Rapport frå den tida då internett var ungt og dyrt.
Anne Gunn Halvorsens ferske bok byrjar med ein scene som eg vil tru speler seg ut, med små variasjonar, i norske kjernefamiliar, veke etter veke. Det er helg, alle er trøytte, ingen vil eigentleg byrje dagen. Eit barn bingar Netflix, eit anna spelar Roblox. Mor og far er i kvart sitt univers, med auga klistra til mobiltelefonen.
I det ein av foreldra kjenner at no får det vere nok skjerm, startar ein krangel som raskt eskalerer og blir til ein eksplosjon.
Halvorsen skriv om å chatte i timesvis, midt på natta, og om den nagande kjensla av å gå glipp av ting om ein logga av.
Det blir tårer, proklamasjon av nye, strenge skjermrutinar og enno fleire tårar. I det stemninga i heimen har nådd botn, snappar forfattaren med seg sin eigen telefon, låser seg inn på do, for så å scrolle vidare. Så kjem ho fram til følgjande innsikt: For å kunne leve betre med internett må eg finne ut av korleis internett førte meg hit eg er i dag: åleine på do og med hatske kjensler for absolutt alle eg kjenner.
Så byrjar ho nøste i historia om korleis ikkje berre ho sjølv, men også vi andre, hamna her, med meir tid brukt på flimrande små skjermar enn kva vi eigentleg er komfortable med.
Ikkje sjølvhjelp
Halvorsens historia om då www kom til Noreg, er ei blanding av internetthistorie og sjølvbiografi. Ho byrjar i ei tid som er både annleis og meir uskuldig enn i våre dagar. Forfattaren er erfaren. Saman med Randi Fuglehaug står ho bak bokserien Halve kongeriket, som vart til Netflix-serien Royalteen. Ho har også skrive to kritikarroste sjølvhjelpsbøker. Denne boka tilbyr ikkje sjølvhjelp med tanke på eigen nettbruk, men ho gir innsikt i drivkreftene bak og i konsekvensane.
Å finne seg sjølv
Halvorsens eiga historie med overdriven nettbruk starta på den tida då dei skjermane som var tilgjengelege var store, tunge og fastmonterte i kjellarstover og arbeidsrom. På den tida var internett-tilgang dyrt og eksklusivt. Men i overgangen mellom 1990-talet og 2000-talet, skunda barn og unge over heile landet seg heim frå skulen for å chatte på mIRC, (Internet Relay Chat Client).
Nettbruken førte Halvorsen inn i underlege situasjonar,
Kanalen kunne brukast til å kommunisere med folk over heile verda. Men dei fleste gjorde som Halvorsen, og heldt seg til folk i eit noko utvida nabolag. Den gongen var det berre teksten som flimra over skjermane, men dei vart likevel hekta.

Halvorsen skriv om å chatte i timesvis, midt på natta, og om den nagande kjensla av å gå glipp av ting om ein logga av. Den gongen var ikkje programma som vart brukte gjennomsyra av dei utstuderte psykologiske triksa som held oss fast i skjermane i dag. Men det aller viktigaste og mest avhengigheitsskapande ingrediensen var der, det djupt menneskelege behovet for å vere saman med andre, finne andre, finne saman og å finne seg sjølv.
Sjølv høyrer eg til blant dei som blir uroa over slikt.
Nettbruken førte Halvorsen inn i underlege situasjonar, som då ho sette seg på bussen til nabobygda for å møte nokre jamnaldrande jenter ho hadde blitt kjent med gjennom mIRC. På bussturen drakk den unge Halvorsen sprit, for å komme i stemning. Og det var jo flaks då, at dei ho møtte viste seg å vere akkurat det dei hadde gitt seg ut for å vere, jamnaldrande, likesinna jenter frå nabobygda.
Dei grådige
Eit lesarbrev i Dagens Næringsliv i 1996 hevda at internett var ein flopp. På den tida var revolusjonen alt i gang. I boka tar Halvorsen lesaren med til ei tid der pengar og profitt spelte ei mindre framtredande rolle enn i dag. Ho har intervjua dei ukjente digitale pionerane Jarkko Oikarinen og Khaled Mardam-Bey, dette er altså mannen som utvikla forløparen til mIRC og han som seinare grunnla mIRC, mediet som førte Halvorsen inn i djup nettavhengigheit i tidleg ungdomstid.
Dei siste ti åra har norske barn og unge blitt storforbrukarar av digitale medium.
Trass i banebrytande teknologiutvikling, vart ingen av dei to rike, men det ser heller ikkje ut til å ha vore drivkrafta deira. Korleis digitalbransjen gradvis kom til å bli dominert av krefter som er like skruppellause som dei er svoltne på profitt, er ikkje tema i denne boka. Men det er blitt skildra inngåande av andre, blant anna av den amerikanske akademikaren Shoshana Zhuboff i boka Overvåkingskaptialismens tidsalder.
Ei generasjonssak
Dei siste ti åra har norske barn og unge blitt storforbrukarar av digitale medium. Dei er elitesjiktet i Europa når det gjeld tidsbruk. Det har for ein stor del å gjere med at stadig fleire har fått tilgang til nettbrett og smarttelefonar, ifølgje Medietilsynet si nyaste undersøking om barn og unges medievanar.
Blant niåringar brukar halvparten sosiale medium, og blant 13-åringar brukar nesten alle sosiale medium, ifølgje den same undersøkinga. Sjølv høyrer eg til blant dei som blir uroa over slikt. Då eg las Halvorsens bok vart eg minna på om kva det er som driv dei.
Barn og unge brukar skjermane for å prøve, feile, spegle seg og leite etter seg sjølv og andre. Halvorsens bok sluttar på ein forsiktig optimistisk stad, med dei mange viktige venskapa ho knytte på nett.
Eg tar meg likevel i å håpe at regjeringas varsla aldersgrense for sosiale medium blir innført raskt, og at regelverket er funksjonelt.
Kommentarer