FOTO: Jan Langhaug / NTB

Tid for hestehandel

Senterpartiet er gode til å forhandle. Men kva har Høgre eigentleg å tilby partiet?  

Det er lett å forstå at Trygve Slagsvold Vedum var misfornøgd med det statsbudsjettet regjeringa la fram sist veke. Gratis ferje og nedskriving av studielån i 101 kommunar, saker med tydeleg Senterpartistempel, glimra med sitt fråver nå Arbeidarpartiet fekk eineansvar. Det som er vanskelegare å forstå, er kva han meinte med at regjeringa burde gått til Høgre først med budsjettet sitt.

Senterpartiet er eit sentrumsparti, ikkje eit blokkparti.

Hadde ei slik utsegn kome frå SV eller Raudt, ville ho ha vore eintydig. Så langt ute til venstre er «reinspikka høgrepolitikk», ein merkelapp ein set på det ein vil diskreditere. Men frå sentrumspartiet Senterpartiet, er det ikkje like opplagt at eit forslag som kunne tenkjast å skape begeistring i Høgre, i utgangspunktet skulle vere så problematisk.

 

Opne armar

Vedum poserte nyleg smilande saman med Høgreleiar Erna Solberg, i ei sak som handla om lokalisering av politihøgskulen. NRK valde tittelen sammen mot Støre. Høgre har møtt Senterpartiet med opne armer etter valet, og på NRKs politisk kvarter varsla partiets Mahomoud Farahmand ei ny vending, partiet skulle bli meir «distriktsvennlig», slik NRK oppsummerte det.

Finst det betalingsvilje på høgresida for å kutte studielån til folk i distriktskommunar, for gratis ferje eller ein skipstunnel ved Stadt?

Det ligg jo i namnet. Senterpartiet er eit sentrumsparti, ikkje eit blokkparti. Partiets problem er at det ikkje er nokon andre som er akkurat der. Dei tidlegare sentrumskameratane Venstre og Krf har meldt overgang til Team Sylvi og Erna. På den andre sida av den politiske midtstreken finn ein Arbeidarpartiet og alle dei andre.

 

SV-problemet

Å henge fast der ute, til venstre for sentrum, er vanskeleg for Senterpartiet. Uviljen mot venstresida sit djupt i delar av partiet, og er slett ikkje av ny dato. I 2009, då Senterpartiet sat i regjering saman med SV, publiserte partiets dåverande nestleiar Ola Borten Moe ein kronikk med tittelen Nei til SV-staten. Og det verkar ikkje som om MDG-staten eller Raudt-staten skaper meir begeistring i denne delen av partiet. Sist veke skreiv ein ny, talefør trønder, Senterungdoms-leiar Nils Forren, i Agenda Magasin at det aldri har vore noko mål for Senterpartiet å gi ytre venstre makt og innflytelse over norsk politikk .

 

Høgre-problemet

Spørsmålet Senterpartiet må svare på, etter at partiet gjekk frå 13,5 ved valet i 2021 til 5,6 i 2025, er kva veg partiet skal slå inn på for å nå sine politiske mål. Dei siste fire åra har partiet brukt sitt store talent for politisk hestehandel til å reversere Solbergregjeringas politikk. Nedlagte politikontor og domstolar vart gjenopna og samanslåtte kommunar og fylke vart oppløyst. Prislappen på dette siste var på rundt 800 millionar iføgje Finansavisen. Alt dette var valkampløfter frå Senterpartiet, som vart kvittert ut i løpet av regjeringsåra.

Kanskje partiet må lære seg å trylle?

Senterpartiet har varsla at partiet ikkje vil vere del av ein samla venstreblokk dei neste åra. På sikt må partiet vurdere korleis vil det vere å handle hest i stort med Framstegspartiet og Høgre, i form av eit statsbudsjett. Finst det betalingsvilje på høgresida for å kutte studielån til folk i distriktskommunar, for gratis ferje eller ein skipstunnel ved Stadt?

 

Elefanten i reknestykket

Det verkelege problemet for Senterpartiet handlar om hest, men også om kyr, gris, sau og fjørfe. Dei siste fire åra, då Senterpartiet regjerte saman med Arbeidarpartiet, førte til optimisme i landbrukssektoren, iføgje tal frå tenketanken Agri Analyses landbruksbarometer.

For Senterpartiet er landbrukspolitikken ikkje ei sak blant fleire, det er ei kjernesak. Målet for partiets landbrukspolitikk er eit landbruk drive av sjølveigande bønder på små og mellomstore bruk over heile landet. Sentrale verkemiddel for å oppnå dette er eit sterkt tollvern og regulering av marknaden, blant anna i form av kvoter og konsesjonsgrense. Og alle desse verkemidla, inkludert det som har blitt sluttsummen på dei i dei siste åras jordbruksoppgjer, står svært lågt i kurs hos Høgre og Framstegspartiet.

Spørsmålet er om Senterpartiet er gode nok på hestehandel, til å forhandle seg forbi dette. Kanskje partiet må lære seg å trylle?

Nyhetsbrev Agenda Magasin