FOTO: Gunnar Ridderström / Unsplash

Oslo viser at liva våre er eit forskjells-lotteri

Pengebakgrunnen vår har ofte meir å seie for levealderen vår enn kor flinke vi er til å trene.

Kvar gong eg opnar Instagram på telefonen, får eg vite masse om kva eg sjølv kan gjere for å få eit betre liv. Eg kan trene meir og smartare, ete betre og få betre koll på privatøkonomien. Eg er ikkje tvil om at eg kunne fått det betre om eg hadde høyrt meir på dette innhaldet. Men i denne insta-bobla er det lett å gløyme at helsa vår og levekåra våre ikkje berre er eit resultat av vår eigen innsats. Vi blir også forma av politikken rundt oss, og kva økonomisk situasjon vi er fødd inn i. Kvar gong eg tar hovudet opp frå telefonen og ser korleis Oslo faktisk ser ut, blir eg påminna det.

I Oslo ligg dei økonomiske forskjellane mellom folk heilt synlege føre oss.

Barn som blir født inn i familiar med høge inntekter og store formuar har fått ein gullbillett i livet.

Tar vi sjøvegen forbi Bygdøy, kan vi gli forbi hage etter hage med basseng og pent klippa hekkar. Ein av bustadane i Admiral Børresens vei her blei for nokon år sidan selt for 585 millionar kroner. Barn som blir født inn i familiar med høge inntekter og store formuar har fått ein gullbillett i livet. For statistikken er klar. Den eine prosenten av menn med høgast inntekt i Noreg lever 14 år lenger enn prosenten med lågast inntekt. Dette er berre eit år mindre enn dei tilsvarande forskjellane i USA.

På Oslo Aust for å finn vi kontrastane. Jerikoveien på Furuset har eit heilt anna, lågare prisnivå. Her, som på ei rekke andre stadar på Oslo aust, har vi ei rekke område med høge blokker og mykje folk, der låginntekt og for tronge bustader er ei heilt konkret utfordring. På austkanten finn vi nokon nabolag der over femti prosent veks opp i fattige familiar, mens vi i nokon av dei rikaste nabolaga på vestkanten ser at det berre er to prosent av barna som gjer det same. Det er klart at dette har mykje å seie for korleis det går med desse barna seinare i livet.

 

Ulikskap på liv og død

Inntektsforskjellane speler inn allereie når vi blir født, for det er langt større sjanse for at vi faktisk kjem til verda om foreldra våre har høge inntekter, enn om dei har låge. Og på skulen viser nasjonale prøver at barn frå dei ti prosent rikaste har to års forsprang på barn frå dei fattigaste familiane i matte, norsk og naturfag når dei går på ungdomsskulen. Desse forskjellane er aukande.

Når vi begynner  jobbe, har vi større sjanse for høgt lønna arbeid dersom foreldra våre hadde det same. Pensjonssystemet vårt gir mest tryggleik for dei som har fleksible, høgt lønna jobbar på kontor og kan jobbe lenge.

Og over heile byen veks bustadprisane fort – til glede for dei som er innanfor, og til sorg for dei som prøver å spare nok til å få råd til å bli med på ferda.

 

Skal Oslo vere for alle?

Akkurat no går det ein debatt om kor ille det er for folk i 20-åra å måtte kjøpe utanfor byen når dei kjøper sin fyrste bustad. Det er lett å harselere med kravstor ungdom som drøymer om å eige på Grünerløkka før dei har fylt 25, men det er ikkje denne gruppa som bekymrar meg mest når prisane veks fort. Ser ein derimot på dette i eit klasseperspektiv, er det lett å sjå at bustadmarknaden i denne byen gradvis lukkar seg for dei med minst, mens dei med mest klarer seg fint.

Det som står på spel, er om byen framover skal ha plass til det mangfaldet vi tradisjonelt har hatt.

Obos viser til spådommar om ein bustadprisvekst på 20–30 prosent i Oslo frå 2025 til 2027. Dette kjem etter fleire tiår der bustadprisane har auka langt meir enn lønnsveksten. Det gjer det vanskeleg å tru på at det er sparedisiplinen vår som har mest å seie for om vi har sjanse til å kjøpe oss inn i marknaden. Det som står på spel, er om byen framover skal ha plass til det mangfaldet vi tradisjonelt har hatt. Skal vi fortsatt ha rom for at vi skal vere ein by for hjelpepleiarar, budbilsjåførar, uføre og åleineforsørgarar, eller skal vi la desse gruppene gradvis bli pressa lenger ut?

 

Eit spørsmål om politikk

Vi er no på ein veg mot stadig større forskjellar, både i Noreg og i verda. Dette skjer særleg ved at dei rikaste på toppen drar i frå.

Politikaranes oppgåve er å lage eit godt samfunn for alle, anten vi trakk eit økonomisk vinnarlodd ved fødsel eller ei. Det krev at vi har på fordelingsbrillene når vi studerer den økonomiske utviklinga rundt oss.

Individuell stålkontroll vil ikkje hjelpe på samfunnsnivå i møte med ulikskapsspiralane rundt oss.

Då treng vi ein politikk for at den sosiale avstanden mellom Romsås, Grorud og Stovner og Røa, Holmenkollen og Bygdøy blir mindre. Vi må løfte utgangspunktet til familiane med minst, helst med større bidrag frå familiane med mest. Velferdsstatens oppgåve er å sikre at alle får eit godt utgangspunkt for trygge og gode liv – det er enklast å gjere når forskjellane ikkje blir for store.

I vår tid vender mange, og særleg unge, fokuset innover – vi høyrer på Instagrams oppfordringar til jerndisiplin over eigen kropp og økonomi i håp om at det gir ei tryggare framtid. Men individuell stålkontroll vil ikkje hjelpe på samfunnsnivå i møte med ulikskapsspiralane rundt oss. Derimot treng vi ein meir omfordelande politikk, som sørger for at alle folk har plass i byen vår, med håp om god helse og trygg inntekt. Det ville gjere meir for folkehelsa enn mindfulness og gratis spinatsmoothiar til alle (sjølv om det også hadde vore fint).

Nyhetsbrev Agenda Magasin