FOTO: Heiko Junge / NTB

Vi kan ikkje gløyme Afghanistan no

Noreg har eit spesielt ansvar for afghanarane, uavhengig av kva USA gjer.

Verdas verste land å leve i som kvinne. Ekstrem fattigdom og matmangel. Eit totalitært Taliban-regime. Tørr matjord. Øydeleggjande flaumar. Men ikkje lenger krig. Alt dette er sanningar om Afghanistan i 2025.

Samtidig er dette eit land vi høyrer stadig mindre om i norske offentlegheit. Mens dei nasjonale media tidleg på 2000-talet følgde krigen, kvinnenes situasjon og dei skiftande amerikanske krigsstrategiane, tett, er det no lite vi får høyre, sjølv om problema stadig er mange.

Skulle dei få gjennomslag for dette, ville det vere eit svik mot det afghanske folk.

Det er i denne konteksten også Noreg kuttar sin støtte til landet. For sjette år på rad er det føreslått å redusere langsiktige utviklingstiltak til Afghanistan. Senterpartiet har føreslått å kutte denne heilt i 2026. I fjor føreslo Frp å kutte 90 prosent av same post, og i skrivande stund har dei ikkje lagt fram sitt forslag for neste år. Skulle dei få gjennomslag for dette, ville det vere eit svik mot det afghanske folk.

I 20 år var norske soldatar på afghansk jord. Nokon av dei mista livet. Vi brukte over 30 milliardar kroner på å føre krig og gi bistand til landet. Måla var storslåtte, og eigentleg heilt urealistiske. Noreg skulle vere ein god og lojal alliert, bidra til å kjempe mot internasjonal terror og å bidra til å bygge ein demokratisk afghansk stat. To grundige evalueringar har vist at Noreg klarte å vere ein god alliert med USA, men særleg målet om å bygge ein demokratisk stat var vanskeleg. Så dårleg gjekk det siste at den siste rapporten, som nyleg kom om såg på Noregs innsats i Afghanistan sidan 2015, har fått den talande tittelen Nederlaget.

På same måte som at alt for store bistandsstraumar inn i eit land utan god fagleg styring er eit problem, er det også djupt problematisk å berre kutte store mengder med bistand brått.

No er altså soldatane frå USA og Noreg ute av landet. Våre blikk er retta andre stadar på kloden. Og Taliban er tilbake på den afghanske trona. Det afghanske folk, og særleg den kvinnelege delen, er isolert, på mange vis. Då er det også lett å bli gløymt.

Samtidig som krigen er ferdig, har landet fått massive bistandskutt. Amerikanske Donald Trump har kutta omtrent all hjelp. I praksis betyr dette at halvparten av bistanden til landet forsvann over natta. Det får store konsekvensar i eit land som har vore tungt bistandsavhengig. Så seint som i 2018 kom 80 prosent av inntektene til landet frå bistand. Det er på ingen måte ideelt.

Afghanistan-utvalet kritiserer den norske bistanden til landet for å ha kome utan ein klar plan for dei, med for lite evaluering undervegs og med ei tett kopling til militære mål. I periodar var pengestraumane inn så store at det forsterka problema med korrupsjon. Det gav mindre tillit mellom innbyggarar og styresmakter. Og samanblandinga mellom bistand og tryggingspolitikk «kan stå i motsetning til ideelle, solidariske motiver», skriv dei.

Halvparten av befolkninga i Afghanistan er no avhengig av humanitær hjelp.

Men på same måte som at alt for store bistandsstraumar inn i eit land utan god fagleg styring er eit problem, er det også djupt problematisk å berre kutte store mengder med bistand brått. Det rammar den jamne afghanars liv. Førre veke fekk vi høyre at 22 millionar menneske vil døy globalt innan 2030 som følgje av den siste tidas amerikanske og europeiske bistandskutt. Afghanistan er eit av dei landa som blir hardt ramma her.

Den norske bistanden til Afghanistan har også hatt ein positiv effekt. Fleire jenter og kvinner fekk tilgang på utdaning. Barnedøydelegheita gjekk ned. Levealderen gjekk opp. Alle skulane Noreg bidro til å bygge er stadig i bruk, også for jenter opp til sjuande klasse. Men vi har på ingen måte full oversikt over kva pengane har ført til av konsekvensar. Hadde vi hatt fleire evalueringar undervegs, kunne vi visst meir om dei konkrete effektane av dei norske bistandsmidla.

Når Noreg gir denne typen bistand til Afghanistan, er det ikkje direkte til det afghanske Taliban-regimet. Det slutta ein med så fort dei kom tilbake i posisjon. Derimot er det ei rekke andre aktørar, som sivilsamfunn og FN-organisasjonar, som stadig er i landet og gjer eit viktig arbeid for mattryggleik, for helse og meir langsiktig utvikling.

Det er no, når soldatane har reist og folk står igjen med eit hardt og brutalt autoritært regime, vi kan vise at vi også var i Afghanistan fordi vi var opptekne av landets skjebne.

Halvparten av befolkninga i Afghanistan er no avhengig av humanitær hjelp. Menneskerettssituasjonen er vanskeleg. Og det er særleg langsiktig bistand, som kan bidra til at situasjonen kan bli betre på sikt, som er redusert. I praksis tvinger dette folk på flukt, og det gir håplausheit og ustabilitet.

I haust har stortingsfleirtalet sjansen til å vise at norsk bistand til Afghanistan handlar om meir enn tryggleik og alliansepolitikk, men at det også handlar om å fordele pengar til nokon av dei mest utsette folka i verda. For det er no, når soldatane har reist og folk står igjen med eit hardt og brutalt autoritært regime, vi kan vise at vi også var i Afghanistan fordi vi var opptekne av landets skjebne. Det styrkar truverda til norsk bistand om vi står opp for å bruke pengar der vi meiner det er fagleg rett og solidarisk viktig å bruke dei, heilt uavhengig av kva amerikanarane måtte meine.

Nyhetsbrev Agenda Magasin