Eg tok ein tur inn i konspirasjonsuniverset. Det er i grunnen litt synd at all energien som finst der går med til å jage etter ting som ikkje finst.
Eg seier det som det er: Eg har brukt i overkant mykje tid på konspirasjonsteoriar den siste tida. Det byrja med boka til Christine Rehn Jensen som mista mor si til konspi-universet. Deretter balla det på seg. Og så kom Epstein-saka. Grunntrekka i historia har forbausande stort overlapp med pizzagate-konspirasjonen frå 2016. Den vart promotert av Donald Trumps folk på inn- og utpust under presidentvalkampen i 2016.
Donald Trump ser ut til å ha hatt ei langt meir sentral rolle i det enn Clinton.
Dei hevda at Trumps motkandidat, Hillary Clinton, var edderkoppen i eit nettverk pedofile som av uforståeleg grunnar hadde sitt hovudsete i ein pizzakjellar i Washington DC. No viser det seg at det fanst ei gruppe mektige menneske som dreiv storskala trafficking av unge kvinner frå mindre privilegerte sjikt av samfunnet. Men Donald Trump ser ut til å ha hatt ei langt meir sentral rolle i det enn Clinton.
Spegelverda
Forfattaren Naomi Klein skriv om konspirasjonsuniverset som ei spegelverd i boka Dobbeltgjenger. Kleins bok byrjar med ei forveksling. Ho vart stadig blanda saman med Naomi Wolf, som var eit feministikon for det liberale USA på 1990-talet. Forvekslinga vart problematisk då Wolf under pandemien segla opp som ein av USAs fremste anti-vaksinekonspiratør. Klein skriv at Wolf, og andre suksessrike konspirasjonstenkjarar, lukkast best når dei tilbyr forklaringar på ting som er vanskeleg å forstå og som skaper sinne, frustrasjon og frykt.
Mi nyvekte interesse for konspirasjonstenking gjorde at eg nyleg kom i snakk med ein vaskeekte konspirasjonsteoretikar.
I tilfellet med vaksiner finst det gode grunner til å vere skeptisk. Gjennom fleire tiår hevda legemiddelprodusentar og aktørar i USAs helsevesen at syntetiske opioidar var ufarlege. Reseptar på smertestillande peparat vart skrive ut over ein låg sko. Slik vart USAs opioidkrise skapt. I kjølvatnet av den følgjer ein brottsjø av overdosedødsfall og oppløyste familiar. Men Wolf snakka ikkje om det. For dei vart mistru drivstoff i ein absurd kampanje mot vaksiner.
Å finne meining
Mi nyvekte interesse for konspirasjonstenking gjorde at eg nyleg kom i snakk med ein vaskeekte konspirasjonsteoretikar. Han brukte sjølvsagt ikkje det ordet om seg sjølv, han sa han var ein dot connector. Ein som ser teikna, tolkar dei og skjøner korleis ting heng saman. Det som driv folk inn i slike miljø er ofte eit ønske om å forstå, å skape orden i ei kaotisk og ugjennomtrengeleg verd.
Konspirasjonsuniverset byd på same type spenningselement som eit dataspel. Blir ein først hekta, kan ein kaste seg inn med full kraft på jakt inn i ein altoppslukande gjetteleik. Og så blir ein sittande pal, med eit samansurium av spor som fører inn i ingenting.
Maktanalyse
Naomi Klein jaktar også på samanhengar. Med ein klassisk venstreorientert maktanalyse som utgangspunkt søker ho ikkje etter skjulte mønster, men ser på pengar, makt og ideologi. I tilfellet med opioidkrisa og legemiddelselskapa er mønsteret lett å identifisere: Legemiddelselskapas økonomiske interesser fekk forrang før folkehelsa.
Det siste året har Donald Trump gått til angrep på dei samfunnsinstitusjonane som kan hindre mektige aktørars maktmisbruk med full styrke
Samanhengen mellom Donald Trumps tydeleg uttrykte avsky mot kvinnelege politikarar som Hillary Clinton, hans «garderobesnakk», angrep på kvinners reproduktive rettar og nære venskap med serieseksualforbrytaren Epstein har å gjere med hans kvinnesyn, eventuelt menneskesyn. Grunnen til at Epstein kunne operere slik han gjorde over så lang tid handlar om makt, pengar og eit rettssystem der den som kan betale mest som regel får det som han vil. Med Klein som følgjesven finn ein samanhengar, men også noko anna: Politiske løysingar på reelle samfunnsproblem, hos Klein handlar det ofte om å kontrollere pengemakta.
Ingen hemmeleg plan
Det siste året har Donald Trump gått til angrep på dei samfunnsinstitusjonane som kan hindre mektige aktørars maktmisbruk med full styrke: Tunge mediehus har blitt truga med søksmål i millionklassen, forskingsinstitusjonar blir møtt med budsjettkutt, bøller frå ICE herjar i gatene, sjølve statsapparatet er under angrep.
Det var varsla. Trumps valkamp var gjennomsyra av antidemokratiske idear. Trump har klart å bruke konspirasjonsfolkas retningslause mistru til sin fordel. Når ein fryktar ein snarleg invasjon av øglemenneske, verkar ei autoritær maktovertaking kanskje mindre trugande.


Kommentarer