg kva som ville vere den beste løysinga, men eg veit at Lillemor bryt saman i “Bare et lite sammenbrudd” og eg veit at Olga Ravn skriv om å halde på å bryte saman i etterordet til “Det bor en ung pige i mig, der ikke vil dø”. Og eg tenkjer at først om vi snakkar om det reproduktive arbeidet som nettopp arbeid, som skal anerkjennast og kompenserast for, så tar vi det viktige neste steget mot full likestilling
¹ Tala er frå SSB siste tidsbruksundersøking, frå 2015, der dei hadde undersøkt tidsbruken frå 1980-2010, og frå Thomas Hansen, velferdsforskar ved NOVA. For informasjon om SSB si tidsbrukundersøking, sjå: https://www.vg.no/forbruker/i/2rpBr/se-tidsbruk-tall-fra-80-tallet-til-i-dag-saa-mye-gjoer-menn-og-kvinner-hjemme, og for Thomas Hansen utsegner, sjåhttps://www.kk.no/samliv/det-er-fortsatt-kvinnen-som-gjor-mest-hjemme-70030680.
Kommentarer