I prinsippet er alle lik for lova. Men ei ny bok viser at det er lettare å få rett for den som har ein velfylt pengepung.
«Har eg rettstryggleik?»
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde stiller dette spørsmålet i si nye bok. Ettersom arbeidsplassen hans er Universitetet i Oslo og han skriv om norske forhold, vil dei fleste tenkje at her finst det berre eitt svar: ja, det har du. Men det viser seg at det ikkje er heilt slik likevel. Det største skiljet i rettsstaten går mellom dei som har pengar og utdanning, og dei som ikkje har det. Viktigast av alt er pengar.
Om ein ser på det reint faktiske, korleis ting blir praktisert, er ikkje resultatet like imponerande.
Jusprofessorens nye publikasjon er ikkje ei fagtung, juridisk utgreiing, men ein pamflett. Målet er å vekke offentlegheita. For Sunde er det eit viktig poeng at ein må skilje mellom formell og faktisk rett. Reint formelt er det lite eller ingenting å utsetje på den norske rettsstaten. Han er heilt klart blant dei beste i verda. Domstolane er uavhengige og ukorrupte. Men om ein ser på det reint faktiske, korleis ting blir praktisert, er ikkje resultatet like imponerande.
Sunde forklarer det slik: om du leiger inn ein handverkar, kjøper noko frå eit useriøst firma, eller krev din rett frå det offentlege eller eit forsikringsselskap, kan det bli svært vanskeleg for deg å få rett. Sjølv om du reint formelt har rett. Problemet er at juridisk bistand er dyrt. Ein rettsprosess er ein økonomisk risiko. Den som taper kan bli dømt til å betale også motparten sine saksomkostningar.
World Justice Project, ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje rettstatlege prinsipp, rangerer Noreg på topp på dei fleste område. Men ikkje når det gjeld tilgang til domstolar. Her er Noreg på ein 14. plass. Og dette er ifølgje Sunde langt meir problematisk enn vi tar inn over oss. Spørsmålet om tilgang til domstolar er kjent og omtalt både i Hurdalsplattforma og i Sivilsamfunnets rettsstatsmelding. Sunde poengterer at det likevel skjer lite, og at endringar stort sett blir gjort med mål om å auke effektiviteten og senke kostnadene. Den rettstatlege sida av saken blir ofte oversett.
Det er nesten umogleg å orientere seg om rettstilstanden om ein ikkje er jurist.
Sunde poengterer at Noreg, i internasjonal samanheng, brukar lite pengar på rettsystemet. Samstundes er prisen på advokattenester, også i internasjonal samanheng, svært høg.
Det er nesten umogleg å orientere seg om rettstilstanden om ein ikkje er jurist. Ein har tilgang til sjølve lova, men ikkje nødvendigvis til rettspraksisen. For å få fullt innsyn i norske rettsavgjerder, må ein betale for proff brukarlisens hos Lovdata. Professoren føreslår eit offentleg finansiert KI-verktøy som får tilgang til alt materiale om lover og rettspraksis, for å hjelpe folk til å orientere seg i rettsstaten.
Sunde brukar eit eksempel frå sin eigen omgangskrins. Historia byrjar med eit arva småbruk og ein nabo som viser til at han har vegrett, og som krev at den nyslåtte småbrukseigaren skal halde ved like ein veg og ei bru slik at ho toler traktorkøyring. Kostnadsramma for veg og bru er på fem millionar. Den nyslåtte småbrukseigaren oppsøker ein advokat for å få hjelp til å vurdere kravet, og får ei rekning på 104.000 kroner.
Ein tiltala som tener meir enn 700.000 kroner i året får i gjennomsnitt 46 prosent kortare fengselsstraff enn ein som tener mindre enn 200.000 kroner i året.
NRK og den internasjonale gravegruppa Lighthouse Reports viste tidlegare i år eit klart samanfall mellom personleg inntekt og straffenivå i norske domstolar. Dei hadde gått gjennom 9000 dommar og fann eit klart mønster: Ein tiltala som tener meir enn 700.000 kroner i året får i gjennomsnitt 46 prosent kortare fengselsstraff enn ein som tener mindre enn 200.000 kroner i året. I arbeidet har journalistane tatt høgde for andre faktorar som kan påverke straffenivået, for eksempel kva paragraf ein blir dømt for, om ein er straffa frå før, og om ein har tilstått.
Sunde minnar også om NAV-skandalen. Her vart sjukepengemottakarar urettmessig straffeforfølgd fordi NAV i ein periode på 30 år ikkje tok omsyn til EØS-retten. Det førte til 7500 ulovlege vedtak og 85 uskuldig dømte, ifølge avisa Dag og Tid. Dei som vart ramma, var folk som var i ein usedvanleg dårleg posisjon til å kjempe imot. Utgangspunktet var at dei var, eller hadde vore, sjuke. NAVs feilpraktisering av regelverket gjorde at dei også vart blakke. Prisen dei måtte betale var høg, ikkje berre økonomisk, men også i form av tapt livskvalitet.
Sundes pamflett er eit forsvar for rettsstaten i ei tid der han er under press internasjonalt. Han minner om at forslaga om å betre rettstilstanden kan verke dyre, men det kjem jo an på korleis ein reknar. Ein kan sjå det som ei investering i rettferd og tillit, slik at vi får den rettsstaten vi trur vi har.
Kommentarer