FOTO: Twentieth Century Fox

Love, Simon

Love, Simon er ein annleis feelgood-film om identitet.

Kjærleikshistorier er kanskje like gamle som forteljarkunsten. Kjærleik har vore tema for mang ein Hollywood-film før. Vi har vel alle hatt våre nervar og usikkerheit knytt til kjærleik. Vi har vel alle slitt i kjærleikslivet. Og vi har vel alle hatt spørsmål knytt til vår identitet oppi det heile. Men kjærleiks-  og identitetsfilmen Love, Simon er ikkje i Romeo og Julie-stil, der kjærleiken er forboden pga. rivaliserande familiar. Denne kjærleiken er vanskeleg – fordi den er ein løyndom. Men mest av alt er Love, Simon ein feelgood-film som handlar om identitet, og framstår for meg som ei kryssing mellom Fucking Åmol og Clueless (filmen, ikkje serien).

Homofili møter framleis motstand

I år er det 25 år sidan partnarskapslova vart innført i Noreg, men framleis vert homofile utsett for hatkriminalitet – både her i landet og (kanskje enno meir) i andre land. Det er med andre ord aldri feil å få tematikken inn i populærkulturen. Og denne gongen er det i form av ein feelgood-film, ikkje berre eit enormt alvorsunivers. I Love, Simon møter vi Simon Spier, ein 17-år gamal high schol-elev med bil og verdas beste familie. Han framstiller seg sjølv som heilt vanleg – nett som oss alle. Med unntak av ein løyndom. Han seier ikkje i opningsscena kva denne løyndomen er – men vi veit jo det. Han liker menn.

Det er eit eksistensielt alvor over det heile. Men det er alltid ein feelgood film

På ein anonym nettstad tilknytt skulen Simon går på, dukkar det opp eit anonymt innlegg frå ein person som seiar han er homofil (gay). Og etter litt ettertanke, tar Simon kontakt – frå ein anonym e-postadresse, for å snakke med denne guten som tydelegvis gjennomgår same ting som han sjølv. Den andre personen kallar seg Blue, Simon skriv under e-posten som Jacques.

Sosiale media

Filmen tar også opp bruk av sosiale media, gjennom denne nettstaden der Simon aka Jacques møter Blue, og problematikk rundt å kunne vere anonym slike stader. Ein kan ende med å sitje med makt over andre sine liv. Det utviklar seg raskt ein sterk relasjon mellom Jacques og Blue, sjølv om Simon som sit og dirrar av forventing på neste svar, ikkje veit kven den andre personen er. Narrativen vert lagt fram for publikum dels som kronologisk komedie/tragedie, dels som ei dagbokform i e-postutvekslinga mellom Jacques og Blue. Det er eit eksistensielt alvor over det heile. Men det er alltid ein feelgood film.

Vil han kjenne seg annleis når han opnar døra og går ut av skapet?

Ein klassekamerat  av Simon kjem plutseleg over dei anonyme e-postutvekslingane, og brukar det han har lese til å presse Simon til å hjelpe han å få jenta han sjølv er forelska i. Dette utviklar seg snart til å verta eit humorfylt drama utan like, der ein saman med tårene og latteren har litt nervar i magen. Finn Simon ut kven denne Blue er? Korleis går det med det potensielle trekantdrama som speler seg ut i den utvida venegjengen? Kva vil familien seie om/når dei finn ut at Simon er homofil? Og vil Simon nokon gong få møte Blue?

Å verta sett på som annleis

Filmen har det meste. Ein god story, med eit særdeles viktig tema. Gode rollefigurar. Fine og harmoniske fargar i godt komponerte scenebilete. Latter og torer. Det viktigaste med forteljinga, slik eg ser det, er det store fokuset på at det ikkje er sjølve skammen Simon ser ut til å vere redd for. Han er redd for å verta sett på som annleis – ikkje fordi homofili er feil, han trur jo at vener og familie vil akseptere dette. Og kanskje litt om korleis han sjølv vil tenkje om seg sjølv – vil han kjenne seg annleis når han opnar døra og går ut av skapet?

Og ja, det er lov å gråte undervegs!

Dette er ein annleis feelgood-film. Det er ei annleis forteljing om homofili og å kome ut av skapet. Det er ein annleis high-school-film. Og den er annleis på ein viktig måte. Den set presedens for at vi frametter kan byrje å jobbe med å ta vare på identiteten til dei som lurar på sin legning. Som Simon sa – han skulle ynskje ikkje berre homofile måtte ta praten og stå fram og seie «eg er homofil». Kanskje vi skal tenkje at heterofile også burde gjere dette? Kanskje det er meir identitetsspørsmåla enn homofili som tabu, som er redsla mange kjenner på i dag?

Love, Simon er ein tenåringsfilm, men eg vil anbefale alle å sjå han. Og ja, det er lov å gråte undervegs!