Prisen for hets og sjikane er høg. Og det er offera som betaler.
Alt då ho kom inn i norsk offentlegheit som ei usedvanleg velformulert skulejente frå Bodø, var det klart at Sumaya Jirde Ali var noko heilt for seg sjølv.
Ali har krafta til den som ein ikkje berre går inn i debatten for debattens skuld, men fordi noko eksistensielt står på spel. Eit skarpt hovud, kombinert med poetisk språksans og uslåeleg teft for å finne rett ord til rett tid, gjorde at ho raskt vart ein stemme mange lytta til.
Sist veke fortalde Ali på Facebook at ho er blitt sjuk att. I dei to siste bøkene sine har ho skrive om at det er langvarig, omfattande rasistisk hets som er årsak til helseproblema. Til same tid markerte Noreg at det er 15 år sidan terroren 22. juli terroren.
På det ytre plan er dette to separate hendingar. Men dei heng saman.
Ali tenkte at Arbeidarpartiet vart ramma fordi dei hadde lete folk som henne kome til landet.
For midt oppe i minnetalene, sorga over dei døde og sinnet mot gjerningsmannen, dukkar det stadig opp påminningar om den harde sjikanen som rammar AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø, men også mange av dei andre overlevande og familiane deira.
Ali var langt unna då bomba small og terroristen losna skott mot Skjervø og andre barn og unge på AUFs sommarleir. Ho var 13 år gamal og glad fordi ho hadde klart å ordne seg ein sommarjobb.
Men terroren har likevel blitt ei definerande hending for livet, og forfattarskapen hennar. I boka «Ikkje ver redd sånne som meg» (utgitt i 2018) fortel ho at ho bad ein stille bøn om at gjerningsmannen ikkje måtte vere muslim då ho fekk sjå bileta av det skadde regjeringskvartalet.
Ho skriv også om kjensla av skam og sjølvforakt som trengde seg på då ho fekk vite om drapa på Utøya. Ali tenkte at Arbeidarpartiet vart ramma fordi dei hadde lete folk som henne kome til landet.
«Eg ville ikkje at 22. juli skulle handle om meg. Men det hadde alltid også handla om meg», skriv ho.
Ali omtaler rasisme som eit ran. Av tid, energi, livsglede og av fridom.
I kulturlivet, debattspaltene til redigerte medium, blant feministar og antirasistar, har Ali alltid blitt feira som ei stjerne. Ho har også fått ei heil rad priser, blant anna Zola-prisen for sine bidrag til samfunnsdebatten. Parallelt med dette har det føregått ei intens mobilisering mot Ali i dei mørke hjørna av internett.
Heilt frå ho for første gong ytra seg offentleg, har ein trollhær av tastaturkrigarar vore etter henne. Dei har gått langt ut over grensene for det som er anstendig. I nokre tilfelle også over grensene for straffeloven.
For den som deltar i ein slik ussel aktivitet, er prisen låg. Han var også låg for kvinna som vart dømt i høgsterett for sjikane mot Ali. Juridisk står hetsarane berre ansvarleg for sitt eige vesle, vondskapsfulle bidrag. I delar av offentlegheita kan dei til og med få anerkjenning frå gjennom å omtale sjikanen som «ytringsfridom» og «religionskritikk».
Men dei opptrer som ulvar som jagar i flokk. For den som er i mottakarenden, fungerer det annleis. Orda blir akkumulert, dei kan svelle opp og sette seg fast.
I tid der omtrent alle er på nett til ei kvar tid, kjem hetsen frå alle kantar, til alle døgnets tider og i alle moglege kanalar.
I boka «Et liv i redningsvest» skildrar Ali korleis rasistisk hets har ete seg inn i livet hennar. Dei har gjort dagane mørke og uføreseielege. Det ho kan le av den eine dagen, kan setje seg fast den neste. Ei velmeint støtteerklæring kan på ein dårleg dag bli ei uønskt påminning om det ho treng ein pause frå.
Ali omtaler rasisme som eit ran. Av tid, energi, livsglede og av fridom.
I programmet Sommer i P2 sist veke fortalde AUF-leiar Skjervø om hetsen han opplever. Han snakka også om samhald, solidaritet og støtte han har fått frå organisasjonen sin, vener, lokalsamfunn og gode menneske han har møtt. Dei har vore ei motvekt.
Skjervø og Ali har noko til felles. Begge er uredde, har karisma og ein formuleringsevne som gjer at folk lyttar og les. Difor er begge også målskive for sjikane frå rasistar og terror-sympatisørar.
I tid der omtrent alle er på nett til ei kvar tid, kjem hetsen frå alle kantar, til alle døgnets tider og i alle moglege kanalar.
Det er utopisk å tru at appellar om betre debattskikk kan endre situasjonen. Men det er avgjerande for oss, og for vår frie samfunnsdebatt, at vi klarar det betre enn vi gjer i dag.


Kommentarer