Dei aukande prisane skjuler forskjellane i fordelingspolitikken mellom høgresida og venstresida.
Dei siste vekene har eg brukt på ei rekke møte og foredrag om forskjellar og fattigdom, etter at eg ga ut ei bok om det i mai. Over kaffikoppar og øl har vi diskutert definisjonar på fattigdom, dyrtid og om fattigdomen går opp eller ned. Eit spørsmål har gått igjen – kvifor har folk fått mindre å rutte med i denne perioden?
Andelen barn i Noreg som veks opp familiar i vedvarande låginntekt har gått ned dei siste åra. Ser vi på inntektssida, ser det altså ut til å gå rett veg, mellom anna fordi barnetrygda har gått opp. Men ser vi på utgiftssida, altså kor mange som slit økonomisk med å dekke grunnleggande behov, får vi motsett inntrykk. Det er stadig fleire som ikkje tar seg råd til besøk hos lege og tannlege. Nyleg høyrte vi at halvparten av åleineforsørgarane i Noreg slit med å kjøpe nok mat. Hjelpeorganisasjonar melder om aukande pågang. Stadig fleire familiar som har følt seg trygge før, har no ei større økonomisk utryggleik.
At fleire har fått dårleg råd, handlar ikkje om at det har blitt ført ein dårlegare fordelingspolitikk dei siste fire åra enn tida før.
Politikken må ta utgangspunkt i kvardagen til folk. Og om sanninga er at færre har råd til å betale for den vanlege handlekorga på butikken, betyr det at fattigdomen har gått opp. Og det må bli tatt på det høgaste alvor.
At fleire har fått dårleg råd, handlar ikkje om at det har blitt ført ein dårlegare fordelingspolitikk dei siste fire åra enn tida før. Det har derimot blitt gjort ei rekke viktige og gode grep. Vi har fått innføring av grunnrenteskatt for laks og høgare formuesskatt for dei rikaste, samtidig som mesteparten av oss har fått skattekutt. Barnetrygda har blitt løfta, SFO og barnehage har blitt billigare, unge har fått lågare tannlegerekning og arbeidsledige har fått tilbake retten til feriepengar. Dette har gitt meir pengar til velferd og utgjort tusenlappar i forskjell for mange familiar, kvar einaste månad.
Men samtidig har prisane gått i taket. Appelsinar har blitt 126 prosent (!) dyrare berre sidan januar i år, på grunn av ekstremvêr, plantesjukdom og låg kronekurs, meldte NRK nyleg. Gulost, renter, bensin, laks, kaffi og sjokolade er noko av det som er mykje dyrare no enn før. Prisvekst på bustad og mat er blant dei store drivarane som har gjort det tøffare økonomisk for mange.
For venstresidepartia kan det vere ein trøyst at situasjonen hadde vore verre med andre parti ved rattet.
Denne prisveksten har gjort velferdssatsingane vanskelege å finne igjen på bankkontoen, fordi dei ekstra pengane raskt har blitt sendt vidare til eigarane av dei store butikkjedane, til bankane som ventar med å setje ned renta eller til utleigarane. Velferdssatsingane frå denne perioden har fungert som ein støtdempar, men det har ikkje kompensert for heile prisveksten for alle.
Situasjonen kunne vore enno verre om valresultatet hadde blitt annleis i 2021. Perioden frå 2013 til 2021, der Erna Solberg var statsminister, ga oss ei lang rekke usosiale kutt som no har blitt reversert. Langtidssjuke fekk eit heilt år utan inntektssikring, gjennom karensåret. Uføre opplevde at det blei stramma inn på barnetillegget, eit kutt som utgjorde over 50.000 kroner i tapt inntekt i året i snitt per familie.
No budsjetterer høgresidepartia med høgare pris på barnehage og SFO. Venstre vil ha kutt i sjukelønn. All denne politikken ville gitt meir fattigdom og meir søvnlause netter for dei som allereie lurer på om dei har råd til å betale for straum eller neste fotballcup.
For venstresidepartia kan det vere ein trøyst at situasjonen hadde vore verre med andre parti ved rattet. Men det er ingen grunn til å tenkje at ein har gjort nok. Derimot trengst fleire grep i neste periode, for å forhindre at denne fattigdomen får setje seg. Akkurat no hastar det å dempe prisveksten i bustadmarknad og i daglegvarmarknaden. Barnetrygda må aukast meir, og særleg for einslege forsørgarar.
Det er berre å halde pusten og håpe at vi får eit valresultat som gir kortare, ikkje lengre køar, utanfor Fattighuset.
Akkurat no er sosialhjelpa for låg til at folk kan kjøpe seg nok mat. Nav tar ikkje alltid omsyn til korleis det går med barna som lever i familiane som får sosialhjelp. På toppen blir mottakarane tillagt ei rekke krav som gjer det vanskeleg å få det betre – som at det ikkje er lov å spare opp ein bufferkonto. Eg snakka med ei som valte å få hjelp frå ein friviljug matsentral i staden for Nav, sånn at ho kunne spare opp nok til å gi konfirmasjonsgåve til barnet sitt.
Folk som går på bustønad må søkje på ny kvar einaste månad. Går inntekta opp ein månad, for eksempel fordi ein kunne jobbe litt ekstra, dett bustønaden bort. Å risikere å miste bustaden frå månad til månad hjelper ikkje familiar i ein allereie vanskeleg situasjon. Og det gjer i alle fall ikkje at det lønner seg å jobbe.
Dette valet er på mange måtar eit skjebneval. Vi kan få ei venstreside som vil fortsetje sitt prosjekt for å utvide velferdsstaten, eller ei høgreside som har vist at dei både vil og kan kutte i ordningar som betyr noko for alle, men mest for dei som har minst. Det er berre å halde pusten og håpe at vi får eit valresultat som gir kortare, ikkje lengre køar, utanfor Fattighuset.
Kommentarer