Akkurat no kjenst det som om menneskeverdet står i brann.
Denne teksten skulle eigentleg handle om formuesskatt og forskjellar i Noreg. Klagesongar om skatten har fylt avisspalter og radioreklamar i sommar, og fortener svar. Men det gjekk ikkje å skrive om det akkurat no. Situasjonen i Gaza heng som ein skygge over alt anna i mitt hovud om dagen.
For det vi ser – akkurat no – bryt ned grense etter grense for kva vi har lært er greitt. Den siste veka har nye tersklar blitt overtrådte. Over 1000 menneske har blitt drepne fordi dei stod i matkø. Journalistar er i akutt svalt og for svimle til å rapportere. Folk døyr, her og no, fordi dei ikkje får tilgang på mat som står klar få kilometer unna. Menneskeverdet blir drept på Gaza no.
På eit vis er det barnelærdommen vår som blir utfordra denne sommaren.
Noko inni meg kjenst øydelagt av at dette kan skje i 2025, og at det ikkje blir gjort meir for å stoppe det. Og eg trur vi er mange som kjenner det sånn. Årets sommarferie var den varme med lukt av solkrem og historier om svalt på Gaza.
Israel har hovudansvaret for det som skjer. Likevel må vi spørje kva Noreg og vi som enkeltpersonar kan gjere no for at dette skal stoppe. Noreg har anerkjent Palestina og gått saman med 24 andre land for å la nødhjelp kome inn på Gaza og stoppe utbygginga av koloniar på palestinsk land. Det er betre enn ingenting, men langt frå nok.
Noreg har fortsatt ein frihandelsavtale med Israel. Oljefondet investerer fortsatt i landet. Eg har prøvd å legge godvilja til, men likevel klarer eg ikkje å forstå kvifor ikkje situasjonen er så ille at vi kan trekke ut fondet no. Om utsvalting av eit folk ikkje er ei grense – kor går grensa då?
På eit vis er det barnelærdommen vår som blir utfordra denne sommaren. På skulen lærte vi at menneskerettane og demokratiet var noko fundamentalt i vårt samfunn – og at vi måtte kjempe for det saman. I niande klasse blei klassen min sendt med kvite bussar til Auswitch, Birkenau, Ravensbruck og fleire leire eg ikkje hugsar namnet på.
Men eg hugsar haugar av koffertar, briller og år. Spor av liv som ikkje finst lenger, som følgje av eit folkemord. Målet var å lære oss å ikkje ta fridomen for gitt – og å vise oss at alle liv er like mykje verdt. Vi skulle rustast for demokratiske tilbakeslag.
Var ikkje ytringsfridom ein av verdiane dette militære samarbeidet blei laga for å forsvare?
No har tida for tilbakeslag kome. Autoritære leiarar er på frammarsj i ei rekke land, lasta med KI, store formuar og forakt for felles køyrereglar i verda. Alle som er glade i demokratiet og menneskeverdet har no ei formidabel oppgåve.
Hugsar vi å bruke det vi har lært om korleis vi skal ta vare på desse verdiane og prinsippa? I sommar har det for min del kjentest som ein sommar for tungsinn, eller for å stenge verda ute, ta ein is og eit bad.
Vi ser no politikarar frå vestlege land ut til å samle seg om felles mål, men det er feil mål. I staden for å bli einige om å respondere resolutt saman for å redde liva på Gaza, har NATO-landa i same periode blitt einige om å bruke svimlande fem prosent av BNP på forsvar av eigne land. Kva det vil kunne føre til har vi fått eit lite frampeik om i det tyske budsjettforslaget, der det er massive kutt i velferd, klimatiltak og bistand for å finansiere denne militærsatsinga.
Parallelt strammar NATO-land etter NATO-land inn på ytringsfridomen for demonstrantar som varslar om eit folkemord. Britar blir arresterte for å dele ut flygeblad om folkemordet på Gaza. Jødar som demonstrerer mot Israel i Tyskland har også hamna i fengsel for antisemittisme. I Danmark er det no forbode å diskutere Palestina i skuledebattar neste år.
Var ikkje ytringsfridom ein av verdiane dette militære samarbeidet blei laga for å forsvare?
Vi kan ikkje venne oss til at verda skal fortsetje å vere sånn som ho var sommaren 2025.
Når ansvarlege politikarar ikkje gjer nok, er det trøyst å finne i samle seg i organisasjonar og parti og demonstrere for ein meir rettferdig politikk. Men når rommet for å tenkje og snakke fritt blir stadig mindre i land etter land, også i våre naboland, som vi er vante med å tenkje på som frie, blir det kvelande.
I desse dagane treng vi akutt at leiarane våre står opp og bruker dei store orda og viser handlekraft på dei rette sakene. Vi som vil ha ei endring må også bidra. Vi kan ta i bruk våre demokratiske rettar til å hjelpe leiarane våre med å prioritere rett. Det gjer vi ved å organisere oss – i støtteorganisasjonar, i parti, i kampanjar på sosiale media og i demonstrasjonstog.
Eg ynskjer meg ein valkamp der politikarane kappast om å gi oss politikk som viser at det er eit lys i enden av tunnelen, og at solidaritet med Palestina blir ein av dei viktigaste sakene. Krisa på Gaza er akutt. Vi kan ikkje venne oss til at verda skal fortsetje å vere sånn som ho var sommaren 2025.
Kommentarer