I vinter kjem eit nytt slag om kven som skal eige fisken.
Vi har fått ein ny fiskeriminister, og snart skal ho legge fram regjeringas lenge lova kvotemelding. Det er inga lita sak. Noko av det viktigaste der er kva som skal skje med strukturkvotane. Fiskeripolitikk er full av kompliserte ord, og strukturkvoter er eit av dei. Men ikkje slutt å lese av den grunn! Eg skal prøve å forklare kva dette handlar om.
I Noreg er vi einige om at det er folket som eig fisken. Fisken skal bidra til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna, og fisket skal vere lønnsamt og berekraftig. Dette står i paragraf 1 og 2 i havressurslova. Innanfor olje, oppdrett og andre næringar er vi no vant til at naturressursar kjem fellesskapet til gode gjennom grunnrenteskatt. I fiskeripolitikken har ein tenkt annleis.
Og er det nokon som har tapt på dei siste tiåras fiskeripolitikk, er det kystflåten og ei rekke kystsamfunn.
Ved å fordele fiskekvotane langs kysten, har ein tenkt at desse arbeidsplassane skal bidra til busetjing og næringsaktivitet i lokalsamfunn. Då kan fiskarane tene dei pengane fiskekvotane gir, utan ekstra skatt, fordi ringverknadene kjem fellesskapet til gode lokalt. Spreitt busetting og verdiskaping har vore måten politikarane har tenkt at villfisken skal bidra til fellesskapet på.
Denne forvaltninga av ein fellesskapsressurs heng altså på ein føresetnad om at kvotefordelinga faktisk fører til spreiing av ressursar og auka busetnad i små kystsamfunn. Dei siste tiåra har denne tanken blitt følgt av ei rekke politiske grep for å sikre at fisken faktisk kjem på land langs kysten. Vi har for eksempel eit såkalla pliktsystem, som forpliktar kvoteeigarar til å levere fisken på ein bestemt plass. Nokre av desse grepa har fungert, mange av dei har ikkje gjort det.
Og er det nokon som har tapt på dei siste tiåras fiskeripolitikk, er det kystflåten og ei rekke kystsamfunn. Gjennom hol i regelverket og trålarvenleg politikk har kvotene blitt samla på stadig færre hender. Store mengder fisk har blitt sendt ut av landet, ikkje til kystsamfunna den eigentleg skulle hamne i. Dette var bakteppet for kystopprøret i nord vi såg for nokre år sidan.
I praksis betyr det at ungdom som vil bli fiskarar må ta opp millionlån for å kunne etablere seg.
For tre år sidan kom Riksrevisjonen med ein rapport som talfesta korleis fiskekvotene hadde blitt samla på færre hender. Innanfor torsketrål hadde dei ti største selskapa for eksempel kontroll på nesten 80 prosent av kvoten i 2018, mot nærmare 25 prosent i 2004. Innanfor både kystflåten, sild- og makrell og havfiskeflåten har eigarskapet blitt meir konsentrert i same periode. Riksrevisjonen slo fast at det var alvorleg at «summen av endringene i kvotesystemet har fått, til dels utilsiktede, negative konsekvenser for fiskeriaktiviteten i mange kystsamfunn».
Samtidig har kvoter fått ein stadig høgare marknadsverdi. Denne utviklinga med å kjøpe og selje fiskekvotar utvikla seg på 2000-talet, og det blir stadig dyrare å kjøpe ei kvote for å etablere seg i yrket. Det blei ikkje betre av at tidlegare fiskeriminister Per Sandberg oppheva restriksjonane som sa at kvart fylke skulle ha eit visst tal med kvoter. Det ga større marknad og høgare pris på kvotene. I praksis betyr det at ungdom som vil bli fiskarar må ta opp millionlån for å kunne etablere seg.
Noko må altså bli annleis for at samfunnskontrakten innanfor fiskeri skal fungere.
Når ein ser på korleis fiskeri bidrar til spreitt busetjing, er kystflåten heilt sentral. Dei treng fiskemottak i nærleik av der dei bur og fiskar. Riksrevisjonen dokumenterte korleis det har blitt færre, og større mottak. Det tvinger fiskarar til å flytte eller selje kvotene sine.
I 29 kommunar har all villfiskindustri forsvunne sidan 2004. Og mange av dei som enno har mottak har færre mottak enn før.
Noko må altså bli annleis for at samfunnskontrakten innanfor fiskeri skal fungere.
Og no kjem altså slaget om strukturkvotane, som vil ha mykje å seie for korleis dette går framover. Desse kvotane blei delt ut på tidleg 2000-talet av dåverande fiskeriminister Svein Ludvigsen (H). I 2007 bestemte den raudgrøne regjeringa at desse kvotene var tidsavgrensa, for å hindre at desse kvotene var tildelt til nokre få private aktørar til evig tid.
Sidan kvotene blei tildelt har fiskerinæringa blitt prega av god lønnsemd og store ressursar for dei som er innafor systemet.
Når det hadde gått ei viss tid, skulle kvotene komme tilbake til fellesskapet. Det ga sterke reaksjonar hos enkelte fiskarar, som forventa at kvotene hadde blitt gitt på livstid. Det blei rundar i Høgsterett, og med ei røysts overvekt landa dei på at kvotene skulle falle tilbake til fellesskapet etter 20 eller 25 år.
No har 20 år snart gått og fristen for tidsavgrensinga nærmar seg. Men kva «falle tilbake til fellesskapet» eigentleg betyr, er det ingen som har bestemt enno. Det er grunn til å tru at fiskeriministeren skisserer ei løysing i den komande kvotemeldinga.
Sidan kvotene blei tildelt har fiskerinæringa blitt prega av god lønnsemd og store ressursar for dei som er innafor systemet. Det vil nok også gi eit lobbyløp som vil presse politikarar til løysingar som ikkje nødvendigvis fordeler så mykje tilbake til kystsamfunna.
Tida vil vise om det er kystsamfunna, eller velståande fiskarar som har blitt rike på fellesskapets eigedom, som vil få mest gjennomslag i vinterens fiskeslag. Utfallet vil ha mykje å seie for kor mange lys det vil vere i husa i nord i tiåra som kjem.
Teksten ble også publisert i Dagsavisen 30. oktober 2023.
Kommentarer