Ein liten by i Honduras bør vere eit varsko for kva ideologi og tenking vi vil møte meir av i åra som kjem.
Det var ein gong ei øy som ikkje var som alle andre. Her var det idylliske palmar og strender, og innbyggajarane kunne gjere som dei ville, fri for det vanlege samfunnets forventningar.
Han som drøymte fram denne øya var ikkje Peter Pan, som dro til Aldriland for å sleppe å bli vaksen, men Silicon Valley-milliardæren og Trump-sponsoren Peter Thiel, som har investert i sitt eige karibiske skatteparadis.
To dagar etter innsetjinga av Trump skal eg setje meg på flybussen frå Oppsal og fly i alt for mange timar til øya Roatán i Honduras i Mellom-Amerika. I Honduras skal eg lære meir om norsk utviklingspolitikk i praksis saman med Norsk Folkehjelp og deira partnarar i Latin-Amerika.
For meg verkar stadar som Próspera, og ideologien rundt dei, som science fiction.
Kanskje kjem eg også til å lære meir om ideologien til Trump, Thiel og deira vener.
Øya vi skal møtast på er nemleg kjent for to ting. Det eine er at det er eit slags ferieparadis for folk som liker å dykke og snorkle. Det andre er at det ligg ein by der, Próspera, som har blitt ein slags fristad for nokon av verdas mektigaste personar.
Byen er ein såkalla «special economic zone», og den har eigne lover og eige skattenivå. I praksis er dette eit ekstremt skatteparadis. Dei har valt å bruke bitcoin som valuta. Ideen er henta frå andre økonomiske spesialsonar rundt om kring i verda, som Singapore og Dubai.
Peter Thiel er ein av dei mest kjente investorane bak denne byen. Han bygde opp formuen sin gjennom fleire selskap, som Paypal og Palantir, og ved å investere i Facebook då selskapet var i startgropa. Han har sponsa Trump med pengar og skrive fleire tekstar med temmeleg tvilsam ideologi. I 2009 skreiv han for eksempel at han ikkje lenger trur på at det er mogleg å ha fridom og demokrati samtidig.
Próspera blir styrt gjennom eit udemokratisk demokrati, ved at investorselskapet har veto over avgjerdene som blir tatt av dei folkevalte. Planen då spesialsonen blei oppretta, var å unngå innblanding frå styresmaktene i Honduras i 50 år, for å gi investorane mest mogleg føreseielege rammevilkår.
Individualistiske øyparadis gir fridom for nokon få.
For meg verkar stadar som Próspera, og ideologien rundt dei, som science fiction. Men det er ein ekte stad. Den er interessant på mange vis, mellom anna fordi det viser at nokon av verdas aller rikaste er viljuge til å gå langt for å lage sine eigne område med eigne reglar. Den er også interessant fordi den viser kva som skjer om ein følgjer argumentasjonen til skattekritikarane på den ytste høgresida heilt til ytterkanten.
Politikarar i alle land står i ei rekke dilemma der dei må balansere mellom ulike omsyn – kor mykje skal ein skatte? Kor mykje velferd skal ein ha? Kor mykje skal ein regulere næringslivet? Próspera er eit eksempel på ein stad som har lukka auga for balansegang. Her er ingen politiske dilemma, berre motorvegar mot ein nattvektarstat styrt av eit venturekapitalismefirma.
Her ser vi kva som skjer med skattar på nullpunktet. Då er det ikkje pengar til noko anna enn fullprivatiserte løysingar. Og om ein skal sikre næringslivet hundre prosent føreseielege vilkår, kan ein ikkje ha demokrati.
Men no er det trøbbel for milliardærane bak øya. Den venstreorienterte presidenten, Xiomara Castro, gjekk til val i 2022 på å legge ned denne unntakssonen. Kort tid etter at ho inntok presidentstolen, vedtok ho at Próspera skal følgje lover, reglar og skatte på line med resten av Honduras.
Det førte til eit gigasøksmål frå investorane bak området, på 10,7 milliardar dollar. I praksis utgjer dette ein tredel av brutto nasjonalproduktet til landet. Enn så lenge er Próspera fortsatt oppe og går som skatteparadis.
Fellesskapsløysingar gir fridom for mange.
Dette er også eit eksempel på ei breiare utfordring som oppstår når store, multinasjonale selskap investerer i små låg- eller mellominntektsland. For av og til inngår dei då såkalla investor-stat-tvisteløysingsmekanismar, som det heiter på fint, som gir selskapa «lov» til å saksøkje staten om dei politiske rammevilkåra endrar seg. For eksempel dersom ein ny partikoalisjon vinn eit val og vil endre politikken i landet.
Også norske aktørar, som Norfund og KLP, har brukt denne typen søksmål mot Honduras etter å dei endra kraftpolitikk etter eit val. Her kan næringslivets ynskje om stabile vilkår hamne i direkte motstrid med det demokratiske handlingsrommet til innbyggarane i landet.
I Aldriland ville Peter Pan aldri bli vaksen, og han kunne oppleve eventyr og spenning langt unna verkelegheita. Peter Thiel drøymer om evig liv og har brukt store pengar på forsking på forlenga levetid. I Próspera var planen å la nokon av verdas rikaste sleppe demokratiets innblanding, fri for skattar.
Det er farlege draumar som undergrev ein fundamental samfunnskontrakt for at samfunn skal bli gode – at vi alle kan påverke politikken gjennom val, at alle menneske er like mykje verdt og at vi gjennom skattar og velferdsordningar stiller opp for kvarandre.
Fellesskapsløysingar gir fridom for mange. Individualistiske øyparadis gir fridom for nokon få.
Kommentarer