FOTO: FromSandToGlass/Flickr cc

I hijab opp kyrkjegolvet

Mot norsk bryllaupsskikk bleiknar hijaben som kvinneundertrykkande symbol.

Som moderne norsk mann kan eg styre min entusiasme for hijaben. Ein ser lett at plagget har opphav i kvinneundertrykkande kultur. Likevel er det rom for tilleggsspørsmål: Kva så? Kan vi ut frå historia til plagget på hovudet konkludere på kva som er inni hovudet? For å svare kan det vere nyttig å skjele til ein kjent, norsketnisk bryllaupsskikk med langt tydelegare, sexistisk symbolikk: Fars føring av brura opp kyrkjegolvet.

Førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark, Herleik Baklid, har forska på norske bryllaupsskikkar og kan fortelje at dette ikkje var så utbreidd før, men noko som oppstod i det gamle byborgarskapet. Vi snakkar altså om «Et dukkehjem»-verda her, ikkje bondesamfunna. Då mor mi frå Jæren og far min frå Nordfjord gifta seg i 1964, var det aldri snakk om anna enn at det var dei to som skulle gå saman opp golvet i Klepp kyrkje.

Det skulle då òg berre mangle. Den dagen var det dei to som var hovudpersonane. Den dagen var det deira løfte til kvarandre som var hovudsaka.

Vi gjorde det sånn fordi det er normal, hyggeleg tradisjon.

Overdraging av eigedom
Skikken med pappas plass i seremonien representerer ei anna forteljing. Den om overdraging av eigedom. Den gifteklare brura har vakse opp frå lita jente til ung kvinne som pappas eigedom. No er det høgtideleg overrekkingsseremoni. Den nye eigaren – han som nokre små minutt seinare har blitt hennar ektemann – har ansvaret frå no av og livet ut.

Rett nok har alle mannlege medlemmar i den nye familien eit felles ansvar for å passe på denne eigedomen. På nettstaden bryllupsvenner.no finn du sida «17 gode bryllupstradisjoner», og under punkt 1 kjem det mannlege fellesansvaret tydeleg fram: «Om brudens far ikke kan være tilstede, er det oftest en bror, en onkel eller et annet nært mannlig familiemedlem som følger henne opp kirkegulvet til der brudgommen står og venter.»

Lesarar som sjølve har gifta seg på denne måten kan kjenne seg provosert av framstillinga. Ikkje fordi det er tvil om opphavet til skikken og det han symboliserer, men fordi ingen legg dette i han: «Vi tenkte jo aldri sånn. Vi gjorde det sånn fordi det er normal, hyggeleg tradisjon. Ikkje for å understreke at vi er underdanige mannen!»

Nettopp.

Julekveldseffekten
På NRK Ytring 1. februar skildrar Laial Ayoub gripande korleis den norske kvardagen i seinare tid har blitt hardare og kaldare for henne og dottera. Eit kommentarfelt på 600 innlegg stadfestar det ho skriv, og hetsing av hennar hijabbruk går igjen.

Skjermbilde 2016-02-16 kl. 12.01.49
Faksimile fra NRK Ytring, 1. februar 2016.

Årsakene til Ayoub og dottera sine utrivelege opplevingar, og den illustrerande tråden, er sjølvsagt mange og samansette. Vi bør likevel ikkje undervurdere det faktum at det var julekveld for knappe to månader sidan. I samband med feiringa av Jesu fødsel med bod om fred på jord, kunne mange tusen nordmenn pakke opp boka «Islam – den 11. landeplage» av Hege Storhaug. Med 12. opplag var salstalet 43.000, no er 13. opplag ute i hyllene. Det kan sikkert seiast mykje bra om Storhaug, men nemneverdig avslappa er ho ikkje på dette feltet. I hennar trugande verd må hijabbrukarane sjåast som vandrande propagandaplakatar for kvinneundertrykking, og lite anna.

For Malala er det berre sånn ein kler seg.

Vi ser det som sjølvsagt at norske kvinner som vel å gifte seg i kyrkja med faderleg følgje til alteret, ikkje gjer det av andre grunnar enn tradisjon. Kva med å vere opne for at det finst muslimar som reflekterer like lite over hijaben? Når Malala hamrar inn bodskapen om jentenes sjølvsagte rett til utdanning, så klarer ikkje eg å sjå at ho bevisst ønskjer å sende ein jenteundertrykkande bodskap gjennom hijabbruken sin. Og når eg på 37-bussen gjennom Grønland, Oslo, observerer fjortisar i energisk «ogjegbare-hallo-serr?»-babling, er hijabjentene like sjølvhevdande som gutane i gjengen, eller som veninnene med flagrande hår.

Slapp av litt
For mange er det rett og slett ikkje «eg vil signalisere undertrykt» som er greia. For Malala er det berre sånn ein kler seg. For jenter i Oslo som har teke meir aktive val, vil eg tru det handlar om identitetsutfordringar, kjenne tryggleik ved å høyre til ei gruppe, eventuelt til ein religion. Ein religion dei ikkje tolkar ut frå skriftstader Storhaug og Pegida-Max har plukka ut for dei, men ut frå eigne behov i liv og kvardag. Slik kristne har gjort til alle tider. (Det er, trass alt, ikkje alle kristne som er pasifistar (Matt. 5:38-39), tek avstand frå jaget etter rikdom (Lukas 18:25) eller lever som kommunistar (Apg. 2:44-45, Apg. 4:32) – av det kompromisslause slaget (Apg. 5:1-5)).

Derfor er det lov å vere hyggeleg mot kvarandre.

Sjølv er eg ingen stor fan av verken hijab eller den nemnte bryllaupsskikken, men eg ser ikkje grunn til at ein skal kave seg så valdsamt opp over nokon av delane. I hissigare kommentarfelt enn her, hadde nok protestane blitt sterke. Nokon ville ha peikt på nyansefeil i samanlikninga, som ulik grad av familiepress. Og mange ville ha vore sinte. Som dei òg kan bli når dei tek eigne tenåringsdøtrer på farten ut døra med for altfor korte skjørt, gjennomsiktige toppar eller djupe utringingar.

Vi har trass alt ein del felles, vi menneske. Derfor er det lov å vere hyggeleg mot kvarandre. Og det er lov å slappe av litt.

Amagasin_mandag_hvit 3