FOTO: Liam Shaw / Unsplash

Når telefonen blir ein medløpar

Det er ikkje mogleg å stille han for retten. Men smarttelefonen er blitt ein viktig ingrediens i overgrep mot unge kvinner.

Utan å ta stilling til verken straffskuld eller til kven som snakkar sant og ikkje i den pågåande rettssaka mot kronprinsessa sin son i Oslo Tinghus, har eg bite meg merke i at den tiltala seier at filmopptak er «vanlegare enn mange trur». Når det gjeld seksualbrotsverk, kan det sjå ut til han har rett.

I ein fersk rapport frå Folkehelseinstituttet, kan ein lese at filming med mobiltelefon stadig dukkar opp når unge kvinner tar kontakt med valdtektsmottak. Opptak kan vere gjort av gjerningsmannen. Men det er heller ikkje uvanleg at ugjerninga blir filma av personar som var til stades, utan at dei føretok seg anna enn å finne fram telefonen trykke på play.

Den seksualiserte valden som rammar unge kvinner, kan sjåast som ei anna form for nettradikalisering.

I same rapport kan ein lese at for mange er filminga, og det at opptaket kanskje er blitt delt, ei like stor, eller større, belastning som sjølve overgrepet. I FHI-rapporten blir hangen til å gjere opptak av ugjerninga knytt til konsum av porno. Den er jo så tilgjengeleg, berre eit par tastetrykk unna på dei same digitale einingane gjerningsmennene brukar til å filme overgrep med.

Dei siste åra har det blitt stadig meir merksemd om korleis politisk radikalisering skjer i samklang med det digitale livet. Ytterleggåande politiske idear er blitt så utbreidd at dei trugar vestlege demokrati frå innsida. Den seksualiserte valden som rammar unge kvinner, kan sjåast som ei anna form for nettradikalisering. Patriarkalske og sjåvinistiske idear finst det rikeleg av i vår kultur frå før. Seksualbrotsverks-influensarar som Andrew Tate promoterer tankane til eit nytt publikum og drar dei inn i ein digital fellesskap som opererer ut frå normer som er svært skadelege for alle involverte.

Unge jenter som blir utsette for valdtekt har dobla risiko for sjølvmord og sjølvskading.

Dei siste vekene har den oppsiktsvekkande rettssaka i Oslo Tingrett og den ikkje mindre oppsiktsvekkjande Epstein-saka velta inn over nyhendestraumen vår. Sjølv har eg ofte tenkt på ei jente eg var mykje saman med då eg gjekk på ungdomsskulen. For nokre år sidan fekk ho innvilga uføretrygd. Eg anar ikkje kva diagnose som stod i sakpapira då spørsmålet om arbeidsevna hennar vart utgreidd. Eg trur ikkje ho var så opptatt av kva helsevesenet enda opp med å kalle det heller. Men ho visste godt kva som var den eigentlege grunnen til at ho ikkje fekk livet til å henge i hop. Ho var også fullt kvar over kva som var den eigentlege årsaka til problema. Det kom av at ho var blitt utsett for seksuelle overgrep i ung alder.

Rapporten frå Folkehelseinstituttet tar for seg samanhengen mellom valdtekt, sjølvmordsforsøk og sjølvskading blant unge jenter. Kortversjonen er at det er ein nær samanheng. Unge jenter som blir utsette for valdtekt har dobla risiko for sjølvmord og sjølvskading.

Det ser ut til at både telefonane, og dei andre skjermane, et seg lenger inn i livet til folk enn det vi likar å tenkje på.

Frå før er det kjent at valdtekt ofte fører til depresjon, angst og posttraumatisk stress. For mange leier dette vidare til rusproblem, skolefråver og vanskar i arbeidslivet. I ein ny studie frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har forskarane samanlikna befolkningsundersøkingar frå 2013 og 2022. Her viser det seg at talet på kvinner som rapporterer at dei har blitt utsett for valdtekt aukar. I 2002 svarte ein av sju norske kvinner at dei var blitt utsett for valdtekt. For dei yngste, dei som er i aldersgruppa frå 18-29 er tala dobla. Maria Teresa Grønning Dale, som er ein av forskarane bak studien, seier til Forsking.no at noko av auken kan forklarast med ei kulturendring som får fleire til å melde frå. Men ikkje alt.

Telefonen kan ikkje trekkast for retten. Men det ser ut til at både telefonane, og dei andre skjermane, et seg lenger inn i livet til folk enn det vi likar å tenkje på.

Nyhetsbrev Agenda Magasin