Vi treng nye, friske tankar om korleis verda skal bli dei neste ti, tjue og femti åra.
Argumentasjon mot demokratiet som styreform. Fabuleringar om jordas undergang, koloniar på Mars og ustoppelege klimaendringar.
Korleis kan vi kome dit?
Dette er ideane som no blir sprøyta ut av oligarkane rundt den amerikanske presidenten Donald Trump. I boka Mørk opplysning, som kom på norsk tidlegare i år, går den franske idehistorikaren Arnaud Miranda gjennom tenkninga til Peter Thiel og andre ideologar på ytre høgre i USA. Her er det mykje mørkt. Heldigvis er det på ingen måte gitt at det må bli sånn som desse tenkjarane forkynnar.
Det finst lysare alternativ. I byrjinga av juni møttest mange av verdas fremste forskarar på ulikskap i Paris til ein felles konferanse. Samtidig blei det lansert ein ny rapport, Global Justice Report. Forfattarane, med kjente namn blant seg som Thomas Piketty og Lukas Chancel, tok her til orde for at fleire må melde seg på i idékampen om åra som kjem.
Dei skriv i The Guardian om at verda har akutt behov for ein radikal nye visjon for dette århundret, som eit alternativ til den dystre framtida vi får servert om ei tekno-autoritær framtid. Ingenting er hugga i stein om kva som vil skje, men vår evne til å sjå føre oss ulike scenario vil også kunne påverke kva veg vi ender med å gå.
For meg var det å lese om dette litt som å opne eit vindauge eit tett og varmt rom.
Dei same forskarane har sjølv tatt føre seg ei å lage ein plan for ein betre og meir optimistisk framtid, nærmare bestemt korleis alle kan få heva levestandarden sin til å leve gode liv fram mot 2100.
Korleis kan vi kome dit?
Ein føresetnad for at vi kan leve gode liv i 2100 er at vi klarer å bremse dei farlege klimaendringane og hindre ei temperaturauke over 2 grader. Ei anna er at dei økonomiske forskjellane i verda går ned og at dei med minst får meir å rutte med.
Rapporten har ei konkret oppskrift for å få til det. Forskarane seier sjølv at det dei føreslår kan verke utopisk, men samtidig skriv dei at dette er teknisk fullt mogleg å få til. Spørsmålet er om det er politisk grunnlag for å få fleirtal for forslaga. Dei tar til orde for høgare skattar på høge formuar, redusert arbeidstid, grønare kosthald og massive investeringar i helse og utdaning. Gjennom dempa forbruk kan vi jobbe mindre og få meir fritid – og samtidig redusere klimagassutsleppa rundt oss.
Det er også inspirasjon å hente frå Danmark.
For meg var det å lese om dette litt som å opne eit vindauge eit tett og varmt rom. Mange debattar har gått seg fast i pessimisme om dagen. Trump styrer rundt og lager kaos i internasjonal politikk. Optimismen for å nå klimamåla verkar mindre enn før. Mykje er dystert, og mykje handlar om korleis vi kan hindre at ting blir verre. Vi treng å snakke meir om alt vi kan få til betre, og korleis vi kan kome oss dit.
Det finnes òg andre konkrete eksempel på at radikal politikk er mogleg. I New York jobbar ordførar Zohran Mamdani på. Han smiler og innfører nye skatt på tomme rikingbustadar i byen, samtidig som han bruker dei same pengane på billigare buss og fotballfest i byens gater. Han tør å eksperimentere med nye måtar å drive matbutikkar på – for å sikre folk lågare matprisar.
Det er ikkje ideologisk messing frå Sovjet på 1970-talet, men pragmatisk politikk for å gjere kvardagen til innbyggarane i New York betre i 2026. Mamdani tar utgangspunkt i folks liv og tør å ta nye grep som gjer ein forskjell.
Det er også inspirasjon å hente frå Danmark. Dei har jobba fram ei ny regjeringsplattform med ein skattereform som ikkje aukar forskjellane i landet. Her har det raudgrøne fleirtalet klart å stå i mot presset frå høgresida om å kutte enno meir i skattane til dei med aller mest frå før.
Det finst forsking som viser oss at lågare forskjellar er bra for økonomisk vekst.
I Noreg har vi derimot dei siste vekene diskutert forslaga frå skattekommisjonen. For meg er denne debatten eit uttrykk for at delar av venstresida har litt for lite tru på eigne løysingar og for lite idéutvikling. Når høgresida peikar på at lågare formuesskatt er vegen til vekst i næringslivet, er mange veljarar langt inn på venstresida blitt utrygge på kva dei skal svare.
Det finst forsking som viser oss at lågare forskjellar er bra for økonomisk vekst. Arveavgift er bra for arbeidsdeltaking. Å bekjempe barnefattigdom er bra for barns levekår her og no, men det er også ei investering i at desse barna skal lukkast i skulen og vere friske i arbeidslivet. Satsingar på velferd og helse er bra for produktivitet i næringslivet. Men det er ikkje så mange som løftar dette i den offentlege debatten. Her treng den breie venstresida å bygge opp sjølvtilliten og snakke meir kvifor det er både viktig og bra med omfordeling – og grøn politikk – for at framtida vår skal bli best mogleg.
Det er tre år igjen med raudgrønt styre før neste stortingsval. Her ligg det mange moglegheitar til å få fleirtal for meir politikk som gjer folks kvardag betre – både no og fram mot 2100. Rapporten frå Paris, og dei politiske signala frå ordføraren i New York og den nye regjeringa i Danmark, kan minne oss om at det kan ligge mykje kraft i det å tenkje høgt og stort om kor bra framtida kan bli.

Kommentarer