Sylvi Listhaug Erna Solberg
FOTO: Morten Brakestad/Stortinget

Solidaritet i skvis

Den norske tradisjonen med å gi éin prosent i bistand er under press.

I dag diskuterer Stortinget utanriksbudsjettet for 2025. Der vil fleirtalet fortsetje praksisen med å gi ein prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) til bistand neste år. Diverre er det er fleire grunnar til å vere usikker på om det vil fortsetje.

Noreg har ei heilt spesiell rolle i utviklingspolitiske spørsmål. Vi var det landet som brukte mest av BNI på bistand i 2023, med over ein prosent. Over tid har vi skilt oss ut som eit land som er viljug til å bruke pengar på solidaritet.

Som landets største parti er dei viktige, og dei driv aktiv valkamp på kutt i bistand for å mobilisere veljarar.

Desse pengane har gjort ein stor forskjell, enten dei har bidratt til å redusere fattigdom, bidra til jobbskaping, forebygge sjukdom, forbetre skattesystem eller redde regnskog. Ei rekke land som var avhengige av bistand før, er ikkje det lenger.

Levealderen har gått opp i mange land. Bistandsnivået har også gitt Noreg ei heilt spesiell rolle i ei rekke internasjonale forum. No er det grunn til å vere usikker på om dette vil fortsetje.

Den største trusselen mot det norske bistandsnivået kjem frå høgresida. Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre, SV, KrF og Raudt skriv alle at dei vil gi éin prosent til bistand framover i sine programutkast for neste stortingsperiode. Det seier derimot ikkje Høgre eller Framstegspartiet (Frp).

Frp skriv at dei vil gi «maksimalt 0,7 prosent».

Som landets største parti er dei viktige, og dei driv aktiv valkamp på kutt i bistand for å mobilisere veljarar. I Aftenposten 17. desember var Frp-leiar Sylvi Listhaug ute og lova kutt i denne posten på 13 milliardar. Når Høgre og Frp ligg an til å kunne styre åleine, utan KrF og Venstre, som tradisjonelt har passa på å halde bistandsinnsatsen oppe, ser det høgst sannsynleg ut med omfattande kutt.

Ein annan, meir snikande trussel mot bistandsinnsatsen deler vi med fleire land.

På toppen kjem ein stadig tyngre argumentasjon inn i diskusjonen om utviklingspolitikk frå desse partia, der det blir argumentert for å bruke meir av pengane på tiltak som er i våre eiga interesse.

Om eigeninteresse skal vere føremålet med desse pengane, er det lett å sjå føre seg ei flytting av pengar over til tiltak som fyrst og fremst fremjar Noregs interesser, ikkje meir rettferdig fordeling av makt og rikdom, som har vore den tradisjonelle tanken bak utviklingspolitikken.

Ein annan, meir snikande trussel mot bistandsinnsatsen deler vi med fleire land. Måten land reknar ut kva som kan inngå i sekkeposten «bistand» når dei tel seg opp til ein prosent på, følger eit regelverk bestemt av den internasjonale organisasjonen OECD.

Her blir det opna for at ei rekke tiltak som i praksis er utgifter i Noreg blir kategorisert som bistand, som for eksempel støtte til å betale studieavgift for utanlandske studentar i Noreg, eller flyktningutgiftar i Noreg. I praksis har dette ført til at Noreg er eit av landa som får mest «bistand» frå Noreg.

At så mykje pengar går til Ukraina av denne potten, betyr også at det er mindre igjen til dei fattigaste landa i verda.

Vi er ikkje åleine om denne praksisen. I Storbritannia går no nesten ein tredel av bistanden til Storbritannias eigne flyktningutgifter. Snittet i OECD på kor mykje bistandspengar som gjekk til flyktningar i eige land i 2023 var på 13 prosent. Luxemburg har valt å slutte med dette. Dei tel ikkje desse pengane som bistand.

Noreg kan gjere det same. Eit alternativ, som kan vere ein start på vegen dit, kan vere å setje eit tak på kor mykje av bistanden som kan gå til utgifter i eige land. Det har til og med Nederland gjort, som elles har kutta valdsamt i bistanden.

Ei tredje utfordring for bistandsnivået er at også parti som skriv i sine partiprogram at dei vil gi éin prosent, ikkje nødvendigvis leverer på det i praksis. Regjeringa leverte i haust nok ein gong eit forslag til budsjett som ikkje nådde regjeringsplattformas mål om éin prosent. Dette har blitt eit slags varemerke frå dei, men så har ein likevel klart å nå målet gjennom forhandlingar i Stortinget og oppjusteringar gjennom året.

I 2024 blei prosentmålet så vidt redda i hamn av nysalderinga i november, og for 2025 kjem ein i mål fordi Stortinget jekka opp stønaden til Ukraina vesentleg. No ender ein på 1,01 prosent.

Men det er vanskeleg å drive langsiktig utanrikspolitikk i ei tid som vår.

At så mykje pengar går til Ukraina av denne potten, betyr også at det er mindre igjen til dei fattigaste landa i verda, eller andre land i krise – som Palestina eller Sudan. Ei parallell utfordring kjem ved at det er stadig større behov for pengar til klima i låg- og mellominntektsland, når desse pengane også blir tatt frå den same bistandspotten.

Det er veldig bra at ein har kome i mål med éin prosent til 2025. Det er likevel verdt å nemne at det hadde gitt mindre utryggleik om dette låg inne i budsjettforslaga når dei kom til Stortinget, i staden for at det må kome på plass i siste liten kvar gong.

Alle som har sett på Luksusfellen veit at det er god budsjettpraksis å setje av dei pengane ein faktisk har tenkt å bruke på noko, ikkje legge seg litt under det ein eigentleg har tenkt å bruke. Sånn er det med bistand i statsbudsjettbudsjettet også. Meiner ein alvor med éin prosent, bør ein budsjettere med éin prosent.

Fleire rike land som seier «oss fyrst» er det derimot lite behov for.

Men det er vanskeleg å drive langsiktig utanrikspolitikk i ei tid som vår. Sidan forslaget blei lagt fram, har Assad-regimet falt, Trump har blitt valt som ny amerikansk president og Stortinget har vedtatt ei omfattande Ukraina-pakke for 2025. Ting endrar seg fort om dagen.

I tillegg til at nyhenda kjem i eit forrykande tempo, er verda full av kriser, krig og klimaendringar som treng pengestøtte. Men Noreg gjer no ein stor forskjell ved å vise vilje til å bruke pengar på solidaritet med nokon av dei som treng det mest.

Og er det noko verda treng meir av i neste periode, er det land som er viljuge til å jobbe for meir rettferdig fordeling og mindre klimaendringar.

Fleire rike land som seier «oss fyrst» er det derimot lite behov for.