FOTO: SDI Productions / Canva

Det som ikkje står i statistikken

Det nyttig å vite korleis det står til. Men ein får ikkje den kunnskapen ein treng om skulen gjennom å terpe på testresultat.

Veit du kva det motsette av lett er? Det veit ikkje 11-åringen min. Ho trudde det var tung, men der tok ho grundig feil. For det motsette av lett er vanskeleg, ifølgje fasiten til nasjonale prøver i norsk for femte trinn anno 2025. Dermed vart det ikkje full score på ordforråd for barnet mitt. Men akkurat det er faktisk det minste problemet i denne samanhengen.

Det handlar om at elevane ikkje presterer slik politikarane synest dei burde.

 

Styringsinformasjon

Nasjonale prøver blir gjennomført på 5, 8 og 9. trinn i grunnskulen og skal, ideelt sett, gi informasjon om kor landet ligg for norske elevar når det gjeld lesing, reknekunnskapar og  engelsk. Informasjonen skal i sin tur brukast til å finne ut korleis undervisninga og skuleverket generelt kan bli betre.

Resultata på prøvene kan heller ikkje forklare kva ved undervisninga som gjorde at resultatet vart som det vart.

Bakteppet er kjent. Det handlar om at elevane ikkje presterer slik politikarane synest dei burde. Det minna også kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun om då resultata frå årets nasjonale prøvar vart lagt fram. Dei yngste må lese betre, var meldinga derifrå.

 

Eit termometer

Det skal bli slutt på nasjonale prøvar i si noverande form. Avgjerda gav kunnskapsministeren applaus frå Utdanningsforbundet. Høgre har protestert skarpt. Som å kaste termometeret fordi det viser feber, ifølgje leiaren for Stortingets utdanningskomité Mathilde Tybring-Gjedde. Høgreleiar Erna Solberg har antyda at endringa handlar om at nokon vil halde informasjon tilbake. «Jeg skjønner at man ikke liker å bli sett i kortene, men det må vi tørre», sa ho i sommar.

 

Det ein får vite

Utdanningsforbundet var kritiske til prøvane fordi dei sa dei ikkje gir presis informasjon. Evalueringar har vist at dei er dårleg eigna til å fange opp dei elevane som presterer best og dei som presterer svakast. Praksisen med å gje fritak frå testane er ulik, dermed blir det vanskeleg å samanlikne resultat. Og, resultata på prøvene kan heller ikkje forklare kva ved undervisninga som gjorde at resultatet vart som det vart.

 

Ein reknefeil

I november vart det klart at prøveresultata nasjonale prøver frå åra 2015 til 2021 ikkje har gitt nokon som helst relevant informasjon om situasjonen i norsk skule. Årsaka var ein reknefeil.  Utdanningsdirektoratet valde sjølv å avpubliserte informasjonen.

Det er ei påminning om at det som kan teljast, alltid tel meir for dei som skal ta avgjerder.

Saka har ei lang forhistorie. Alt i 2023 fann forskarar ved Frischsenteret feil i utrekningane. Den gongen svarte utdanningsdirektoratet at feilen hadde minimale konsekvensar. I november sa utdanningsministeren at ho ikkje kunne utelukke at feilen kan ha påverka oppfølging av einskildelevar og at forsking der data frå nasjonale prøvar er brukt kan vere ramma av feilen.

 

Det som kan teljast

Dersom vi først går på badevekta, vil vi jo ikkje at den skal vise sju kilo feil, var kommentaren frå Hege Bae Nyholt som sit i Stortingets utdannings- og forskingskomité for Rødt. Partiet er i utgangspunktet kritiske til storskala test- og målingsregime i skulen. Og her er vi ved problemets kjerne. Det handlar om kva vi eigentleg får vite. Høgres Tybring-Gjedde samanliknar nasjonale prøvar med eit termometer. Som språkleg bilete er det presist. Det er ei påminning om at det som kan teljast, alltid tel meir for dei som skal ta avgjerder.

Samstundes har ei konkurranseprega offentleggjering av kva skuler som gjer det best i test ein høg pris.

Tal, gjerne med to desimalar og grafar som viser utvikling over tid, gir ei sterk kjensle av å vite. Om det ein skal måle er temperatur, eller pengebruk, kan tala også fange opp det som er vesentleg. Men når ein skal måle er ein så kompleks aktivitet som læring og undervisning, er det ikkje like lett å omsetje det som skjer til tal i eit skjema. Og om ein i tillegg har tenkt å bruke tala direkte for å styre skulen, er det grunn all grunn til å vere audmjuk med tanke på kor mykje ein faktisk veit.

 

Einsretting

Dei korrigerte testresultata frå nasjonale prøvar dei siste åra gir diverre ingen grunn til å leggje vekk tanken om at det trengst å bli tatt grep i skulen, og av at det hastar.  Å unngå å bruke tid og ressursar på det som ikkje fungerer, til dømes testing og rapportering som lærarar, og elevar, ikkje ser nytte av, er eit godt grep.

Iveren etter noko målbart, eit  samanlikningsgrunnlag er forståeleg. Samstundes har ei konkurranseprega offentleggjering av kva skuler som gjer det best i test ein høg pris. Den prisen sterke insentiv til einsretting av undervisninga og til juks, slik Magnus Marsdal viste i boka Kunnskapsbløffen. Det er ikkje lett å lage ein god skule. Eg vil gjette at det både er tungt og vanskeleg.

Nyhetsbrev Agenda Magasin