FOTO: AP Photo/Dario Lopez-MIlls

Tryntyrken, Q og oss andre

Konspirasjonsteoriar er eit sjukdomsteikn. Ei samfunnskritisk tilnærming til dei krever meir enn berre konfrontasjon.

I 1894 skreiv ein ikkje namngjeven skribent ein epistel i i Hedemarkens Amtstidende, der han såg attende på hendingar som fann stad nokre tiår tidlegare. Skribenten fortalde korleis redsla for tyrkisk villskap gjentekne gongar hadde råka Noreg, og korleis den spøkte i «i den simple Mands hoved»:

[S]om Student i Kristiania erindrer jeg, at der fleire Gange var stor Rædsel blant Publikum, for nu var Tryntyrken ude og gik. En Aften erindrer jeg at Tjenestepigen ikke vilde gaa et Ærinde, for, sagde hun, nu turde hun slet ikke gaa ud, da hun havde hørt at Frimurerne fangede fede Piger (og hun var tilfældigvis i godt Hold), slagtede og saltede dem, hvorpaa de sendte dem i Tønder til Tryntyrken.

I september 1869 førte faktisk slike rykter til at det vart opptøyer i den veksande norske hovudstaden Christiania, fleire dagar på rad

Den lubne tenestejenta var ikkje åleine om å tru på slikt. I september 1869 førte faktisk slike rykter til at det vart opptøyer i den veksande norske hovudstaden Christiania, fleire dagar på rad. Rasande demonstrantar samla seg utanfor Frimurarlosjen! Vel, alle hadde kanskje ikkje like stor tru på rykta. Som Bente Granrud fortel i ein artikkel i antologien Konspiranoia var nokre berre skuelystne, og andre var spøkefuglar som såg sitt snitt til å ha det moro, til dømes gjennom å knipa nokon i armen, og deretter mumla mørkt i skumringa: «Ikkje feit nok endå».

Konspirasjonsteorien ser ut til å fyrst og fremst ha gjort inntrykk på innflyttarar tilhøyrande hovudstaden sine lågare samfunnslag. Avisa Morgenbladet uttrykte allereie dagen før opptøya ei viss misnøye med at slike rykte i det heile fekk bein å gå på: «Man skulde virkelig Tænke, at de Tider nu forlængst måtte være forbi, ialfald for Hovedstadens Vedkommende».

Avisa oppmoda samstundes pressekollegaer til å omtala ryktet, og til å visa kor fullstendig ugrunna og meiningslaust det var. Dei meinte dessutan at lærarar i skulen burde påleggjast «at opklare Skolebørnenes Begreber ligeoverfor dette Rygte». Elles ville det kunna få både ubehageleg og beklagelege konsekvensar, heitte det.

 

«Stormen er her»

I januar 2021 fekk konspirasjonteoriar endå ein gong ubehagelege og beklagelege konsekvensar, som motor for demonstrantar som storma den amerikanske kongressbygningen, Capitol.

«Ingenting kan stogga oss», tvitra til døme Ashli Babbitt 5. januar. «Dei kan forsøka og forsøka, men Stormen er her, og den kjem til D.C. om mindre enn 24 timar».

Stormen er ein sentral idé i det såkalla QAnon, eit konspirasjonsteoretisk univers bygd opp rundt kryptiske beskjedar som er påstått å koma frå ein insider i Trump-administrasjonen, Q. Q sine følgjarar meiner at det går føre seg ein krig i det skjulte, mellom gode og vonde krefter, og vondskapen vert blant anna plassert hjå leiarskapen i det demokratiske partiet. Ikkje minst vert Hillary Clinton ofte utmåla som ein del av ei verdsomspennande og meir eller mindre satanisk elite, ei elite som blant anna står bak grufulle overgrep mot born; både seksuelle overgrep og innhausting av stoffet adrenokrom, som denne eliten vert sagt å nytta både som rusmiddel og som eit slags foryngande og helsefremmande botemiddel.

Stormen – The Storm – er eit namn på ei slags reinsing, på tidspunktet der det endeleg oppgjeret skal koma, der sanninga endeleg skal koma for ein dag. Når Stormen kjem skal sentrale demokratiske politikarar og andre skurkar i forteljinga arresterast, og dei skal stillast til rette, gjerne for militære domstolar. Kanskje vil dei bli avretta for sine grufulle brotsverk. Kanskje endt i fangenskap i Guantanamo Bay.

Det er riktigare å sjå på henne som eit offer for konspirasjonsteoriar

Ashli Babbitt mista livet under storminga av Capitol dagen etter. Filmsnuttar som verserer på nettet viser korleis ho prøver å klatra gjennom eit knust vindauge, inn til den såkalla Speaker´s Lobby, der kongressmedlemmer hadde teke tilflukt. Ho har på seg eit Make America Great Again-flagg som ei slags kappe. Eit skot ringer ut. Babbitt fell bakover, openbert alvorleg såra.

Det finst allereie dei som søkjer å framstilla henne som ein martyr.

Det er riktigare å sjå på henne som eit offer for konspirasjonsteoriar.

 

Dei menneskelege konspirasjonsteoriane

Dei to fortellingane, frå 1869 og 2021, har noko til felles: Nokre såg på konspirasjonsteoriar mest som ein slags humor, ei kjelde til underhaldning, anten det er gjennom klyp i armen eller lettbeinte podcastar. Nokre enda opp med å tru på idéar som må omtalast som relativt fantasifulle, men også som grunnleggjande prega av forteljingar om godt og vondt.

Pressa reagerer med ei blanding av fascinasjon og uro. Konspirasjonsteoretikarar vert gjerne framstilt som litt stakkarslege. Som dumme. Som simple.

Konspirasjonsteoretikarar vert gjerne framstilt som litt stakkarslege. Som dumme. Som simple

Også i møtet med konspirasjonsteoriar har me våre stereotypiar: ein av dei er den farlege ekstremisten, ein annan den sosiale kløna utan kontakt med røyndomen, den bleikfeite unge mannen i kjellarleiligheita, han som trur at ein hatt av aluminiumsfolie kan verna han mot strålinga myndigheitene nyttar seg av for å manipulera folk. Babbitt passar ikkje med naudsyn med nokon av dei stereotypiane, sjølv om Twitter-meldingane hennar tyder på at ho trudde på heilt vanvittige førestillingar, og sjølv om ho – som ein del av ein valdeleg demonstrasjon – freista å ta seg inn til folkevalde politikarar, neppe for å gje dei ein klem.

Sanninga er at konspirasjonsteoriar er menneskelege.

Og at frykt og uvisse er blant det som legg grunnlag for dei. Det gjeld i møte med plutselege kriser: terroråtak, naturkatastrofer, uventa dødsfall. Det gjeld også i møte med kriser som går føre seg over tid. Eit verdsomspennande sjukdomsutbrot bidreg til å gje konspirasjonsteoriar betre såjord, sjølv om det heller ikkje hjelper med sentrale politikarar som byggjer opp under dei, slik Donald Trump har gjort.

Uvisse om framtida, kjensler av framandgjering og raske, samfunnsmessige endringar kan alle stimulera konspirasjonstru. Dei kan alle aktivera den heilt alminnelege menneskelege tendensen til å sjå etter mønster, til å leita etter årsakssamanhangar, også der mønstra ikkje finst, også der årsakssamanhangane er fråverande.

Sanninga er at konspirasjonsteoriar er menneskelege. Og at frykt og uvisse er blant det som legg grunnlag for dei

I ein serie videoar kalt Fall of the Cabal fortel den nederlandske konspirasjonsteoretikaren Janet Ossebaard at Q påpeiker den skjulte krigen «for oss», men at «me Anons må gjera researchen, og det gjer me». Så legg ho til: «Som ein hær av digitale autistar set me strekar mellom punkta». I blant vert tendensen til å leita etter mønster sett i turbomodus.

Ein annan nederlendar, konspirasjonsteoriforskaren Jan-Willem van Prooijen peiker i boka The psychology of conspiracy theories¸ på at konspirasjonsteoriar også har røter i ein annan menneskeleg tendens: tendensen me som sosiale vesen har til å knyta oss til sosiale grupper, til å skapa eit «vi» og eit «dei».

Vidare understrekar han at konspirasjonsteoriar trivst best på dei politiske ytterkantane. Det er ikkje så overraskande. Det er der mistilliten til det etablerte er størst.

 

Ei samfunnskritisk tilnærming

«Korleis bekjempa konspirasjonsteoriar?», vert eg i blant spurt. Og det er freistande (og neppe feil) å svara som Morgenbladet gjorde i 1869. At pressa bør omtala dei, og samstundes visa kor ugrunna og meiningslause dei er. At lærarar bør syta for at skuleungdom får motstandskraft mot slikt.

Konspirasjonsteoretikarar sjølv ynskjer gjerne å framstå som samfunnskritikarar, i motsetnad til oss andre, som er for ein saueflokk – sheeple – å rekna. Men korleis ser ei samfunnskritisk tilnærming til konspirasjonsteoriar ut?

Å konfrontera dei er berre ein del av det.

Utan å avskrifta konspirasjonsteoretikarar som berre offer for omstenda, må me sjå korleis dei kan vera uttrykk for reelle samfunnsproblem

Me må også kjenna dei att som faresignal, som meir ein utslag for vanvidd – om det no måtte vera politisk eller apolitisk. Utan å avskrifta konspirasjonsteoretikarar som berre offer for omstenda, må me sjå korleis dei kan vera uttrykk for reelle samfunnsproblem.

Korleis skal me motverka tendensen til at folkevalde, medier og akademiar vert plassert i ein «dei»-kategori langt unna «vi»-kategorien? Kva skal til for å snu framtidspessimisme til framtidstru? Korleis skal me syta for at færre menneske opplever den avmakta som gjev konspirasjonsteoriar såjord? Korleis skal me motverka framandgjering? Det er spørsmåla me burde stilla.