No må mediene vere kritiske til kva dei sett på trykk ukommentert.
Dei siste vekene har det skjedd mykje i amerikansk utanrikspolitikk. Landet har fått ein ny tryggleiksstrategi, dei har gått til krig i Nigeria, gjennomført ein intervensjon mot Venezuela og kidnappa president Maduro, trua om å ta over Grønland og kome med truslar mot Cuba og Colombia. I dei få dagane som har gått etter at amerikanarane sa at dei no skal styre Venezuela, har media vore overfylt av saker om dette.
Vi har sett fleire eksempel at eit trumpsk verkelegheitsbilete har blitt gjengitt skeivt dei siste dagane.
Når verda endrar seg i denne farta, er det ekstra vanskeleg å henge med i svingane. Vi står i stor fare for å bli lurt eller få eit feilaktig bilete frå ein administrasjon som er meistrar i å sende ut store mengdar, ofte sjølvmotstridande, informasjon og villeie. Det stiller ekstra krav til norske medier om å vere kritiske.
Noreg har mange dyktige utanriksjournalistar og ekspertar. Mange av dei har gitt oss gode analysar. Det er veldig bra. Likevel har det vore fleire eksempel på at det trumpske verkelegheitsbiletet har fått sive ukritisk gjennom norske mediekanalar. Blir dei vidareformidla utan vidare kontekst eller korreksjon frå norske medier, risikerer vi alle å bli både offer og talerøyr for Trump-regimets propagandakanalar. Vi har sett fleire eksempel at eit trumpsk verkelegheitsbilete har blitt gjengitt skeivt dei siste dagane:
- At Maduro blei arrestert
Åtaket på Venezuela har mange dimensjonar. Det er eit klart folkerettsbrot, har ført til at mange sivile har mista livet og det er ei ny vending i amerikansk utanrikspolitikk. Åtaket skjedde på eit autoritært land, med lite reelt demokrati, som samtidig sit på store oljeressursar som er av stor interesse for USA. Vi er mange som vil forstå, og som leiter etter forklaringar på dei siste dagars handlingar. Men det er fleire eksempel på at direkte gjengiving av det amerikanarane seier ikkje gjer oss så mykje klokare.
Ingen stad i faktaboksen var det vist til at denne amerikanske intervensjonen var i strid med folkeretten.
NRK skreiv for eksempel 3. januar at «Venezuelas president Nicolás Maduro ble arrestert av amerikanske styrker i sitt hjem og fraktet til USA». VG skreiv også 4. januar at Maduro og kona er «arrestert». Men er det eigentleg arrestasjon, når eit land går inn i eit anna land og tar med seg presidenten ut av landet ved bruk av tvang? Kidnapping er nok eit meir presist omgrep.
I NRK-saka var ein AI-generert faktaboks, godkjent av NRKs journalistar, som gjenga den amerikanske versjonen av saka. Her blei det vist til at Maduro var tiltalt for «narkoterrorisme» (forøvrig eit ganske nytt og problematisk omgrep), kokainimport og «andre lovbrot». Ingen stad i faktaboksen var det vist til at denne amerikanske intervensjonen var i strid med folkeretten. Ein lesar som ikkje veit at land A ikkje kan gå inn i eit land B, og hente ut statsleiaren med makt på grunn av lovbrot i land A, kan jo her lett tenkte at det høyrest ut som om det er legitimt å arrestere denne statsleiaren, fordi narkotikaimport er dumt.
Lenger ned i saka kjem fleire av nyansane fram, men lesarar med dårleg tid, som brukte starten av saka – tittel, ingress og faktaboks – på å få oversikt, blir fort sitjande igjen med ein versjon av denne nyheita som er ganske lik det amerikanarane vil ha fram.
- At kampen mot narkotika er hovudmotivasjonen bak USAs politikk mot Venezuela
Trump-regimet har argumentert med utgangspunkt i at bakteppet for kidnappinga av Maduro er narkotikakriminalitet og såkalla «narkoterrorisme». Allereie i 2020 blei Maduro tiltalt av Trump-regimet for å leie noko som blir kalla «Sol-kartellet», som i følgje amerikanarane er eit narkotikakartell, som i følgje andre ekspertar meir er ei uformell gruppe korrupte tenestemenn og kriminelle gjengar i landet, som har bidratt til å finansiere Maduro-regimet. Det har vore vanskeleg å dokumentere at Maduro leier denne gruppa, eller at det er ei gruppe som driv med terrorisme, som dei blei anklaga for i november 2025. Likevel blir desse amerikanske anklagane ofte gjengitt i norske medier, utan nærmare kontekst eller nyansar.
I månadane før åtaket på Venezuela, blei over hundre personar tatt livet av på båtar langs kysten av landet, igjen på grunn av narkotikasmugling, i følgje amerikanske talepunkt. Dette var amerikanske utanomrettslege henrettingar av folk, som aldri fekk si sak prøvd i noka rettssystem. Likevel er det ei rekke norske nyheitssaker som einsidig refererer til den amerikanske argumentasjonen rundt at dette handlar om narkotika, utan ytterlegare nyansar.
- Lite fokus på sivile tap i Venezuela det fyrste døgnet
Den amerikanske invervensjonen av Venezuela var ei veldig fysisk, synleg handling. I hovudstaden Caracas kunne ein høyre ei rekke eksplosjonar, og heilt vanlege innbyggarar blei ramma av åtaket. Likevel var det lite fokus på dei sivile tapa i media det fyrste døgnet. Det er vanskeleg å sjå føre seg at det ikkje hadde vore eit sterkare fokus på den menneskelege dimensjonen av desse krigshandlingane om bombing og helikopter hadde inntatt New York eller København.
Venezuelanske innbyggarar er like mykje vanlege folk som amerikanske innbyggarar,
Kommentatorar har gitt ros til den taktiske gjennomføringa av åtaket. Janne Haaland Matlary skriv for eksempel i DN 5. januar om det ho kallar «operasjonen» at «militært sett var den imponerende. (…) Total suksess i gjennomføringen, ingen amerikanske liv tapt.»
Fleire titals personar mista livet i angrepet på Caracas, men det tok tid. Enno har vi ikkje dei samla tala. Men venezuelanske innbyggarar er like mykje vanlege folk som amerikanske innbyggarar, og dei fortener like mykje omtanke. Det er difor både rart å kalle eit sånt åtak, som drepte heilt uskyldige sivile som tilfeldigvis budde i eit autoritært land, for «total suksess».
Så kva bør media gjere?
I dagane framover vil det sannsynlegvis stadig kome eit lass av amerikanske påstandar og nye grep, og vi vil fortsetje å kave med å forstå sant og usant. Her må vi lære raskt – for kvar dag som går blir det meir og meir problematisk å gjengi talepunkt frå det amerikanske regimet utan å ha med korrigerande og nyanserande kommentarar. Alternativet er å bli ein del av Trumps propagandaapparat.


Kommentarer