Fem grunnar til at satsingar på tryggleik ikkje berre kan handle om våpen.
Valdsam vekst i forsvarsutgifter. Mindre pengar til dei aller fattigaste i verda. Argumentasjonen frå regjeringa er at vi no må gjere vanskelege kutt over heile lina i årets statsbudsjett for å sikre eiga tryggleik og hjelpe Ukraina i ei usikker tid. Men det er ikkje gitt at dette er det luraste vi kan gjere i dette budsjettet, om det er meir fred og stabilitet vi vil oppnå.
Akkurat no er det enorme forandringar i den globale bistanden. Det er ikkje berre USA, som har lagt ned USAID, som er ute med motorsaga. Frankrike har varsla kutt på heile 40 prosent. Storbritannia går ned frå 0,5 prosent av brutto nasjonalinntekt til 0,3 prosent. Nederland, Sveits, Sverige, Tyskland og Belgia går i same retning. Samtidig er det mange som vrir på det som er i igjen på bistandsbudsjetta, sånn at det skal tene deira eigne interesser. Taparane er dei aller minst utvikla landa. Det gir ustabilitet og grobotn for fleire, og meir alvorlege konfliktar, i ei lang rekke land.
Tradisjonell bistand er lurt – ikkje berre av moralske grunnar, men også for å gjere verda tryggare.
I årets forslag til statsbudsjett skil Noreg seg positivt ut ved å fortsetje å gi ein prosent av brutto nasjonalinntekt til bistand. Bak ein-prosenten er det likevel problematiske endringar. Vi gir mykje humanitær støtte til Ukraina, som er bra, men vi gjer det ved å kutte i annan bistand. I ein slik situasjon er det grunn til å minne om at tradisjonell bistand er lurt – ikkje berre av moralske grunnar, men også for å gjere verda tryggare.
USAs kutt åleine gjer at hundre liv går tapt kvar einaste time. Vi har høyrt om latrinar som ikkje blir tømt lenger i flyktningleirar i Sør-Sudan. Vi har høyrt om mangel på reint drikkevatn i Mosambik. Når folk ikkje får dekka grunnleggande behov, er det fleire som døyr og blir tvunge på flukt. Det gir større flyktningleire, fleire som vel å setje seg på farlege båtar over Middelhavet og fleire flyktningar i Europa.
Stortingsfleirtalet har no sjansen til å snu kursen – og finne pengar til meir bistand til dei fattigaste landa. Vi bør trappe opp innsatsen for å investere i betre styresett og levekår i særleg utsette land. Eg kunne hatt mange fleire argument for at det er viktig, men her er fem:
Sjansen for nye farlege sjukdomsutbrot og pandemiar aukar.
For få år sidan hadde vi ein pandemi. Då merka vi konsekvensen av ein sjukdom som oppstod og spreidde seg frå ein heilt annan del av verda. Når det no er massive kutt i tiltak for folks helse i andre deler av verda, aukar sjansen for at dette kan skje igjen. Panorama nyheter meldte i førre veke om at berre i eit enkelt distrikt i Malawi er det 81 helseklinikkar som har blitt stengte – på grunn av amerikanske bistandskutt. Det gir færre vaksiner, mindre prevensjonsutdeling og grunnleggande helsehjelp. Sjansen for nye farlege sjukdomsutbrot og pandemiar aukar.
For det andre er det no ein nedgong i talet på barn som går på skule. Det er eit tap for barna sjølv, og for landets økonomiske og velferdsmessige utvikling. Då skular blei stengt under koronapandemien, såg ein væpna grupper i Sahel-regionen i Afrika lokke barn inn i valdelege miljø ved å tilby pengar og telefonar. Sjølvsagt er det større sjanse for at dei klarer å rekruttere barn når desse barna ikkje har ein skule å gå på.
Det manglar altså ikkje på område som treng større, ikkje mindre investeringar.
For det tredje går stadig fleire land i ei autoritær retning. Ein vesentleg del av norsk bistand går til sivilsamfunn og menneskerettsforkjemparar som tar stor personleg risiko for å kjempe for demokrati. Å fortsetje å stø opp om rørsler som held oppe demokratiske strukturar i land der dette er under press, er ei investering i krefter som kan bidra til stabilitet i framtida.
Eit fjerde poeng er at det no er føreslått at Noreg bruker mindre pengar på FN (med unntak av Ukraina), nedrustningstiltak og fred. Det gir veldig lite meining at vi har så god råd til forsvarssatsingar, men ikkje tilstrekkeleg med pengar til å førebygge krigar i å oppstå, eller få på plass våpenkvile og fredsavtalar gjennom internasjonalt samarbeid.
Til slutt er det klart at globale bistandskutt også fører til færre kutt i farlege klimagassar, og mindre pengar til klimatilpasning. Amy lærte oss nettopp at ekstremvêr kan vere både farleg og dyrt. Enno farlegare er dette ekstremvêret i fattige land. Bistandskutt gjer det vanskelegare for dei å planlegge for neste ekstremvêr. Det er utryggleik i praksis.
I ei tid der mykje er mørkt, er det ekstra kraft i alle som peikar i ei anna retning.
Det manglar altså ikkje på område som treng større, ikkje mindre investeringar. Og Noreg kan sjølvsagt ikkje løyse dette åleine. Det må meir rettferdige og omfattande skattesystem til, og land som er i gjeldskriser treng politiske løysingar på det. Men vi treng heller ikkje å redusere innsatsen, som vi legg opp til no.
I staden kan vi alliere oss med dei som har bestemt seg for å auke ambisjonane. Spania har vist veg og er no i gong med ein opptrappingsplan for sin bistand. Vi kan henge oss på og skape eit alternativ for håp saman med dei. I ei tid der mykje er mørkt, er det ekstra kraft i alle som peikar i ei anna retning.


Kommentarer