Og ein heil del meir på kjøpet.
Før helga leverte bondeorganisasjonane sitt krav til årets jordbruksforhandlingar. Det hadde ei ramme på 4,2 milliardar kroner. Om eit par dagar får vi vite kva landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen vil tilby. Så skal det forhandlast.
Eit ord som kjem til å gå att i forhandlingane, er inntektsgapet. Det handlar om forskjellen mellom bøndenes inntekt og samanliknbare yrkesgrupper. I fjor vart partane einige om at dette gapet skulle tettast. Men, vegen dit er framleis lang, viser tala som vart lagt fram av budsjettnemnda i forkant av forhandlingane.
Det finst jo uansett nok mat å få kjøpt, på verdsmarknaden.
Ein kan rekne ut bøndenes inntekt på fleire måtar. Diskusjonen om korleis det skal gjerast, går friskt, også blant bøndene. Men uansett korleis ein vrir på det, er det store biletet at mange norske bønder jobbar svært mykje og sit att med svært lite pengar for strevet.
Jorbruksavtalen handlar både om fruktproduksjon i Hardanger, mjølkebruk i Finnmark, korn i Nord-Trøndelag og høgintensiv kyllingproduksjon på Jæren. Eit bakteppe for årets krav er at det har vore ein priseksplosjon på innsatsfaktorar som er essensielle for landbruket. Det handlar om diesel, kunstgjødsel og kraftfôr.
USA og Israels krig mot Iran utløyste ikkje berre ei oljekrise, men også ei kunstgjødselkrise. Gulfstatane er storprodusentar av kunstgjødsel, og ein tredel av verdas samla gjødselproduksjon passerte inntil nyleg gjennom Hormuzstredet.
Norges grådigste bonde, var tittelen Finansavisens redaktør Trygve Hegnar brukte på ein kommentar om leiaren for Bonde- og Småbrukarlaget, Tor Jacob Solberg. Grunnen er kravet om eit beredskapstilskott for landbruket. Målet er å sikre fleire norske bønder, halde jordbruksareal i drift og sikre kunnskap om matproduksjon i befolkninga.
Dette er det siste Noreg treng, ifølgje Trygve Hegnar. Det finst jo uansett nok mat å få kjøpt, på verdsmarknaden.
Reknestykket over sjølvforsyningsgrad blir betre med meir beitebruk.
“Grådig” er blant dei minst treffande orda ein kan finne på å bruke om Solberg. Han representerer småbrukarane, som stort sett er samanfallande med dei som tener svært lite på gardsdrifta. Småbrukarane har tenkt på matvaretryggleik lenge før det gjekk politisk inflasjon i beredskapsspørsmål.
Dei er opptatt av sjølvforsyning, at mest mogleg av maten vi et skal vere produsert her i landet, på norske ressursar. Ideen er stikk i strid med det liberalisten og frihandelsentusiasten Trygve Hegnar står for.
I jordbruksforhandlingane i fjor vart det sett eit mål om auka sjølvforsyning. Men det går feil veg. I sitt krav skriv bondeorganisasjonane at vi er 34 prosent sjølvforsynte, om ein korrigerer for importert dyrefôr.
I denne samanhengen er det særleg soya frå Brasil som er viktig. Spørsmålet om korleis denne soyaen blir produsert, og korleis det påverkar regnskog og klima, skal få ligge for no. Men for den som vil drive kostnadseffektiv dyreproduksjon, er soyaen gull. Den gir raskare vekst for kjøtfe og høgtytande mjølkekyr.
I år vil bondeorganisasjonane prioritere produksjonen av ammeku, altså kjøtfe, og sau. For akkurat desse produsentane er økonomien usedvanleg stram. Produksjonen tek tid, desse dyra går på beite og gjer norske grasressursar om til protein som kan etast av menneske.
Er det noko dei siste åra har vist oss, er det at også det utenkelege kan skje.
Reknestykket over sjølvforsyningsgrad blir betre med meir beitebruk. I tillegg har Noreg eit av dei strengaste dyrevelferdsregelverka i verda. Antibiotika høyrer ikkje til blant dei essensielle innsatsfaktorane i norsk kjøtproduksjon, i motsetnad til det som er tilfelle i fleire av dei landa Noreg importerer kjøt frå.
Sandtrøen skal legge fram sitt tilbod denne veka. Han må balansere regjeringskollegaene sitt ønske om stramme budsjett og sitt eige ønske om eit godt oppgjer. Ministeren har ein gylden sjanse til å gjere seg populær hos både Senterpartiet og MDG. Dei to er ofte ueinige, men begge har eit engasjement for produksjon av norsk mat på norske ressursar.
Beitebruk, produksjon av frukt og grønt og tiltak som hindrer forureining frå landbruket, kan slå an i begge leirar. Trygve Hegnar har same meining om desse spørsmåla som han har hatt dei siste 30 åra. Men stadig fleire får auga opp for at sjølvforsyning og beredskap har ein plass i landbrukspolitikken.
Er det noko dei siste åra har vist oss, er det at også det utenkelege kan skje.

Kommentarer