Det siste året har dei rikaste i verda blitt rikare enn nokon gong. Det er ein trussel mot demokratiet.
Denne veka er den amerikanske presidenten, Donald Trump, ein av dei som skal til Davos for å få blest og kameraa retta mot seg. Dei han skal møte vil ha grunn til å takke han. For sidan Trump blei president for andre gong har dei superrike auka si eiga formue fortare enn vanleg. Det siste året auka formuane til dollarmilliardærar meir enn tre gongar så raskt som dei har gjort i snitt per år dei siste fem åra. Også dei siste fem åra har denne gruppa dratt raskt i frå resten av oss.
Kvart år, same veke som verdas rikaste møtes i Davos, pleier Oxfam å gi ut ein rapport om forskjellane i verda. Det gjer alltid inntrykk å lese desse rapportane, men årets rapport var verre enn vanleg.
Meir pengar gir meir politisk makt til nokon få, og det reduserer andre sin påverknad.
Ulikskapsveksten har sosiale konsekvensar. Pengane går til dei som allereie har meir enn nok til salt på maten i privatflya sine, mens ein av fire i verda slit med å ha nok mat til å ete seg mette, i følgje Oxfam.
Men konsekvensane er også politiske. For forskyving av pengar, i favør av ei gruppe, gjer også noko med maktbalansen i samfunnet. Meir pengar gir meir politisk makt til nokon få, og det reduserer andre sin påverknad. I årets rapport har bistandsorganisasjonen rekna på kor stor sjanse dollarmilliardærar har til å bli folkevalte, samanlikna med andre grupper. Dei finn at det er 4000 gongar så stor sjanse for at den priviligerte gruppa kjem i posisjon. I tillegg kan dei bruke pengane sine til å starte lobbykampanjar og påverke politikken på andre vis. Dei med aller mest kan kjøpe media våre, både tradisjonelle media og sosiale media.
Kvar dag er mange av oss i timesvis på telefonar der innhaldet er styrt av algoritmar vi ikkje kjenner. Innretninga på desse er kontrollert av eigarane av selskapa, som ikkje så tilfeldigvis også ofte er veldig rike. Eit reknestykke i årets rapport seier at verda kvar dag bruker tid tilsvarande 100 millionar år på sosiale media eigd av dollarmilliardærar – kvar einaste dag.
På eit tidspunkt blir dei rike så rike at demokratiet blir ein illusjon.
Makt er sånn at når nokon får meir, får andre mindre. Og politisk avmakt påverkar også samfunnet. Det gir frustrasjon og manglande tillit til at politikken kan gjere livet betre. På lang sikt gir det god grobunn for demagogar og autoritære krefter. Difor er denne globale utviklinga så alvorleg.
På eit tidspunkt blir dei rike så rike at demokratiet blir ein illusjon. I følgje Oxfam-rapporten har land med store forskjellar minst sju gongar så stor sjanse som andre land til å stå i ei utvikling der demokratiet blir svekka. Difor treng folkestyre over heile verda ein plan mot forskjellar som ein del av sin demokratiske beredskap. Det finst ei rekke tiltak som kan hjelpe – spreitt eigarskap av media, teknologi og sosiale medier, omfordelande skattar på høge formuar, regulering av marknader med mangelfull konkurranse og skrankar for bruk av pengar i politikken er nokon eksempel. Her vil det ikkje vere nok å gi meir til dei med minst – ein må også redusere pengesekken til dei med mest.
Det er eit symbol på samrøret som no finst mellom pengar og politikk i den amerikanske administrasjonen.
Onsdag skal Trump på talarstolen i Davos. Det er grunn til å tru at det blir nok ein rundt med mørke og bisarre overskrifter frå den mannen. Hans delegasjon vil halde til i «USA House», som har vore open for sponsing frå private aktørar. Her har selskap som Microsoft og McKinsey trått til med millionbeløp for å sponse dette huset. Det er eit symbol på samrøret som no finst mellom pengar og politikk i den amerikanske administrasjonen.
Noreg er ikkje landet med dei største problema knytt til forskjellar. Men dei er større enn mange trur også her. Difor treng også vi ein plan for å redusere ulikskap. Det kan vere eit viktig verkty for å bidra til at vi ikkje følgjer retninga som USA går i om dagen – mot oligarki og vind i segla for autoritære krefter. For det både Trump og Oxfam har vist oss er at det å halde forskjellane nede vil bli stadig viktigare for vår demokratiske beredskap.


Kommentarer