FOTO: Martin Lerberg Fossum / Statsministerens kontor

Forskjells-Noreg må på dagsorden i 2026

Regjeringa må vise at dei tar forskjellsutviklinga på alvor.

Det nærmar seg no. Ribbe og pinnekjøt, Askepott på TV og familieselskap. Tid for å oppsummere året og sjå framover. Også for regjeringa. Noko av det siste dei gjorde før dei tok ferie, var å legge fram Plan for Norge, som skal peike kurs for det som skjer etter nyttår.

Denne planen er ei nyvinning, med færre og meir overordna punkt enn ei tradisjonell regjeringserklæring. Eg synst det er fint at dei tenkjer nytt, og det er mange gode grunnar til å ha færre og spissare prioriteringar. Samtidig blir det også blir veldig synleg kva som ikkje blir prioritert. Reduserte forskjellar og mindre fattigdom var ikkje løfta tydeleg som politisk ambisjon i denne planen. I staden blei det meste pakka inn i ein retorikk om tryggleik.

Forskjellane aukar altså, og særleg ved at dei på toppen drar i frå og får stadig større formuar.

I innleiinga til planen står det at politikken «bygger på styrken i de små forskjellene, den høye tilliten og de sterke fellesskapene som kjennetegner landet vårt». Det er fint formulert, men er alt dette så sant om Noreg i 2025? Du treng ikkje lese så mykje om økonomiske forskjellar før du får med deg at forskjellane i Noreg ikkje er så små som vi ofte skal ha det til. Ein studie har vist at formuesulikskapen i Noreg er blant den høgaste i Europa. Ein annan dokumenterer at den rikaste prosenten her i landet no har like mykje formue som dei hadde i 1912.

Forskjellane aukar altså, og særleg ved at dei på toppen drar i frå og får stadig større formuar. Vi er kjent som eit land med nokon av dei rikaste arvingane i verda. Samtidig har vi dei siste åra nok ein gong fått grupper som lever i absolutt fattigdom, der dei manglar pengar til å dekke grunnleggande behov. Pågangen til hjelpetiltaka for dei fattigaste aukar.

Lar vi forskjellsveksten halde fram som den har gjort dei siste tiåra, vil det forandre Noreg til det verre. Å ta vare på gode fellesskap og økonomisk tryggleik vil krevje ei vilje til omfordelande politikk. Då må ein både hente inn meir pengar frå dei som har mest og samtidig vere viljug til å bruke meir pengar på dei som har minst.

Alternativet er meir bemanningskriser, lengre matkøar og mindre tillit.

Det er det få signalar om. Når det gjeld skatt er det derimot eit mål for regjeringa å «sikre stabile og forutsigbare rammebetingelser». Då kan vi få ein kurs der høgresida kuttar i skattane kvar gong dei sit i regjering, mens venstresida skal ha «stabile rammevilkår» kvar gong dei har makta. Då får vi ein gradvis mindre omfordelande velferdsstat, trangare kommuneøkonomi og færre på jobb i velferdsyrka.

Rundane om grunnrente på laks og formuesskatt har vist oss at det er sterke grupper i samfunnsdebatten som vil vere mot nye omfordelande grep. Den kampen er likevel ein jobb venstresida må ta, om dei vil ta vare på det beste med Noreg. Alternativet er meir bemanningskriser, lengre matkøar og mindre tillit.

«Folk skal få bedre råd», står det i planen, men det er ikkje spesifisert korleis dette skal fordelast. I praksis har det mykje å seie om det er Odd Reitan, som er Noregs fjerde rikaste mann og auka si formue med 8 milliardar på eit år, som skal få meir pengar, eller om det er familiane til nokon av dei nesten hundre tusen barna som veks opp i fattigdom i dag.

At det er så mange familiar som treng mat- og gåvehjelp av denne typen er eit sjukdomsteikn for samfunnet.

Akkurat no i jula blir vi minna på kor omfattande fattigdommen her i samfunnet er. Rundt om kring har for eksempel frivilligheitssentralar laga ønsketre, der du kan ta ein lapp som seier noko om ein familie som ynskjer seg ei konkret gåve, som du kan hjelpe dei med å kjøpe. Du kan for eksempel ein Fantorangen-bamse til Liv (4 år) eller eit Lego-sett til Adrian (7 år). Eg kan ikkje hugse at det er noko som fantest før. At det er så mange familiar som treng mat- og gåvehjelp av denne typen er eit sjukdomsteikn for samfunnet.

Eg er veldig glad for at det blei eit raudgrønt fleirtal i haust, for eg har langt meir tru på desse partias politikk for å redusere forskjellar og fattigdom enn høgresida, som vi veit vil gjennomføre ei lang rekke kutt i økonomiske sikringsordningar. Men fleirtalet må samtidig levere – mange av dei raudgrøne veljarane forventar at det blir gjort meir med forskjellsutviklinga no når det er raudgrønt fleirtal for andre periode på rad.

Den tida vi lever i no krev at vi har politikarar som gir håp.

Eg mistenker at regjeringa snakkar mindre om dette fordi dei tenkjer at det skal vere samarbeidspartia på Stortinget å forhandle inn ulike grep for omfordeling, som for eksempel auka barnetrygd. Det er ikkje så lurt, for oppgåva er for stor til at ho kan bli overlate til samarbeidspartia åleine.

Den tida vi lever i no krev at vi har politikarar som gir håp. Ein del av den jobben bør vere å vise at ei meir rettferdig fordeling er mogleg. Om folk flest kan leve liva sine utan å frykte ei framtid i fattigdom om uflaks rammar, har regjeringa klart å få til akkurat det planen legg opp til er viktigast – nemleg ein tryggare kvardag.

Nyhetsbrev Agenda Magasin