Kari Nessa Nordtuns lister med innhold i fleire viktige fag, gir oss ein sjanse til å snakke om kva vi vil med skulen.
Det seier seg jo i grunnen sjølv at når nokon først tar seg bryet med å lage ei liste over kva som er viktig å kjenne til, er det lettast å få auge det som ikkje er med. Oppdraget var tydeleg: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun syntest læreplanane for grunnskulen hadde for mange generelle kompetansemål og var for lite forankra i norsk historie.
Eit knippe ekspertar fekk i oppdrag å lage lister over det alle burde kjenne til i faga norsk, musikk, samfunnsfag og samisk for grunnskulen. Sist eg sjekka hadde det kome inn 148 høyringssvar på listene. Framleis er det ei veke att til høyringsfristen går ut.
Vi veit alt at Frps fremste mann i utdanningskomiteen, Simen Velle, synest det er for mange moderne verk og at det er viktig å gje plass til dei fire store i norsk litteratur. Noregs Mållag synest det er for lite nynorsk. Høgres Erlend Svardal Bøe reagerer på listene for samfunnsfag. Han synest det er for mykje om dei undertrykkande delane av norsk historie.
Det er jo ikkje det same kva ein les.
Minerva-redaktør Nils August Andresen er heller ikkje fornøgd. For det blir føreslått at barna skal lære om klima- og miljøproblem i samband med industrialiseringa, men ikkje om økonomisk vekst. Den svenske miljøforkjemparen Greta Thunberg ville ha vore fornøgd, hevdar Andresen. Slik han legg det fram, ser det ut til at han ikkje synest det er eit kvalitetsteikn.
Utdanningsforbundet har alt åtvara om at innhaldslistene ikkje må bli ei tvangstrøye som tar frå lærarane metodefridom og sjølvstendige initiativ. Sjølv synest eg viljen til å lage lister i seg sjølv er eit stort framsteg. Ideen bak, at nokre verk er så viktige at absolutt alle i landet burde kjenne til dei, er ei anerkjenning av kulturens eigenverdi.
Eg er einig i at songen «Blåmann» er verd å kjenne til i kraft av seg sjølv. Songen er ikkje eit middel for at barn skal kome seg til eit visst nivå av lesekompetanse eller språkforståing. Med dei siste åras mange diskusjonar om norske elevars prestasjonar på diverse kunnskapstestar friskt i minne, synest eg diskusjonen om listene er eit framsteg. Vi burde klare å snakke om at skulen vår skal ha andre mål enn å sikre framtidig konkurransekraft og å auke skulebarnas poengsummar på internasjonale kunnskapstestar.
Skeive maktforhold er ein del av norsk historie.
Det er jo ikkje det same kva ein les. For oss i Noreg har det ein verdi å synge ein tekst skriven i 1860 av ein husmannsson frå Vinje i Telemark. Blåmann er forankra i det norske på ein annan måte enn Katy Perrys «Roar», som er den songen barna song sist eg deltok på eit arrangement på den lokale grunnskulen.
Eg er ikkje overtydd om at alle dei nye tekstane som har fått innpass på Nessa Nordtuns lister vil skinne like klårt som «Blåmann» om 150 år. Men det er eit sjølvstendig poeng å ha nye tekstar med. Vi vil jo formidle at det som blir skapt her og no har ein verdi, og at norsk kultur ikkje er det som var før.
Høgrepolitikar Svardal Bøes innvending mot at dei undertrykkande delane av norsk historie blir gitt plass, er litt kulturkamp-aktig. Men den er også interessant. Han etterlyser ein skule som bygger opp om det nasjonale fellesskapen, ikkje ein som splittar, seier han. Han hevdar listene har eit avkoloniseringsblikk på norsk-samisk historie.
Men historiefaget er jo ikkje til for at vi skal dikte opp ei gylden, falsk fortid. Og kva fellesskap får vi eigentleg om vi ikkje kan snakke om det som har skjedd? Det er ikkje mogleg å forstå samisk historie i Noreg om ein ikkje kjenner til fornorskingspolitikken.
Eg er jo framleis nysgjerrig på kva verk av Jonas Lie Simen Velle helst ville hatt meir av i skulen.
Ein må også vite at samiske familiar systematisk har blitt drive vekk frå landområde dei tidlegare har brukt av norske styresmakter. Og om ein først er opptatt av samhald: strengt tatt var det vel ikkje så stort samhald mellom husmenn og storbønder på flatbygdene i innlandet på 1800-talet heller. Skeive maktforhold er ein del av norsk historie.
Andresen er uroa for at økonomisk vekst kan forsvinne ut av biletet når barna skal lære om industrireisinga. Sjølv vil eg tippe at akkurat det er eit poeng det ikkje er mogleg å halde skjult, også om læraren skulle forsøke.
For meg viser innvendingane frå Svardal Bøe og Andresen kor viktig det er å gi plass til historie i skulen. Faget er tolkingsfag. Det handlar svært ofte om makt. Ein bør absolutt ikkje redusere det til årstal, hendingar og eit velmeint ønske om å skape fellesskap. Sjølv håpar eg på enno meir debatt om listene.
Eg er jo framleis nysgjerrig på kva verk av Jonas Lie Simen Velle helst ville hatt meir av i skulen.

Kommentarer