FOTO: Amanda Pedersen Giske / NTB

Eit stille stemningsskifte

Mange er urolege for økonomien. Men det er også optimisme å spore i norsk landbruk. Det gjer årets jordbruksoppgjer ekstra spennande.

Norsk landbruk blir påverka av ver og vind, nedbør, talet på soltimar, internasjonale handelsstraumar og av politiske val. No er jordbuksforhandlingane i gang. For første gong sidan 2001 er landbruksministeren frå Arbeidarpartiet.

Nils Kristen Sandtrøen har markert seg på Stortinget med eit sterkt engasjement for jordbruk og for Distriktsnoreg. Då forhandlingane starta, var avstanden mellom partane stor. Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag la fram eit krav med ei ramme på to milliardar. Tilbodet frå staten var på mindre enn halvparten – 805 millionar.

Eit inntektsgap

Partane har frist til 16. mai til å bli einige. For nokre tiår sidan var jordbruksoppgjeret kjent for å vere så komplisert at det berre var vårherre og Harald Grue, dåverande departementsråd i Landbruksdepartementet, som hadde fullt oversyn.

Den viser at mange er uroa over eiga inntekt.

Sidan den gongen har det skjedd forenklingar. Men statens tilbod gjer at det verkar lite sannsynleg at det vil redusere inntektsgapet – forskjellen i inntekt mellom landbruket og andre yrkesgrupper som regjeringa har lova å fjerne innan 2027. Sjansen for misnøye er stor. Samstundes er det mogleg å spore ein forsiktig optimisme i sektoren.

Pengar og politikk

Denne optimismen var synleg då tankesmia Agri Analyse la fram sitt landbruksbarometer sist veke. Landbruksbarometeret er ein breitt anlagt gjennomgang av landbruks- og matsektoren i Noreg. Rapporten blir laga annakvart år, på oppdrag for Norges Bondelag, Landkreditt Bank og Det Norske Felleskjøpet. Den viser at mange er uroa over eiga inntekt.

39 prosent svarar at det går ganske bra når dei blir bede om å vurdere eigen økonomi. Like mange svarar at det går ganske dårlig, og det er fleire som svarar at det går veldig dårleg enn veldig bra. Låg lønsemd blir også oppgitt å vere den største utfordringa, og den viktigaste grunnen til å ikkje investere i drifta.

Talet på mjølkebruk er halvert sidan 2004.

Her er det verd å merke seg at internasjonale handelsstraumar har slått hardt inn over norsk landbruk dei siste åra. Russlands fullskalainvasjon i Ukraina førte til prisgallop på sentrale innsatsfaktorar – som gjødsel og drivstoff. I årets landbruksbarometer svarar 60 prosent at denne prisutviklinga er ein stor kjelde til uro.

Samstundes svarar 30 prosent at dei er fornøgde med fjorårets jordbruksoppgjer. Det er lang frå alle, men det er eit tydeleg stemningskifte om ein samanliknar med åra før 2021, då Framstegspartiet styrte Landbruksdepartementet.

Sist gong ein tilsvarande andel sa seg fornøgde, var på den tida då Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum var landbruksminister. Også andelen på bønder som seier seg einig i påstanden om at regjeringa fører ein god landbrukspolitikk har auka.

Ikkje for heile landet

Landbruksbarometeret viser også at det ikkje går spesielt bra med regjeringa og landbrukets mål om å sikre landbruk over heile landet, på små og mellomstore bruk. Det blir stadig færre gardar, og dei som er aktive, driv i stadig større skala.

Talet på mjølkebruk er halvert sidan 2004. Talet på sauebruk og produksjonseiningar med verpehøner går også ned. Og det er eitt fylke som skil seg ut. Rogaland har rundt 10 prosent av jordbruksarealet i landet, og står for meir enn ein fjerdedel av den samla norske produksjonen av egg, slaktekylling og svin.

Regjeringas mål om eit landbruk over heile landet, handlar ikkje berre om å produsere mat.

Til møtet i Agri Analyse kom den unge bonden Magnhild Aanestad, som sjølv driv med mjølk, svin og kjøt, for å fortelje om investeringsviljen på Jæren. Her blir det søkt om meir støtte til investeringar enn det finst pengar på det regionale budsjettet. Slik er det ikkje andre stader i landet. Aanestad framheva eit tett, høgkompetent og godt landbruksmiljø i Rogaland som ein viktig grunn til at så mange vil satse.

Anders Sigstad som er organisasjonssjef i Landkreditt bank, bøndenes eigen investeringsbank, fortalde at banken no ser ein auka optimisme og investeringslyst i landbruket, sjølvsagt innanfor moderate rammer.

Den vanskelege sjølvforsyninga

Regjeringas mål om eit landbruk over heile landet, handlar ikkje berre om å produsere mat. Det er knytt til eit mål om å halde oppe eit spreidd busetnadsmønster, om landskapspleie, om beredskap og om sjølvforsyning av mat.

Rapporten til Agri Analyse slår fast at sjølvforsyningraden er på litt under 40 prosent, om ein korrigerer for import av dyrefor, dietten til norske produksjonsdyr inneheld som kjent meir enn berre spor av soya frå Brasil.

Klarar dei å halde fram ein positiv trend for landbruket?

Det at meir enn 60 prosent av maten vi et, har sitt opphav utanfor landegrensene, kjenst mindre betryggande no enn det gjorde for eit par år sidan, då handelsstraumane mellom verdas land gjekk nær uforstyrra. Samstundes er norsk landbruk ein viktig råvareleverandør til næringsmiddelindustrien, vår største fastlandsindustri.

Årets oppgjer finn stad i ei tid der svært mange norske familiar er under økonomisk press på grunn av auka matvareprisar. Og bakteppet er alvorleg, spørsmålet om matvaretryggleik er meir presserande enn på lenge. Det blir ein test for Arbeidarpartiregjeringa.

Klarar dei å halde fram ein positiv trend for landbruket?

Det blir også ein test for Senterpartiet, for korleis skulle det ta seg ut om Arbeidarpartiet får til eit oppgjer som skaper stor begeistring blant norske bønder?