skatt, kalkulator
FOTO: Jakub Żerdzicki/Unsplash

Noko er galt med verdas skattesystem

Berre litt meir skatt frå verdas aller rikaste kunne gjort ein stor forskjell for mange.

I juli var det heilt seriøse diskusjonar mellom verdas største økonomiar om å auke skattane på verdas aller rikaste. Dei blei ikkje einige om noko vedtak no, men kanskje kan dette vere starten på noko meir.

Det gir utfordringar med fattigdom og svalt.

Tar vi eit steg tilbake og ser på pengefordelinga på denne planeten, ser vi at det finst nokon personar som har veldig mykje. Dei får også stadig meir. Den rikaste prosenten har auka si formue med 400 000 dollar per person dei siste ti åra. Vanlege folk, dei som utgjer den halvparten av jordas innbyggarar som har minst, fekk derimot 335 dollar på kvar i den same perioden.

Tala i eksempelet over er rekna ut av organisasjonen Oxfam før det nylege G20-møtet i Brasil. Skatt og rettferdig fordeling var eit sentralt tema då organisasjonen, med Noreg som gjesteland, møttest.

Bakteppet er fleirfaldig. Den globale veksten ser ut til å drype ubalansert tungt på dei som allereie har mykje, mens folk flest blir sitjande med pengetørke. Mange land treng meir pengar i statskassa for å løyse sine utfordringar. Samtidig har ei lang rekke låginntektsland stor gjeld, som går ut over kapasiteten til å betale for helse, utdaning og klimatiltak. Det gir utfordringar med fattigdom og svalt.

Dette vil kunne bidra til langt meir skatteinntekter enn i dag.

Den brasilianske presidenten Luiz Inacio Lula da Silva peika i møtet på at det finst enkeltpersonar med meir pengar enn enkeltland. Det gir dei uproporsjonalt mykje makt. Også internt i land påverkar ekstrem rikdom politikken. Pengesetlar kan nokre gongar overstyre stemmesetlar.

På toppen er det eit globalt trekk at dei aller, aller rikaste har ein lågare skattesats enn andre. Tal frå EU Tax Observatory har vist at dei superrike, altså dei som har over ein milliard dollar, betaler skatt på formue på om lag 0,3 prosent i snitt. Også i Noreg er det sånn at dei aller rikaste betaler mindre skatt enn resten av oss.

Ein av drivarane bak alle desse utfordringane, er skatteparadis, eller lågskatteland. Store selskap kan flytte ut pengar frå der dei har økonomisk aktivitet, og over til ein konto basert på ei postkasse i eit land med låge skattar. Då blir det mindre pengar til velferd gjennom statsbudsjetta.

Det blir også vanskelegare for arbeidstakarar og fagforeiningar å forhandle opp lønningane. Og dei andre landa blir pressa til å setje ned sine skattar, sånn at ikkje fleire rike flyttar ut.

På møtet i Brasil var planen å diskutere kva ein kunne gjere med desse utfordringane. På bordet låg ein rapport og eit forslag frå økonom Gabriel Zucman, med fleire. Dei tok til orde for ein ny global skatt på superrike. Ideen er at denne gruppa totalt skal betale ein samla inntekts- og formuesskatt på 2 prosent.

På den lyse sida skjer det no ein prosess i FN for ein ny skattekonvensjon.

Dette vil kunne bidra til langt meir skatteinntekter enn i dag. Det vil ikkje snu opp ned på maktforholda i verda, men det kan bidra i møte med ei rekke utfordringar.

Å auke skattane på nokon av verdas rikaste og mektigaste personar er på ingen måte enkelt, eller ukontroversielt. Men vi har allereie sett noko liknande finne stad for ikkje særleg lenge sidan. Dei siste åra har verda fått eit minimumsnivå på selskapsskatten for store konsern på 15 prosent, gjennom forhandlingar i OECD. Skatten har sine manglar, men han er eit framsteg.

Til trass for alle argumenta for, blei det altså diverre ingen vedtak om å innføre den nye skatten på superrike no. USA og Tyskland var blant dei som argumenterte mot. Dei meinte at skattepolitikk som dette burde bli innført i regi av enkeltland. Resultatet blei eit kompromiss – G20 skal samarbeide om å sikre at superrike må betale rettmessig skatt.

Spørsmålet er om glaset no er halvfullt eller halvtomt for dei av oss som er opptekne av meir rettferdig fordeling. Det er nytt at verdas største land blir einig om ei formulering om dei rikaste skal bidra meir. Det vil likevel ikkje hjelpe på situasjonen før ein faktisk har laga meir rettferdige skattesystem.

Den norske regjeringa og SV har dei siste åra tatt fleire grep for fordeling som har vore viktige.

På den lyse sida skjer det no ein prosess i FN for ein ny skattekonvensjon. Fordelen med denne prosessen er at den skjer ope, og at alle verdas land får vere med. Noreg bør bidra ved å stø fullt og heilt opp om den.

Den norske regjeringa og SV har dei siste åra tatt fleire grep for fordeling som har vore viktige. Dei veit også at det har kosta, gjennom kritikk og støy i media. Vi har typisk nok høyrt meir frå dei som må betale meir skatt, enn frå dei som har fått råd til gulost på butikken oftare fordi dei har fått høgare barnetrygd, eller billigare barnehage.

Sånn vil nok dynamikken vere globalt også. Vi vil kunne høyre meir kritikk frå folk som Elon Musk i internasjonale medier enn ros frå familiane som får råd til å lage middag eller sende barna på skule.

Då gjeld det å hugse prinsippa som bør ligge bak eit rettferdig skattesystem – det er berre rett og rimeleg at dei som har aller, aller mest bidrar etter evne. Og det gir ingen meining at vanlege arbeidstakarar skal betale meir per tente krone enn dei som eig verdas aller, aller største selskap.