Verda treng nye grep som hindrar at ein liten elite stikk av med all formuesvekst.
Sidan år 2000 har den rikaste prosenten i verda hatt ei langt meir heldig økonomisk utvikling enn resten av oss. Dei har rett og slett fått 41 prosent av all formuesvekst sidan den tid. Den nedste halvparten av jordas befolkning har berre fått ein prosent av denne veksten.
Økonomisk vekst blir fort til ein tredje yatch for dei som allereie har to, i staden for å gi mat til dei som svaltar.
Desse tala viser oss at det er noko galt med det økonomiske systemet i dag. Vekst er ikkje ein garanti for velstandsvekst som dryp ned frå dei med mest til vanlege folk – derimot ender den stort sett opp hos dei som allereie har veldig mykje. Økonomisk vekst blir fort til ein tredje yatch for dei som allereie har to, i staden for å gi mat til dei som svaltar, for å seie det litt karikert (men sant).
Difor er det godt nytt at det er folk som tenkjer nytt om korleis vi kan fordele betre. Sør-Afrika er no vertskap for G20, ein møteplass for verdas rikaste land. Dei har bedt den amerikanske økonomen og Nobelprisvinnaren Joseph Stiglitz leie eit ekspertpanel som skal omtale dei økonomiske forskjellane i verda og ikkje minst peike på løysingar for å redusere dei. Rapporten kom i dag.
På denne måten kan verda få fleire truverdige og oppdaterte tal på dei globale forskjellane.
Stiglitz si gruppe kjem med ei rekke forslag, men det viktigaste forslaget har henta inspirasjon frå klimapolitikken. FNs klimapanel har i ei årrekke bestått av friviljuge forskarar og ekspertar som har spelt inn med sine beste analysar av verdas temperaturutvikling. Denne modellen kan også bli brukt til å gi verda oppdaterte tal på ulikskap, meiner ekspertgruppa. Det er eit problem i dag at politikarar har for lite oversikt over den reelle situasjonen rundt ulikskap. Ekspertgruppa tenkjer at panelet kan bli oppretta av G20, og at aktiviteten kan bli støtta av friviljuge land som stør opp om panelet. På denne måten kan verda få fleire truverdige og oppdaterte tal på dei globale forskjellane.
Å redusere ulikskap handlar om å redde demokratiet og hindre polarisering.
I tillegg til å føreslå eit panel for å vite meir om den reelle ulikskapen, føreslår ekspertgruppa ei rekke tiltak for å få den til å gå ned. Dei skil mellom tiltak som «fordeler på førehand» og omfordelande grep. Fordeling på førehand handlar om reglane for marknader – som hindrar at eigarskap og formue samlar seg opp hos nokon få. Ekspertgruppa vil for eksempel endre reglane for patentar til medisin og teknologi, fordi dette er sektorar med stor ekstrem eigarskapskonsentrasjon dei siste åra, med negative konsekvensar for demokrati og fordeling. Eit anna grep kan vere å innføre minstelønningar. Det andre settet med omfordelande grep er kjente tiltak som meir omfordelande skattar og meir pengar til velferdsordningar.
83 prosent av landa i verda har no ekstrem ulikskap. Samtidig har ein av fire innbyggarar i verda moderat eller alvorleg matutryggleik. Det er altså store grupper som manglar noko av det mest grunnleggande vi treng for å leve gode liv, samtidig som det er ei gruppe på toppen som lever eit luksusliv som er meir ekstremt enn verda nokon gong har sett – med privatfinansierte turar til verdsrommet og massiv vekst i talet på privatfly. Samtidig forvitrar middelklassen i fleire land. Det gir todelte samfunn, der ein enten er på den vesle toppen med privat rikdom, eller er i det store fleirtalet som lever i fattigdom. Dette er dårlege samfunnsmodellar. Det finst betre måtar å organisere seg på.
Det var sju gongar så stor sjanse for demokratisk tilbakegang i land med stor ulikskap enn i land med mindre forskjellar.
Å redusere ulikskap handlar om å redde demokratiet og hindre polarisering. Vi treng ikkje sjå lenger enn over Atlanterhavet for å sjå det. Der styrer Trump hand i hand med verdas rikaste menneske, som samtidig styrer teknologien som gjennomsyrer våre liv. Ekspertpanelet peikar på ein studie som såg på 22 land der demokratiet forvitra. Her fann dei at det var sju gongar så stor sjanse for demokratisk tilbakegang i land med stor ulikskap enn i land med mindre forskjellar.
At det også er særs vanskeleg å bekjempe fattigdom i eit forskjellssamfunn, og at det er vanskelegare å få økonomisk vekst, kjem også tydeleg fram.
Vi kan bli eit av landa som stør opp om å få på plass eit globalt forskjellspanel.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust har peika på det å redusere ulikskap som ei av sine viktigaste oppgåver i denne perioden. Det er på sin plass. Stiglitz si gruppe har no peika på ein stad der Noreg kan gjere ein jobb for å få framgang på området – vi kan bli eit av landa som stør opp om å få på plass eit globalt forskjellspanel. Det kan gi verdas politikarar meir kunnskap og motivasjon til å ta grep i det som er ei av vår tids største utfordringar – å hindre at vi får stadig fleire todelte samfunn med rike og fattige, og over til ein samfunnsmodell som bygger fellesskap, tryggar demokratiet og gir fleire tilgang på det som er botnplanken i eit godt liv – tilgang på mat, helse, skule og jobb. Lite verkar meir meiningsfullt å ta tak i akkurat no.


Kommentarer