I mai kan Marine Le Pen vere vinnaren av det franske valet uansett om ho blir vald til president eller ikkje. Vi bør alle ta oss god tid til å studere denne utradisjonelle høgrepopulisten.
I april går franskmennene til val. Det har lenge vore klart at det høgrepopulistiske partiet Front National (FN) vil spele ei av dei viktigaste rollene i dette valet. Hovudpersonen heiter Marine Le Pen. Sjølv om vi i Norge les mykje om henne i spaltene, er det mykje dei fleste av oss ikkje veit om henne.
Det har journalistane Elin Sørsdahl og Alf Ole Ask gjort eit solid forsøk på å rette opp i, gjennom boka Marine Le Pen og høyrepopulismen i Europa. Det er ei ambisiøs og høgst interessant bok dei to erfarne utanriksjournalistane har skrive. Boka må kunne seiast å gje eit godt og nyansert bilete av personen Le Pen, partiet Front National og kva som står på spel i det franske presidentvalet.
Eg skulle gjerne ha lest endå meir om utfordringane i det franske samfunnet.
Forfattarane brukar sin eigen spesielle tilknyting til Frankrike som anker for prosjektet dei presenterer. Ikkje berre har dei over mange år dekka europeisk, amerikansk og fransk politikk, men dei brukar erfaringane frå sitt eige fritidshus i Sør-Frankrike som ein raud tråd gjennom forteljinga om det franske presidentvalet i 2017.
Spesielt godt kjend blir vi med den lokale innehavaren av eit creperie som fortel inngåande om kvifor han ved dette valet kjem til å stemme på Front National. Han fortel at det handlar om å gje dei etablerte politikarane eit spark i rumpa.
Det er eit godt prosjekt å la norske lesarar bli introdusert for dei viktige forklaringane bak valet til den mektigaste posisjonen i Europa. Boka vekslar mellom å la oss bli betre kjend med enkelthistoriene – både vanlege veljarar frå den franske landsbygda, men også dei meir sentrale medarbeidarane i staben rundt Le Pen – til dei meir forklarande delane som introduserer oss for alle dei interessante spørsmåla som gjer Front National så interessante ved det franske presidentvalet i 2017.
Historia om Le Pen er høgst interessant, noko Sørsdahl og Ask klarar å formidle godt. Sjølv om høgrepopulismen som politisk ideologi og verkemiddel aldri vil bli akseptabel i augene til dei fleste av oss, gir det ei viss forståing å lese historia om Le Pen.
Ho vart på mange måtar fødd inn i politikken, gjennom å vere dotter til partihøvdingen i Front National gjennom 40 år, Jean-Marie Le Pen. Allereie som barn opplevde ho og familien å overleve eit bombeattentat mot familieheimen på grunn av den kontroversielle posisjonen far hennar hadde. Forholdet mellom far og dotter Le Pen er i og for seg verd fleire bøker åleine.
Sørsdahl og Ask fortel interessant og godt.
Det er også interessant å lese om korleis Le Pen og Front National brukte det utarma, industridøydde og arbeidsledige Nord-Frankrike som eit laboratorium for hennar politiske karriere. Det var den lille byen i Calais-regionen, Hénin-Beaumont, partistrategane valde ut for Le Pen. Utan noko tilknyting til byen frå før var det her ho skulle skape si politiske karriere frå. Underteikna var faktisk i denne byen medan boka blei lest – og inntrykka stemte godt overeins med det som Sørsdahl og Ask presenterte: Tomme butikklokale, stengte restaurantar, ein god del sosial elendigheit og rusten industri.
Sørsdahl og Ask fortel interessant og godt. Likevel kunne det nok vore fleire kjelder på eksempelvis dei biografiske delane om Le Pen. Eit anna problem er at forfattarane ofte gjentar seg sjølv. Det er i og for seg ikkje eit problem, men når omgrep og personar fleire gonger etter kvarandre blir presentert og introdusert for lesaren som om det er første gong, blir det litt slitsamt å lese. Det er likevel til å leve med, fordi ein lærer mykje interessant når ein les Marine Le Pen og høyrepopulismen i Europa.
Vi blir introdusert til omgrepet préférence nationale, som betyr at dei som bur i landet skal ha forrang når det gjeld velferdstenester. Franske velferdstenester for franskmenn. Dette prinsippet og sterke skiljet mellom etniske franskmenn og resten, er viktig i valkampanjen som Le Pen og Front National no køyrer.
Le Pen har sagt ho ikkje kjenner seg igjen i biletet som blir skapt.
Kanskje heng dette saman med eit anna omgrep vi blir introdusert for, nemleg les identitaires eller den identitære rørsla. Desse er grupper i Frankrike som argumenterer for at etniske europearar bør bevare sin kultur og utvikle seg innanfor si eiga folkegruppe. Dei er sterke motstandarar mot ikkje-europeisk innvandring og forsvarar av «den kvite europeiske rasen».
Dette er ein særs interessant debatt i Frankrike no, ettersom ein mykje omtalt film ved namn Chez nous hadde premiere på franske kinoar førre veke. Tittelen på engelsk er This is our land. Her presenterer filmskapar Lucas Belvaux eit fiktivt parti ved namn Bloc Patrotique, som er til forveksling likt Le Pens Front National.
I filmen blir vi kjend med sjukepleiar og åleinemor Pauline, som verkeleg slit seg ut for å få livet til å gå opp. Ho har den gamle far sin buande heime med seg og dei to borna sine. Vi blir kjend med henne som ei liberal og ordinær kvinne midt i tidsklemma. Då ho ein dag blir introdusert for nokre av dei aktive støttespelarane for Bloc Patriotique, blir ho etter kvart overtydd om å stille til val for partiet i den vesle landsbyen sin i Calais-regionen i Nord-Frankrike.
Ho blir også introdusert for ein karismatisk kvinneskikkelse med blondt hår som til forveksling minner om den verkelege Le Pen, som i filmen kallast Agnès Dorgelle. Det er ingen tvil om at filmskaparen har prøvd å portrettere FN-leiaren. Det er for mange overtydelege assosiasjonar som skapast undervegs til at noko anna kan vere tilfelle.
Vi får god innføring i korleis Le Pen har jobba målretta og hardt med å reinvaske Front National.
Poenget er at rollefiguren Pauline etter kvart forelskar seg i ein som høyrer til i den identiære rørsla i byen der ho bur, nynazisten Stéphane Stankowiak. Dette blir eit problem for partiet som verkeleg gjer alt det kan for å ikkje ha band til slike ytterleggåande element. I den identitære rørsla flyt det over av våpen og ved fleire høve er gruppa ute på tokt for å ta og jage innvandrarar og romfolk.
Ein representant for det høgrepopulistiske partiet i filmen, Philippe Berthier, henvender seg til Stéphane og seier følgande: «Du må endre strategi og slutte med vald, men vi har same mål». Målet er å bli kvitt innvandrarane, romfolket og andre «fiendar» av Frankrike. Frankrike for franskmenn. Filmen har skapt mykje debatt i Frankrike, og Le Pen har sagt ho ikkje kjenner seg igjen i biletet som blir skapt.
I boka til Sørsdahl og Ask får vi god innføring i korleis Le Pen har jobba målretta og hardt med å reinvaske Front National etter at Jean-Marie Le Pen over fleire tiår hadde sementert partiet som ei reaksjonær, antisemittisk og ekstrem protestrørsle.
Trass i at Le Pen har gjort mykje for å rydde ekstreme element ut av Front National sine rekker, viser Sørsdahl og Ask i boka si til den symbiosen som framleis eksisterer mellom Front National og den identiære rørsla i Frankrike. Fleire aktive frå organisasjonane Bloc Identitaire og Génération Identitaire har fått sentrale posisjonar i Le Pens valkamp.
Vi får lese om korleis dei høgrepopulistiske strømmingane også i Frankrike har blitt møtt med isolasjon som metode – ein metode som ser ut til å fungere i mindre og mindre grad. I Frankrike kallar dei det front républicain når dei etablerte partia samlar seg mot FN for å halde høgrepopulistane utanfor maktens korridorar.
Ein kan spørje seg om det franske valsystemet bidreg til å gi høgrepopulistane meir vatn på mølla.
Til no har dette fungert, for eksempel ved at franske konservative stemmer på sosialistane sin kandidat i lokal- og regionval der den konservative kandidaten ser ut til å tape. Alt for å unngå Front National. På grunn av at det franske valsystemet er lagt opp slik at dei to beste kandidatane frå første valomgang går vidare til ein andre og avgjerande valomgang, er dette eit utbreidd fenomen. Mange spår at det er dette som atter ein gong vil stoppe Front National i presidentvalet dersom Le Pen skulle nå andre valomgang. I lengda kan ein jo spørje seg om dette ikkje berre bidreg til å gi høgrepopulistane meir vatn på mølla.
Sjølv om det etter Brexit og valet av Donald Trump som amerikansk president har blitt populært å sei at vi ikkje kan spå om framtida, er det nokså sikkert at Le Pen og Front National ikkje vinn det franske presidentvalet. Likevel vil det vere ein så stor siger for dei franske høgrepopulistane å kome vidare til andre runde i det franske valet at det vil bli sett på som ein mellombels siger. Kva som skjer om 10 eller 20 år er det ingen av oss som veit.
Viss noko skal nemnast til slutt må det vere at forfattarane burde bestemt seg for å prioritere hardare mellom høgrepopulistane i Europa og USA på den eine sida og Le Pen og Front National på den andre. Eg skulle gjerne ha lest endå meir om utfordringane i det franske samfunnet og det franske valet enn om Gert Wilders, Donald Trump og andre høgrepopulistar som får meir preg av lett overflatebehandling.
Uansett er Marine Le Pen og høyrepopulismen i Europa ei bok som dei fleste av oss som interesserer oss for Frankrike og Europas politiske framtid bør ta oss tid til å lese.
Kommentarer